Spor i vatn
Du leitar etter kvinna sine spor gjennom tidene.
Leit i vatnet.

Leit i alle tårer som har rent frå tålmodige auge,
frå fortvila auge, frå oppgitte og trassige auge,
ja, frå hatefulle så vel som elskande auge.

Leit i alt vatnet
som har rent gjennom hendene hennar
når klæde vart tvetta i vaskestampane,
brukt på ny
og tvetta i stampane om att og om att.
Leit i alle vassbøttene ho bar i åket.

Leit etter spora i alle oppvaskbaljene,
i alle golvvaskbyttene.
Leit i vatnet ved alle skyllesteinane
ved elvar og grøfter.

Ja, leit i vatnet
som har rent gjennom hendene hennar
- kanskje finn du ditt eige anlet.

Kari Bakke