Fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Foto: Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Foto: Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Lisens: Creative Commons Namngjeving-Ikkjekommersiell-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens

I jubileumsåret for 100 år med allmenn stemmerett kan Sogn og Fjordane skilta med tre kvinner på makttoppen. Den historiske trioen skreiv seg inn i den administrative og politiske historia i fylket i 2011 og viser at kvinner både kan og vil delta i samfunnsforminga. Dei gløder for fylket sitt og held samarbeidsfana høgt.

Åshild Kjelsnes ( 1957-) er fødd i Florø, oppvaksen i Årdal og busett i Florø. Ho er politikar for AP. I tillegg til kontorfagleg utdanning, har ho studert leiing ved Kvinneuniversitet og arbeidd ved Fylkessjukehuset i Florø. Åshild er dobbel historisk i fylkespolititikken i Sogn og Fjordane. I 2009 vart ho vald til fylkesvaraordførar, som fyrste kvinne. To år seinare vart ho igjen historisk, no som fylkets fyrste kvinnelege fylkesordførar, den fremste politiske posisjonen i fylket.
Åshild vart tidleg samfunnsengasjert, men fyrst i 1981 starta den politiske løpebana som 30 år seinare skulle føra henne til topps i fylkespolitikken. Steg for steg har ho gått den politiske vegen, fyrst bystyret i Flora, 1987-1991, og deretter fylkestinget frå 1992.

Som fylkespolitikar har ho sett trafikktryggleik og ikkje minst rassikring på den politiske dagsorden, både regionalt og nasjonalt. Som fylkesordførarar har ho teke med seg dette utvida folkehelseaspektet inn i arbeidet med å gjera fylket attraktivt som bu- og arbeidsområde. Synleggjering av fylkets kvalitetar og overføring av sentralisert makt er hovudmåla.

-Det var på høg tid med ein kvinneleg fylkesordførar, seier Åshild, som kjenner litt ekstra på at ho er fyrste kvinna i denne rolla i Sogn og Fjordane og ei av fem på landsplan. Ho ser det som viktig å vere ein god rollemodell og bruka posisjonen sin til å vise veg og inspirera andre kvinner.