Fylkesmann Anne Karin Hamre. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmann Anne Karin Hamre. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I jubileumsåret for 100 år med allmenn stemmerett kan Sogn og Fjordane skilta med tre kvinner på makttoppen. Den historiske trioen skreiv seg inn i den administrative og politiske historia i fylket i 2011 og viser at kvinner både kan og vil delta i samfunnsforminga. Dei gløder for fylket sitt og held samarbeidsfana høgt.

Anne Karin Hamre (1965-) kjem frå Leikanger, no busett i Sogndal. Sommaren 2011 vart Anne Karin utnemnd til statens fremste representant i fylket, som fyrste kvinne i Sogn og Fjordane og den yngste i landet.

Anne Karin er utdanna statsvitar og har arbeidd hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sidan 1998, som administrasjonssjef og assisterande fylkesmann. Anne Karin har elles bakgrunn frå media, Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er ein av dei få fylkesmennene i landet som ikkje har vore stortingspolitikar.

Det skulle gå 248 år før den fyrste kvinna vart fylkesmann i Sogn og Fjordane. I år kan vi feira både den kvinnelege stemmeretten og 250 år som eige fylke med ei kvinne som fylkesmann. Anne Karin tykkjer jobben er spanande, fylket likeins, men at yrkestittelen er noko forelda og er ikkje framand for tittelen fylkeskvinne.

Anne Karin ser det som viktig med fleire kvinnelege leiarar for å inspirera andre kvinner til å ta leiarstillingar og verv. Ho peikar på at samfunnet taper på at det er for få kvinner i leiarposisjonar. – Vitet er truleg best samla i ei leiargruppe med kjønnsbalanse, seier ho og trur at kjønn spelar mindre rolle enn personlegdom og bakgrunn når det gjeld den einskilde sin leiarstil.

Ho håpar at kvinneleg fylkesordførar og kvinneleg fylkesmann kan føre til fleire kvinner i leiarposisjonar.