Ambjørg Sælthun. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Ambjørg Sælthun. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

Sp logoAmbjørg Sælthun (1922-2012) var fødd i Ål i Buskerud. Etter realskule, husmorskule og sjukepleieutdanning gifte ho seg og flytte til Lærdal i 1945.  Ambjørg var den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane. Ho møtte på Stortinget frå 1969 til 1985, dei fire fyrste åra som vara. Samstundes sat ho i kommunestyret i Lærdal frå 1971 til 1975. Ambjørg engasjerte seg for folkehøgskulane, ho var oppteken av vilkåra til sjukepleiarane og var ein av dei fyrste som tok til orde for omsorgslønn. Ho stod bak ein større tverrpolitisk kvinneaksjonen mot pornografi på slutten av 1970-tallet. Ambjørg Sælthun fekk i 2008 kongens fortenestemedalje i gull.