ingeborg grytten copy

Illustrasjon av spedalsk kvinne, Hagströmerbiblioteket på Karolinska Institutet i Stockholm

– prestedotter og salmediktar

Ingeborg Andersdotter Grytten (1668 – ca 1705) er ei av to kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder, men som prestedotter i ein velståande familie fekk ho eit meir innhaldsrikt liv enn mange andre med same lagnad.

Prestedotter
Grytten er ein eldre skrivemåte for gardsnamnet Gryta, og familiegarden til Ingeborg ligg på nordsida av Førdefjorden, mellom Redal og Vevring. Tidleg på 1600-talet budde besteforeldra til Ingeborg, Johannes Andersson og Kari Olsdotter på garden, og med inntekter frå fleire eigedomar var dei så velståande at dei kunne kosta presteutdanning på ein av sønene.

Far til Ingeborg, Anders Johannesson Grytten, var prest i Holmedal prestegjeld frå 1655 til 1685. Anders gifta seg med Maren Ludvigsdotter Munthe som var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg. Ingeborg vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid etter 1705.

Salmediktar
Ingeborg vaks opp og levde heile livet sitt på prestegarden i Holmedal. Dette var ein velståande heim med mange bøker, og Ingeborg las blant anna salmane til danske Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter frå Bergen. Ho starta sjølv å skrive, og 20 av salmane hennar vart publiserte i songboka Kaars-Frugt. Denne kom ut i stort opplag, fyrste gong i 1701 og siste gong i 1846. Fleire av songane til Ingeborg levde på folkemunne fram til slutten av 1800-talet.

Spedalsk
Ingeborg vart spedalsk i ung alder, og gjennom hennar tekstar kan vi forstå at dette prega livet hennar sterkt. Infeksjonssjukdomen som går til åtak på hud og nervar var frykta i fleire tusen år, og på Ingeborg si tid vart dei spedalske gjerne sett på som levande daude. Mange vart sendt til St. Jørgens Hospital i Bergen, som frå 1400-talet fungerte som ein eigen by i byen for dei smitta av leprabasillen.

Ingeborg kunne bu på prestegarden i Holmedal, med familien og den store boksamlinga nær. Ho var isolert, men trass i dette kunne Ingeborg gjennom sine tekstar nå ut med si stemme til omverda. Hennar salmar nådde eit publikum langt utanfor det heimlege prestegjeldet. Manuskriptet som vart sendt heilt frå Holmedal til København og publisert i 1713, fortel om ei ambisiøs kvinne med mykje på hjartet.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.