Astrid Marie Nistad ©Stort copy

Astrid Marie Nistad. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

Ap Astrid Marie Nistad (1938-) er fødd i Fjaler og er no busett i Bergen. Ho har mellom anna jobba som formannskapssekretær i Gaular kommune og rekneskapsleiar og merkantil leiar i Statkraft. Astrid Marie møtte på Stortinget i åra 1989-2001. Ho var Statssekretær i Olje- og energidepartementet frå 1986 til 1989. Astrid Marie har særleg engasjert seg i saker som gjeld industri og likestilling. Ho har vore leiar i kvinnepolitisk utval i fylkespartiet og styremedlem i kvinnepolitisk styre på landsplan.  Astrid Marie har engasjert seg for å få vekk tvangsgifte. I tillegg har målsaka vore viktig for henne.