Pascale Baudonnel copy

Pascale Baudonnel. Foto Eva Brænd

– fransk ystemisjonær i Sogn

Pascale Baudonnel er fødd i 1960 i eit fjelldistrikt i Sør-Frankrike. Ho voks opp i eit jordbrukskollektiv som var basert på Gandhis ikkje-valdslære, og lærte mellom anna at ein ikkje skal godta urettferd, men i staden gjera noko med det ein meiner er gale. Hennar kall i livet vart å ta vare på den gamle budeiekulturen i Noreg.

Undredal og den gamle budeiekulturen
Pascale er utdanna ysteteknolog frå Frankrike. Ho kom til Noreg som 17-åring og gjekk på Fosen Folkehøgskule. I 1983 søkte ho sommarjobb i Undredal i lag med to venninner, og dert slo dei rot, alle tre. Pascale vart geitebonde i Undredal, vov og sydde sin eigen sognebunad og lærte dei gamle, norske ystetradisjonane å kjenna. – Dette er ein fantastisk kultur som var i ferd med å gå til grunne, fortel Pascale.  – Eg berre måtte engasjera meg i å ta vare på han.  Men representantar for styresmaktene motarbeidde ysting av upasteurisert mjølk, på tradisjonell vis. Hovudsaka for meg har vore å prøva å byggja bru mellom dei to kulturane, slik at kunnskapen til dei gamle budeiene kunne førast vidare.

Heilskapstanken
Heilskapstanken, ein økologisk produksjonsmåte der menneska ser sin plass og spelar på lag med naturen, er sjølve ”evangeliet” til Pascale. Samanhengen mellom naturen, dyra og budeiene er ein leietråd i det meste av arbeidet hennar. – Dette grunnsynet er nærmast eit religiøst engasjement for meg, seier ho. – Det handlar også om gleda over å gjera eit godt arbeid, at du ser det gro der du har sådd, at du steller godt med din vesle plass på jorda.

Stølsysteri og kurs  
Undredal Stølsysteri, som ho og grannane eig og driv i samarbeid, ystar kvit og brun geitost som har vorte landskjend og mellom anna har vunne prisen ”Smaken av Norge”. Pascale har i ei årrekkje halde ystekurs for andre småskalaprodusentar i Aurland og andre stader, og ho var initiativtakar til organisasjonen Norsk Gardsost.

”Trollet i Undredal” til dronningas bord
Då kampen mot Mattilsynet rasa som verst, vart Pascale ein gong kalla ”Trollet i Undredal”. Men ho stod fast på sitt og har i seinare år fått anerkjenning og vunne prisar for arbeidet sitt i både inn- og utland. Ho har vorte heidra av Ingrid Espelid Hovig, landbruksministeren, dronning Sonja og mange andre. Hennar innsats gjer at mange fleire no ser at dei gamle budeietradisjonane er berekraftige og har framtida for seg.

 
 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.