Tidsline

Kvinnene gjennom tida

Galleri

Sara Cold Frimann sin ektemann, Peder Harboe Frimann (1713-1759), var prest i Selje frå 1745-1759. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sara Cold Frimann sin ektemann, Peder Harboe Frimann (1713-1759), var prest i Selje frå 1745-1759. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Prestegarden i Selje. Foto: Fylkesarkivet/Borgny Dam-Nielsen

Prestegarden i Selje. Foto: Fylkesarkivet/Borgny Dam-Nielsen

Skisse av Selje prestegard frå 1868. Foto Fylkesarkivet

Skisse av Selje prestegard frå 1868. Foto Fylkesarkivet

Svigermor til Sara, Anna Harboe Frimann, gifta seg på nytt etter Claus Frimann sin død. Den nye ektemannen var den nye soknepresten i Selje, Søren Madsen. Foto av måleri i Selje kyrkje: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Svigermor til Sara, Anna Harboe Frimann, gifta seg på nytt etter Claus Frimann sin død. Den nye ektemannen var den nye soknepresten i Selje, Søren Madsen. Foto av måleri i Selje kyrkje: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anna Knutsen

Dette biletet blei nytta i vekebladet For bygd og by. Det viser to par som stiller opp til sognespringar. Dei to i midten er Anna Knutsen og Anders Skåsheim. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, frå Anna Knutsen sitt arkiv.

Dette biletet blei nytta i vekebladet For bygd og by. Det viser to par som stiller opp til sognespringar. Dei to i midten er Anna Knutsen og Anders Skåsheim. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, frå Anna Knutsen sitt arkiv.

 yrkeskvinne og bunadspioner

av Randi Melvær

Handarbeidslærar frå Hermansverk

Anna Knutsen (1885-1965) flytte frå heimbygda for å skaffe seg ei utdanning. Heile yrkeslivet sitt var ho handarbeidslærar. Ho arbeidde på Nykronborg skule i Bergen. Ved sida av skulearbeidet hjelpte ho kvinner i Sogn med å skaffe seg bunad. I tillegg forska ho på folkedrakttradisjonen, granska kjelder og reistet rundt og intervjua kvinner i heile Sogn. Til dette arbeidet fekk ho i 1929 eit stipend frå Bergen Museum.

Aktiv i ungdomslagsrørsla

Anna Knutsen var med i Leikanger Ungdomslag før ho reiste frå bygda. I møteboka for ungdomslaget finn eg namnet hennar både i 1903 og 1906. Ho var nok ikkje av dei som var mest frampå, men tok del i ungdomslagsarbeidet med opplesing av det handskrivne lagsbladet  ”Andvake”, og ho var med på arrangement. Då ho kom til Bergen melde ho seg inn i det frilynde laget Ervingen. Ho var i dette laget leiar for ”Saumarlaget for gjenter” i mange år. Her fekk ho drive med opplysningsarbeid for handarbeid og husflid. Etter kvart melde ho seg også inn i foreininga for Bergen Museum.

Tidleg bunadsinteresse

Allereie i 1914-1916 begynte Anna Knutsen å interessere seg for sognebunaden. Ho reiste rundt på museum og i og i sognebygdene og granska bunaden. Dette fortalde ho om i ein artikkel i vekebladet ”For bygd og by”. Sett i landssamanheng var dette tidleg. Hulda Garborg si bok ”Norsk klædebunad” kom ut i 1917. Frå 1919 ser vi i arkivet etter Anna Knutsen at ho hjelpte kvinner i Sogn med å skaffe seg bunad:

Eg hev no enno ikkje sauma meg bunad, men eg vilde gjerne hava ein til jol. Me ungdomane her på Nese skal då vigja inn ungdomshuset vårt, som no er i emning.

Her er ingen som til dessar hev havt Sognebunaden. Til festar og ymist anna hev me nytta ein onnor nasjonal, kvit skjorte, raudt liv med blåe kvardingar og foldastakk. Fleire gjentor hev tala um at dei vil sauma seg sognabunad, men då her ingen hev vore som hev havt mynster til bunaden, so har det berre vorte tale. Når no eg saumar til meg vert det visseleg fleire som tek på og sauma til seg. (…)

Eg tykkjer at alle sognegjentor skulde bruka sognebunaden til festbunad. Han burde vinna hevd. Takk for rettleidingi! Med vyrnad Gjertrud Neset, Arnafjord.

Dette brevet vart skrive på Nese i Vik kommune 14. september 1919. Eg veit at ungdomshuset der blei innvigd, det blei fortald i jubileumsskriftet ”Sogn Ungdomslag 50 år 1896-1946”, men om Gjertrud Neset møtte i sognebunad, det fortel skriftet ikkje noko om, dessverre.

Den 2. september 1919 sette Tomas Nornes, lærar ved Sogndal folkehøgskule, seg ned og skreiv brev til Anna Knutsen, der han takka for hjelpa dei hadde fått med kona Kristi sin bunad:

No skynar sagte du at dette er ting som ikkje høyrer inn under mitt departement, dette med bunader. Men eg lyt likevel segja at eg tykte ho var staseleg i den nye bunaden sin, og då det ikkje er plent det same kva ein mann tykkjer um kona si, so hev me i grunnen skyldnar på oss til å segja deg takk for råd og rettleiding både. Det ser ut til at folk likar sognebunaden og det er truleg at det vert mange av han um ikkje lenge. So de gjer no noko godt der  inne i byane og. Du veit det hev vorte vanleg talemåte i det siste, at det er berre av det vonde det som kjem frå byen. (…)

Granskingsarbeid

Anna Knutsen reiste rundt i heile Sogn, frå lengst vest i Gulen til aust i Lærdal. Namn på intervjuobjekta har ho skrive ned, og av og til alderen deira. Eg tek med nokre småe smakebitar frå  slike notat:

Kvendi hadde trøia utom på serken og so hadde dei aoliv utanpå der. Og naar det var kaldt el. uveir so hadde (dei) utanpaa trøia eller herdaklut.

Det var Sunniva Jensdotter Vangsnes frå Fjærland som fortalde dette i 1929. Ho var då 84 år gamal. Ingrid Eiki, 87 år, fortalde om kabusa, som var ei hette med ”cape”. Capen gjekk ned til livet. Denne kabusa blei brukt i Vetlefjorden.

Frå Massnes på Høyanger sørside fortalde lærar Instefjord:

Ei gamall kone i sørevikene hadde aoliv baade med liten snipp framme og utan. (…) Ho hadde ogso 2 trøior med rynkeermar og upståande krage. Den grøne var kanta på små slag og på den opståande kragen med svart fløiel. Opi i halsen so halvskjorta synte godt. Halvskjorta var fint utsauma med kvitt broderi. (…) Ho hadde berre blomstrute silkeaoliv.

Ein skreddar frå Fjærland, Hans Larson Øygarden, hadde arbeidd som skreddar i 60 år. Han fortalde:

Den stutte blåtrøia hadde fyrst standane krage fint tilsauma med svart tråd. Dei la graut i kragane, so dei skulde stivna til og standa upp. Etterpaa vart det liggjande krage ikring 1860.

Det er nok mannstrøya han fortalde om her, for han fortsette med å snakke om knebroka og om høgtidskleda for menn.

I privatarkivet etter Anna Knutsen ligg også eit avisutklipp. Det er ein liten artikkel som Anders Skåsheim frå Balestrand skreiv om sognebunaden. Han var og medlem i Ervingen i Bergen. Artikkelen er dessverre udatert:

Historielaget for Sogn hev i mange aar arbeidt med aa samla sognebunader. Men der var helst enkle klædeplagg som kom til Ambla. Heile bunader var det vandt aa faa fat i. Hulda Garborg kjenner ikkje sognebunaden. Ho hev stade i brevbyte med Kjerstina Vangsnes um denne sak, og ho gjeng ut fraa at sognebunaden er radt gløymd. Til all lukka er det ikkje tilfelle. Bondeungdomslaget Ervingen i Bjørgvin hev dei siste aar teke upp att bunaden etter gamle mynster. Baade kvende- og mannsbunaden hev fenge store lovord. Paa marknaden som Ervingen heldt i fjor vetter var det ein framand mann som sagde um kvendebunaden: ”Det er ein adeleg bunad.” Kvendebunaden er opp att-teken etter mynster av (ein) gamall bunad fraa Lærdal. Frøken Anna Knutsen fraa Syrstrand kosta den fyrste bunad. Mannsbunaden er uppteken etter gamall mynster fraa Kaupanger.

Dette biletet blei nytta i vekebladet For bygd og by. Det viser to par som stiller opp til sognespringar. Dei to i midten er Anna Knutsen og Anders Skåsheim. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, frå Anna Knutsen sitt arkiv.

Frå utstillinga av kvinnebunaden på varemessa for Sogn i 1926. Her ser vi både konehuer, jentebore og brurekrone. På veggen bak heng ein litografi av Mons Breidvik og ei skisse av H. Kjerulf. (Foto: Skarpmoen, Oslo / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Rikhaldig arkiv

Det ruver ikkje i magasinhyllene på Fylkesarkivet, arkivet etter Anna Knutsen. Alt får plass i fem arkivboksar. Men det inneheld svært interessant lesnad. Her finn vi brev frå dei som bad om hjelp med bunadssaum og å skaffe sylvstas og stoff til bunadsliv. I små notisbøker har Anna Knutsen skrive av kjelder og notert frå intervjua sine. Vi finn og registreringsskjema for folkedraktdeler. Ferdige artiklar og utkast til artiklar ligg også i arkivet hennar. Det er utklipp frå aviser og tidsskrift av eigne artiklar og andre sine artiklar. Foto og bøker finn vi også. De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum eig arkivet som er plassert i magasinet på Fylkesarkivet.

Kjelder

  • Privatarkiv: SFF-90165 Knutsen, Anna, SFF-93009 Leikanger ungdomslag
  • Knutsen, Anna: Bunaden. Illustrert artikkel i Norske bygder b. IV Sogn, 1937
  • Knutsen, Anna: Noko um kvinnebunaden i Sogn. Frå vekebladet For bygd og by nr. 9, 1924.
  • Brokade, bringeduk og bora: To artiklar om kvinnebunaden i Midtre og Indre Sogn: Semesteroppgåve ved Vestnorsk Kulturakademi 1998 av Aslaug Løbø Navarsete og Randi Melvær.

Omtale i media

Omtale i media

http://issuu.com/findriv/docs/s_og_fj_jubileumsmagasin/10

Omtale av utstillinga i Sogn Avis 6/5.

Jubileumsmagasinet "Før-No-Framover"

Kvinneunderskriftaksjonen 1905 i Sogn og Fjordane

Kvinneunderskriftaksjonen i 1905

- ei formidabel mobilsering for nasjon og stemmerett

Underskriftsliste frå Leikanger, publisert av Stortingsarkivet.

Underskriftsliste frå Leikanger 1905, publisert av Stortingsarkivet.

Av Kjerstin Risnes 2005*

“…Presten lyste frå kordøri, at alle kvinner yver 25 aar vilde faa høve til aa skriva sitt namn på listor, som var utlagde i sakrestiet, fy aa stydja mænnernes ja i urni. So snart preiki var ende, for kvinnorne i flokk i sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor – sume med stav- staa aa ropa til dei yngre; ” Skriv meg! Skriv meg og !”

Det er etter gudstenesta i samband med folkerøystinga 13.august 1905 at kvinnene i Leikanger nærmast stormar sakristiet. Avisa Sogningen 18.08.1905 gjev denne levande skildringa av stemninga som rådde i Leikanger denne dagen. Kvinnene hadde ikkje fått røysterett og kunne difor ikkje delta i folkerøystinga, men gjennom underskriftslister for unionsoppløysing fekk dei likevel gitt uttrykk for sitt syn.

“Mandfolkavstemningen” som samla kvinnene til felles front

Kampen for allmenn stemmerett for kvinner sto høgt på den kvinnepolitiske dagsorden på slutten av 1800-talet. Det var difor eit slag for den norske kvinnerørsla med at dei ikkje fekk statsborgarleg røysterett til liks med mennene i 1898. Eitt av argumenta for å ikkje gje kvinnene denne retten, var at kravet om røysterett ikkje kom frå kvinner frå det ”ganske” land, berre frå ein snever krins i byane.

7.juni 1905 erklærte Stortinget unionen med Sverige for oppløyst. Den 29. juli vart det vedteke at det skulle haldast folkerøysting 13. august om oppløysing av unionen. Då dette vart kjent, sende Frederikke Marie Qvam, leiar og stiftar av Landskvinnestemmerettsforeningen, (LKSF),  den 28. juli eit telegram til Stortinget der ho oppmoda om at kvinnene måtte få delta. ”Skal en folkeavstemming, som ligger udenfor vor forfatning, besluttes, maa kvinderne tages med.” Men dette blei avslått med ulike grunngjevingar. Eitt argument var at det ikkje eksisterte kvinnemanntal og tida var for kort til at styresmaktene kunne få dette til. Ressursane måtte brukast for å få mennene til å røyste for oppløysing av unionen. Kvinnene vart difor oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla.

Dei leiande kvinnesakskvinnene med Marie Qvam og Gina Krogh i tet vart rimeleg provoserte over argumenta og haldningane som kom fram, og dei fyrste dagane i august gjekk startskotet for ein landsomfattande kvinneunderskriftskampanje for unionsoppløysing. Heilt ulike kvinneorganisasjonar samla seg og gjekk til felles front. No ville dei ikkje lenger stå på sidelina, men vise at dei var fullt og heilt i stand til å ta ansvar for nasjonale spørsmål på lik line med menn, og konkretiserte dette ved å slå ring om 7.juni vedtaket. Målet var tosidig;  å delta i kampen for eit heilt fritt og sjølvstendig Noreg, men også bruke denne underskriftsaksjonen i det strategiske arbeidet for ålmenn røysterett for kvinner.

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp.

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp. “Foreningen arbeidet for stemmerett for kvinner i Norge fra 1898 til 1913, da kvinner fikk full stemmerett på lik linje med menn. Etter dette fortsatte foreningen sin aktivitet som velgerforening for kvinner fram til 1938.” Nasjonalbiblioteket.

Ein imponerande innsats på rekordtid

“Lad ikke den 13.august finde os ”furtende” hjemme. Selv om våre stemmer ikke tælles, saa kan de ”veies”, var oppmodinga frå styret i Landskvinnestemmerettsforeningen med Marie Qvam i spissen. Og det skal vitast at kvinnene ikkje sat heime og furta! Alt 2.august kom dei fyrste underskriftslistene i sirkulasjon med fylgjande overskrift: ”Norske kvinder ønsker hermed å føie sitt Ja til de mænds, der, har ret til at deltage i folkeafstemningen 13de august, idet de med dyb overbevisning er med på at slaa ring om 7de-juni-beslutningen.”

Innleveringsfristen var 19. august, og 22.august skulle listene overrekkjast Stortinget. Vel 20 dagar hadde dei på seg. Det vart mobilserte frå alle kantar av landet, og eit formidabelt arbeid vart sett i gang.  Det fanst ikkje noko manntal å gå ut frå, og det var ikkje tid til å byggje opp eit eige aksjonsapparat. Etter nederlaget om stemmerett i 1898 hadde røysterettsorganisasjonane agitert over heile landet, og saka hadde spreidd seg til mange ulike kvinneforeiningar. Til dømes hadde Landskvinnestemmerettsforeningen 50 lokale avdelingar spreidd over heile landet, og Norske Kvinners Sanitetsforening, også stifta av Marie Qvam, hadde 4000 medlemmer. Sistnemnde organisasjon var ein støtteforeining til Hærens Sanitet, ei manifestering av at kvinnesakskvinnene ville stå saman med den norske hæren i kampen for norsk sjølvstende.

Aksjonistane hadde såleis eit visst nettverk, men tida var kort og måtte brukast effektivt og kreativt. Det kom framlegg om ”dør til døraksjonar”, det vart lagt ut lister i avisredaksjonane, på butikkar, hotell og stader der det var lett å nå dei. Og som vi ser av referatet i Sogningen, det vart enda til lagt ut lister i kyrkjene på sjølve valdagen. Der aksjonistane ikkje hadde medlemmer eller mangla kvinnekontaktar, vart listene sende til prestar, lensmenn og ordførarar, ifylgje Marie Qvam. Personar i målrørsla, ungdomslagsrørsla og partiet Venstre var naturlege samarbeidspartnarar.

Eit overveldande resultat

Resultatet var over all forventning. Heile 279 878 kvinneunderskrifter vart samla inn og Marie Qvam kunne stolt oppsummere slik: ” Efter 3 ugers Arbeide Nat og Dag kunde jeg sammen med mine medarbeidere overrekke Stortingets Præsident de norske Kvinders Ja til 7de junibeslutningen, med cirka 300 000 Underskrifter!”. Dette er eit imponerande tal, og stortingsmennene reiste seg og klappa då underskriftene vart leverte. Heile 53 prosent av landets kvinner hadde skrive under på denne spontanaksjonen. Talet på underskrifter vert ikkje mindre imponerande når vi veit at sjølve folkerøystinga hadde eit røystetal på 368 392 og at styresmaktene mobiliserte kraftig for at mennene skulle kome seg til røystelokalet.

Kvinneaksjonen hadde ikkje noko offisielt apparat i ryggen, og aksjonen skulle i stor grad marknadsførast gjennom ”jungeltelegrafen”. Sjølvsagt fekk dei svært god drahjelp av den stemningsbølja som var, men dette var både opprør- og støtteaksjon. Det var slett ikkje gitt at det skulle bli så vellukka, og i starten vart det frå ymse hald åtvara mot å setje i gong ein slik aksjonen. Mange kvinner var redde for at underskriftskampanjen kunne skade kampen for røysterett viss det kom inn få stemmer.

Breitt samansett aksjon

Aksjonen var breitt samansett av ulike kvinneorganisasjonar som  Norske Kvinders Sanitetsforening, Norsk kvinnesaksforening, Landskvinnestemmerettsforeningen, Kvinnestemmeforeningen, organisasjonen ”Hjemmenes Vel” og ulike kvinnegrupper/ kvinnelege medlemmer i ungdomslag, fråhaldslag, ”sedlighetslag” osv. Når vi ser på talet underskrifter, må aksjonen ha hatt brei støtte uavhengig av tradisjonelle skiljeliner.  Det er all grunn til å tru at målet om størst mogeleg oppslutnad om 7.juni vedtaket var viktigare enn at det var ein del kvasse og sikkert ikkje like populære røysterettaktivistar som fronta aksjonen.

Få kvinneunderskrifter frå Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var det svært stor stemning for oppløysing av unionen. Fylket hadde prosentvis landets nest høgste valdeltaking. Mest 17 000 menn røysta, det vil seie 92,5 prosent av dei røysteføre, og berre tre røysta nei. Slik sett skulle ein tru at underskriftsaksjonen skulle få stor oppslutnad i Sogn og Fjordane. Men den største innsamlaren, Landskvinnestemmerettsforeningen, kunne berre overlevere 2451 underskrifter frå Sogn og Fjordane. Kva kan dette skuldast og er talet på underskrifter rett?

Var folket i Sogn og Fjordane for tradisjonelle ?

Sogn og Fjordane var i 1905 eit bondesamfunn med eit svært tradisjonelt kjønnsrollemønster. Dei nye tonane om røysterett og jamstelling kom tradisjonelt frå dei meir kondisjonerte og velståande kvinnene, samt den veksande arbeidarørsla i byane. Vi hadde korkje byar, industri eller kondisjonerte miljø i særleg grad. Dei nye tankane hadde ikkje så lett for å finne fotfeste i eit tradisjonelt miljø, kanskje dette kunne vere eit hinder ? Likevel, elles i bygde-Noreg vaks det gjerne fram radikale kvinnemiljø gjennom norskdomsrørsla knytte til ungdomslaga, folkehøgskulane og mållaga, og dette vert halde fram som eitt av svara på kvifor  LKSF kunne mobilisere så raskt og breitt.  Også i Sogn og Fjordane stod norskdomsrørsla sterkt, men dette ser likevel ikkje ut til å ha gitt dei store utslaga i denne samanhengen.

Avisene, som elles var elles proppfulle av unionsstoff,  er også forbausande tause om Kvinnunderskriftaksjonen. Vi hadde seks aviser i fylket, og førebels har vi berre funne to støtteopprop til kvinneaksjonen. I Fjordenes Blad 12.08 gjev redaktøren si fulle støtte til aksjonen :

“Vi giver dette oppråb til landets kvinder vor varme tilslutning. Det vil utvilsomt styrke Noregs stilling i disse alvorlige tider, at ogsaa vaare kvinder er med at slaa ring om landets selvstendighed. Lad os nu be at alle Noregs kvinder bli med!.. “

Det er lite rimeleg å tru at sjølve oppropet vart opplevd som provoserande. Hovudbodskapen var å støtte opp under stortingsvedtaket. Den kvinnepolitiske undertonen var tydeleg, men ikkje så sterk at han skulle overskugge hovudbodskapen og gje negativt utslag. Forklaringa på det dårlege resultatet må liggje ein annan stad.

Geografisk utfordrande fylke for ein lynaksjon

Aksjonen skulle gjennomførast på rekordtid. Dette måtte vere ei stor utfordring i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dagens fylke er grisgrendt, i 1905 budde det folk mest på kvart nes. Sjølve geografien og busetnadsmønsteret må ha vore til hinder for ein effektiv aksjon. I byane låg det t.d. lister i avisredaksjonane der kvinnene kunne gå og skrive namnet sitt. Vi hadde  to aviser i kvart av futedøma. Bymodellen dugde ikkje i vårt fylke. Her måtte aksjonen organiserast noko annleis. Avisa Sogns Tidende 09.08. fortel at dei har fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men at kvinner i Sogndal ” ..alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt.” Fjordenes Blad på Nordfjordeid, som vi tidlegare har referert til, fortel at det var utlagt lister ” i Sprangbergs boghandel og i Brødrene Totlands boghandel”.  Avisa oppmoda vidare ”… kvinder i de øvrige av vore bygder til at ta sig av sagen og sørge for at faa lister udlagt paa bekvemme steder..”.  Men for mange var det lang veg til butikken, og det var ikkje enkelt å få lagt ut lister på ”bekvemme steder” i eit fylke som vårt. I Fjordenes Blad 30.08 kom det fram at det vart samla inn 257 underskrifter på dei to listene på Eid. Men dei nemner ikkje lister frå andre bygdelag.

Kvinnene i Sogn og Fjordane var nær knytte til primærnæringane, og aksjonen gjekk føre seg på eit lite høveleg tidspunkt. Heime på garden var det håslått med lange arbeidsdagar, og elles midt i stølssesongen. Dette tydde at mange kvinner hadde arbeidsplassen sin høgt til fjells, langt unna underskriftlistene.

Kvinnenettverk – ei mangelvare

Det største problemet for ein effektiv aksjon i Sogn og Fjordane var kanskje mangelen på  nettverk og alliansepartnarar. I innsamlingsarbeidet brukte dei lokallagsmedlemmer til å samle inn underskrifter og spreie lister. Her i fylket var det få reine kvinneorganisasjonar, med unntak av misjonskvinneforeiningane, som hadde fått fotfeste i 1905. Aksjonistane måtte difor finne fram til enkeltpersonar som dei kunne alliere seg med, og som kunne setje aksjonen i gang i si bygd eller ein kommune. Dette måtte ta meir tid og vere mindre effektivt enn der dei kunne nytte seg av organisasjonsapparata. I Stortingsarkivet har vi funne lister frå Kaupanger, Solvorn og Lærdal, og vi veit det vart samla inn underskrifter i Leikanger, Sogndal, på Eid og i Lavik. Ut av listene kan vi lese at den fyrste underskrivaren var ei kvinne med sosial posisjon, som t.d. kondisjonerte Magda Knagenhjelm i Kaupanger og fru Postmeister Mikkelsen, aktiv venstredame, i Lærdal. Truleg var desse kontaktpersonar og igangsetjar av dei lokale aksjonane. Systemet med slike kontaktpersonar kunne fungere i einskilde kommunar og bygder, men det var nok ikkje alle bygder som hadde  kvinnelege frontpersonar som kunne stå i spissen for aksjonen.

Menn som viktige alliansepartnarar

I kor stor grad det vart brukt mannlege kontaktpersonar i dette arbeidet, veit vi ikkje, men dei var klart viktige medspelarar og meiningsberarar.  Avisredaktørane er godt eit døme på dette. Det er vel elles grunn for å tru at Marie Qvam, leiar i Landskvindestemmerettsforeningen og nær knytt til partiet Venstre, nytta sitt politiske kontaktnett gjennom dei ti venstrelaga i fylket.

I Lavik i Sogn anar vi venstremannen og kommunestyrerepresentanten Lasse Trædal sin medverknad når vi kan lese fylgjande i valstyreprotokollen frå folkerøystinga 13.august. “En henvendelse fra 59 voxne kvinder i Lavik besluttedes medsendt udskriften. Da intet videre forebragtes, hævedes stemmemødet og protokollen underskrives: Lasse Trædal, L. Aven, Bjørnethun, Johannes B. Mølmesdal, Ramsli, Berge Instefjord, Gunnar Mjelsvik, Johs. Vergeland, Johan Kirkebø, I. S. Haugland, Ivar O. Asheim, Ole Fasund, Sjur Dale, J. Breivik.”

At underskriftene hamna i valstyret sine hender og vart protokollført i ein offentleg valprotokoll, er oppsiktsvekkjande.  Protokollane til valstyra inneheldt normalt referat om korleis valet hadde blitt gjennomført og resultatet av røystinga. Underskriftene frå kvinnene i Lavik hadde eigentleg ingenting å gjere i referatet, og at valstyret tok på seg å sende dei vidare er også helt spesielt. Dette kan indikere at aksjonen var lokal, at dei ikkje hadde nokon ”moderorganisasjon” å sende underskriftene til.

Dømet frå Leikanger, der kvinnene kunne gå i sakristiet og skrive under etter gudstenesta, viser at presten Fredrik Vilhelm Bull-Hansen også var sentral. Kona Caroline var truleg aktiv i aksjonen, men det var presten som hadde det siste ordet om bruken av kyrkja. Det kan også nemnast at biskopen var i Leikanger 13.august og deltok under gudstenesta. Vi kan vel trygt seie at i Leikanger var underskriftsaksjonen både velsigna og godt ”tima”.

Leikanger kyrkje ca 1930. Fotograf Harstad's Kunstforlag

Leikanger kyrkje. Fotograf Harstad’s Kunstforlag.
Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kor vidt det var vanleg å leggje ut lister i kyrkjene veit vi lite om, og vi har heller ikkje materiale som viser at det var vanleg å parallellkøyre ”Mandfolkavstemningen” og kvinneunderskriftsaksjonen. Kanskje Leikanger var heilt spesiell i så måte ? I Leikanger budde også amtmann Utheim, venstremann, ihuga ungdomslagsmann og ivrig talsmann for oppløysing av unionen, samt læraren, venstremannen og kulturarbeidaren Olav Sande. Med slike sterke meiningsberarar samla i ei bygd låg tilhøva godt til rette for ein godt legitimert og velorganisert underskriftsaksjon. Viss underskriftsaksjonane i fylket hadde vore organiserte på same måte som i Leikanger, er det vel grunn for å tru at talet på underskrifter hadde vore langt høgre i  Sogn og Fjordane.  Tilhøva vart lagt godt til rette for at mennene skulle komme seg til stemmelokala, og ei ”samkøyring” ville truleg ha gitt eit heilt anna resultat.

Er talet på underskrifter rett?

22.august 1905 overleverte Landskvindestemmerettsforeningen dei innkomne underskriftslistene til stortingspresidenten, der dei 2451 underskriftene frå i Sogn og Fjordane også var med. Landskvinnestemmerettsforeningen gjorde Stortinget merksam på at alle listene ikkje var komne inn. Om dette også galdt lister frå Sogn og Fjordane, er vel ikkje heilt utenkjeleg viss vi tenkjer avstand, kommunikasjonar og postgang. Vi veit heller ikkje om det var andre lister i omløp, men det kan det ha vore. Det var tre deputasjonar på Stortinget denne dagen, m.a. ” Norske Kvinders Nasjonalraad og  andre kvindeforeninger landet rundt.”  Oppropet deira var underteikna av 565 forbund og foreiningar. Kor mange underskrifter dette utgjorde, kva forbund og foreiningar det galdt og kvar dei kom frå, veit vi heller ikkje. Vi kan ikkje sjå bort frå at det var underskrifter frå Sogn og Fjordane på desse listene, sjølv om her var få kvinneorganisasjonar. Det kan og ha vore underskrifter frå kvinner i kjønnsnøytrale foreiningar.

Underskriftsliste sendt ut av Landskvindestemmerettsforeningen med underskrifter frå Kaupanger. Henta frå Stortingsarkivet.

Underskriftsliste sendt ut av Landskvindestemmerettsforeningen med underskrifter frå Kaupanger. Henta frå Stortingsarkivet.

Lite, men viktig bidrag til arbeidet for ålmenn stemmerett for kvinner

Sjølv om underskriftsaksjonen i Sogn og Fjordane ikkje gav det resultatet ein kanskje kunne forvente ut frå oppslutninga om sjølve folkerøystinga, var underskriftene likevel eit viktig bidrag til det vidare arbeidet for ålmenn stemmerett for kvinner.  ” Norske kvinners holdning i bygd og by i disse dage er et smukt blad  Noregs historie og vil bidra til å skaffe dem den rett de forlanger”, sa då også statsminister Jørgen Løvland då han fekk overlevert listene. Marie Qvam og Gina Krog hadde lukkast med sine dristige kampanjemål; full støtte om unionsoppløysinga og samstundes synleggjere kvinner landet over som vaksne, ansvarlege menneske, verdige sin ålmenne stemmerett. Og aksjonen vart sjølvsagt brukt for å legitimere kravet om ålmenn kvinneleg statsborgarleg stemmerett. Og han kom, i 1913.

Sluttord

I artikkelen om Kvinneunderskriftaksjonen har vi sett søkjelyset på ei side av folkerøystinga som det er forska lite på. Vi  har hatt svært få kjelder, og føremålet har ikkje vore å trekkje konklusjonar, men vise fram det vi har funne, stille nokre spørsmål og drøfte litt kring dei. Håpet er at dette kan kaste lys over eit heller ukjent tema og gje einkvan kveik til å halde fram  ”gravearbeidet” om kvinnestemmeaksjonen både på lands- og fylkesplan. Spanande stoff er det i alle høve.

* Denne artikkelen er tidlegare publisert i årbok for Sogn 2005 og er ei redigert utgåve av ein artikkel som stod i tidsskriftet Kjelda, nr 3 – 2004, og er ein av mange artiklar i 1905- arbeidet til Fylkesarkivet. 

Kjelder

Galleri

Hilde Horpen med klarinetten. Privat foto.

Hilde Horpen med klarinetten. Privat foto. Lisens: Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens.

Hilde Horpen. Fotograf: Morten Sortland

Hilde Horpen. Fotograf: Morten Sortland. Lisens: Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens.

Kvinneunderskriftsaksjonen for unionsoppløysing 1905

Kvinneunderskriftsaksjonen for unionsoppløysing i 1905

I 1902 var det Nordisk Kvinnekongress i Kristiania. Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) ledet møtet i Gamle festsal. Fotograf: Worm-Petersen (Kristiania). Eier: Nasjonalbiblioteket

I 1902 var det Nordisk Kvinnekongress i Kristiania. Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) ledet møtet i Gamle festsal.
Fotograf: Worm-Petersen (Kristiania). Eier: Nasjonalbiblioteket. Tilgjengelig under lisensen CC-BY (namngjeving)

Av Kjerstin Risnes, Kulturhistorisk leksikon 2005.

I 1905 vart Norge ein fri og heilt sjølvstendig nasjon. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om korleis 280 000 kvinner fekk sagt eit rungande ja til unionsoppløysinga utan å ha stemmerett.

Landsomfattande underskriftskampanje med fleire motiv Då det norske folk 13. august 1905 skulle gå til urnene for å røyste ja eller nei til unionsoppløysinga, var det berre menn som fekk røyste. Kvinnene hadde ikkje stemmerett, men leiande kvinnesakskvinner stilte krav om å få delta i folkerøystinga likevel. Det førte ikkje fram, men dei gav seg ikkje. No ville dei ikkje lenger stå på sidelina, men vise at dei var fullt og heilt i stand til å ta ansvar for nasjonale spørsmål på lik line med mennene ved å slå ring om 7. juni-vedtaket. Middelet vart ein landsomfattande underskriftskampanje for unionsoppløysing.

Primærmålet var å støtte saka, men mange av dei leiande kvinnesakskvinnene såg på kampanjen som svært viktig i det strategiske arbeidet for allmenn kvinneleg stemmerett. I ettertid vert nettopp aksjonen halden fram som ei av årsakene til at Norge vart den første suverene stat i verda med allmenn stemmerett for kvinner ved stortingsval.

Det var eit slag for den norske kvinnerørsla at dei ikkje fekk allmenn statsborgarleg røysterett til liks med mennene i 1898. Eitt argument var at kravet om røysterett ikkje kom frå kvinner frå det “ganske” land, berre frå ein snever krins i byane. Kvinnerørsla var dessutan splitta i strategien for å oppnå full stemmerett. Saka handla ikkje berre om jamstelling og kvinnesyn, men også om politikk og klassekamp.

Ikkje tid for furting, men full innsats 

“Lad ikke den 13. august finde os “furtende” hjemme. Selv om våre stemmer ikke tælles, saa kan de “veies”, var oppmodinga frå styret i Landskvinnestemmeretsforeningen med Fredrikke Marie Qvam i spissen. Det vart mobilisert frå alle kantar av landet, og eit svært arbeid vart sett i gang. Startskotet gjekk 4.-5. august og fristen for å levere inn lister var 19. august. Den 22. august skulle listene overrekkjast Stortinget.

Fredrikke Marie Qvam. Fotograf og år ukjent. Fra arkivet etter Norske Kvinners Sanitetsforening.

Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) stifta Norske Kvinders Sanitetsforening i 1896 og Landskvinnestemmeretsforeningen saman med Gina Krog i 1898. Det var Landskvinnestemmeretsforeningen og Fredrikke Marie Qvam som stod bak aksjonen med underskriftskampanje for kvinner i 1905.
Fotograf og år ukjent. Frå arkivet etter Norske Kvinners Sanitetsforening. Fri lisens.

Kvinnenettverk og kreative løysingar

Det fanst ikkje noko manntal å gå ut frå, og det var ikkje tid til å byggje opp noko eige aksjonsapparat. Etter nederlaget om stemmerett i 1898 hadde røysterettsorganisasjonane agitert over heile landet, og saka hadde spreidd seg til mange ulike kvinneforeiningar, ikkje berre kvinnesaksforeiningar. Aksjonistane hadde difor eit visst nettverk, men tida var kort og måtte brukast effektivt og kreativt. Det kom framlegg om “dør til døraksjonar”, det vart lagt ut lister i avisredaksjonane, på butikkar og andre stader der det var lett å nå dei. I Leikanger vart dei endatil lagt ut i kyrkja (sakristiet) på sjølvaste røystedagen. Der aksjonistane ikkje hadde medlemmer eller mangla kvinnekontaktar, vart listene sende til prestar, lensmenn og ordførarar, i følgje initiativtakaren Marie Qvam.

Eit imponerande resultat på rekordtid

Resultatet var over all forventning og Marie Qvam kunne stolt skrive:

“Efter 3 Ugers Arbeide Nat og Dag kunde jeg sammen med mine medarbeidere overrekke Stortingets Præsident de norske Kvinders Ja til 7de junibeslutningen, med cirka 300 000 Underskrifter!”

Dette var eit imponerande tal og stortingsmennene reiste seg og klappa då underskriftene vart overleverte. Heile 53% av landets kvinner hadde skrive under på denne spontanaksjonen! Talet på underskrifter blir ikkje mindre imponerande når vi veit at det ved sjølve folkerøystinga vart avgitt 368 392 mannsrøyster og at styresmaktene mobiliserte kraftig for at mennene skulle kome seg til stemmelokala denne dagen.

Mot alle odds

Det var ikkje gitt at denne underskriftsaksjonen skulle bli så vellukka, og i starten vart det frå ymse hald, m.a. ein del stortingspolitikarar, åtvara mot å setje i gong ein slik aksjon. Kvinnene vart i staden oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla si. Kvinneunderskriftsaksjonen hadde heller ikkje noko offisielt apparat i ryggen, og aksjonen måtte i stor grad marknadsførast gjennom “jungeltelegrafen”. Sjølvsagt fekk dei svært god drahjelp av den nasjonale stemningsbylgja , men dette var både opprør- og støtteaksjon. Det la aksjonistane heller ikkje skjul på i oppropa sine.

Breitt samansett aksjon

Aksjonen var breitt samansett av ulike kvinneorganisasjonar som Sanitetsforeningen, Norske Kvinners sanitetsforbund, Norsk kvinnesaksforening, Arbeiderkvindestemmeretsforeningen, Landskvinnestemmeretsforeningen, organisasjonen “Hjemmenes Vel”, ulike kvinnegrupper/kvinnelege medlemmer i fråhaldslag, og “sedelighetsforeninger” gav aksjonen ein legitimitet i kretsar der kvinnesak elles ikkje var noko fanesak. Talet på underskrifter viser at aksjonen må ha hatt brei støtte uavhengig av tradisjonelle skiljeliner. Det er vel grunn til å tru at målet om størst mogeleg oppslutnad om 7. juni vedtaket var viktigare enn at det var ein del kvasse og sikkert ikkje like populære røysterettaktivistar som fronta aksjonen.

Dette fellesoppropet vart sendt ut over heile landet og fortel at det var mange og ulike kvinnegrupperingar som støtta aksjonen.

Dette fellesoppropet vart sendt ut over heile landet og fortel at det var mange og ulike kvinnegrupperingar som støtta aksjonen.

Underskriftslistene

Sjå alle underskriftene frå Nordre Bergenhus Amt:

Aurland
Balestrand
Bremanger
Eid
Florø
Gloppen
Gulen
Hafslo
Hornindalen
Kaupanger
Kirkebø
Lærdal
Lauvik
Leikanger
Lyster
Sogndal
Stryn
Vik

Kjelder

1905 – Kven hadde røysterett?

1905 – Kven hadde røysterett?

Valurne med årstalet 1885 på den eine sida og den norske løva på den andre. Denne vart brukt under folkerøystingane i 1905. Foto: Øystein Åsnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Valurne med årstalet 1885 på den eine sida og den norske løva på den andre. Denne vart brukt under folkerøystingane i 1905. Foto: Øystein Åsnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Av Kjerstin Risnes, Kulturhistorisk leksikon 2005

I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om kven som hadde røysterett og kven som kunne røyste ved stortingsval, folkerøystingar og kommuneval.

Allmenn røysterett for menn

Då Grunnlova vart til i 1814, var røysteretten eit privilegium for dei få, knytt til kvalifikasjonskrav som eigedom og inntekt. Det var ein sosial elite av frie, opplyste og uavhengige menn som skulle ta avgjerder til beste for folket. Men samfunnet endra seg, og den politiske oppfatninga likeeins.

Etter årelang politisk kamp vart det i 1898 innført allmenn stemmerett for menn ved stortingsval. No var det kvalifikasjon god nok å vere mann og borgar av riket. I 1901 vart denne retten utvida til å gjelde kommunevala. I 1905 hadde alle norske menn, på visse vilkår, fått røysterett både ved kommuneval, stortingsval og folkerøystingar.

Vilkår for allmenn stemmerett i 1905:

  • norsk statsborgar
  • fem års opphald i riket
  • fylt 25 år
  • ustraffa
  • ikkje sinnslidande
  • ikkje motteke fattighjelp det siste året
  • usagt, men berre for menn

Kvinneleg kommunal røysterett etter økonomisk kvalifisering

Kvinnene hadde ikkje grunnlovsfesta stemmerett og kunne ikkje delta i folkerøystingane i 1905. Omlag 200 000 kvinner hadde fått kommunal stemmerett i 1901. Medan mennene samstundes fekk allmenn røysterett ved kommuneval, måtte kvinnene kvalifisere seg til røysteretten. Kvalifikasjonskrava handla i fyrste rekkje om økonomi og favoriserte dei betrestilte.

Vilkår for kvinneleg stemmerett ved kommuneval frå 1901:

  • norsk statsborgar
  • fem års opphald i riket
  • fylt 25 år
  • ustraffa
  • ikkje sinnslidande
  • ikkje motteke fattighjelp det siste året
  • betale skatt av inntekt over ein viss storleik; kr. 300 på bygda og kr. 400 i byen, eller leve i formuefellesskap med ein som betalte skatt.

Avgrensa kvinneleg stemmerett som garanti for “ansvarleg” kommunepolitikk

Bakgrunnen for å gje kvinnene kommunal stemmerett var politisk taktikk og ikkje resultat av likestilling. Då menn fekk allmenn stemmerett, vart heile veljarbiletet endra. Nye grupper ville no kome til orde i politikken, mellom anna arbeidarrørsla som var i vekst. Resultatet kunne bli både auka skattar og dyre reformer. Dei betrestilte kvinnene var difor tenkt som alliansepartnarar for dei som ville demme opp for ” kommunalsosialismen” og sikre val av ansvarlege politikarar.

Kjelder

  • Mykland, Liv og Masdalen, Kjell Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Universitetsforlaget AS 1987
  • Mjeldheim, Leiv. Politiske prosessar og institusjonar. Universitetsforlaget AS 1987.
  • NorgesLexi, om kvinnestemmerett

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad, foto Magnus Skrede

Sigrid Moldestad, foto Magnus Skrede

- songar, folkemusikar og historieformidlar

Sigrid Moldestad vart for alvor kjend for det norske folk då ho solodebuterte med plateutgjevinga Taus i 2007. Moldestad, som er frå Breim i Gloppen, har frå nittitalet vore med i grupper som Gamaltnymalt, Spindel og Fjøgl, men det er som soloartist ho har vekt åtgaum dei seinare åra.

Sigrid Terese Moldestad (fødd 19. juli 1972) er ein songar, folkemusikar og historieformidlar frå Breim i Gloppen. I dag er Moldestad busett i Åsane i Bergen. Ho spelar fele og hardingfele, og ho syng.

Moldestad solodebuterte med plata Taus i 2007. I 2010 sleppte ho plata Sandkorn, og i 2012 Himlen har sove bort mørkret. Moldestad er og kjend frå hardingfeletrioen Gamaltnymalt, der ho spelar saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Saman med Liv Merete Kroken dannar ho duoen Spindel. Liv Merete Kroken, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad spelte ein periode saman i scene- og kabarettrioen Fjøgl.

Sigrid Moldestad vart med i Breim spelemannslag som tiåring. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss (1996 – 1998), og er kvalifisert for A-klassa i vanleg fele på Landskappleiken.

Formidlaren, songaren og musikaren gjekk på Firda vidaregåande skule frå 1988 til 1991. På slutten av nittitalet arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane. Frå 2001 til 2002 hadde Moldestad Statens arbeidsstipend for yngre folkekunstnarar, og sidan tidleg totusental har ho vore frilansmusikar på heiltid.

Dei gøymde historiene om kvinnene i folkemusikken

I 2007 sette Sigrid Moldestad opp konsertframsyninga Taus. Framsyninga hadde premiere i Bergen fredag 13. april, og vart same år synt på Førdefestivalen. Hausten 2007 reiste Sigrid Moldestad med band på turné med Taus, og seinare det året vart musikken slept på plate. I Hornindal er «taus» dialektuttrykk for «kvinne», eller nærare «ei ugift, tilårskomen kvinne». Gjennom konsertframsyninga fortalde Moldestad dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Taus sette fokus på kvinnelege folkemusikkpionerar frå Nordfjord og Sunnmøre på 17- og 1800-talet. Kvinnelege spelemenn var uvanleg på denne tida, men på nordvestlandet fann ein stor konsentrasjon av tauser med fele.

I eit intervju med ballade.no frå 2007, fortalde Moldestad at ein del av motivasjonen bak arbeidet var å finne svar på kvifor tradisjonen fekk oppstå. Korleis kunne eit heilt miljø av kvinnelege felespelarar på nordvestlandet bli til, og kva førte til at tradisjonen seinare tok slutt? Sigrid Moldestad fortel at ho ikkje fann noko eintydig svar på nokon av spørsmåla. I arbeidet med Taus har Moldestad nytta seg av ulike kjelder. Til nettstaden ballade.no fortel ho at har leita i bygdebøker, ho har nytta gamle arkiv og intervjua lokalhistorikarar. I det same intervjuet peikar Moldestad på eit utval moglege årsakar til at kvinnene fyrst tok til å spele. Ho poengterer at dei kvinnelege musikarane var sosialt aksepterte i den aktuelle perioden. Det unike musikkmiljøet av kvinnelege felespelarar vart møtt med begeistring og respekt i bygdene. Jamvel enkelte prestar skreiv vel om kvinner som spelte fele på denne tida. Fleire kvinner tok med seg fela til sin nye heimstad når dei gifta seg til ein ny gard. Nokre av kvinnene budde i same distrikt eller var i slekt, og fann inspirasjon og førebilete i kvarandre.

Endra kvinnesyn

Til ballade.no fortel Moldestad at det unike miljøet med kvinnelege spelemenn tok slutt på siste del av 1800-talet. Den pietistiske bølgja ein var vitne til på slutten av 1800-talet bidrog til at miljøet «døydde ut» etter ein glansperiode på nærare hundre år. Moldestad fortel at den pietistiske bølgja som kom til Vestlandet på slutten av 1800-talet førte til ei haldningsendring. Synet på kvinnerolla endra seg, og felespel vart sett på som upassande for kvinner. Ein såg hardingfela som djevelens instrument, og musikk som noko syndig. Dei som haldt fram med å spele måtte gjere det i smug. Mykje av musikklivet på nordvestlandet døydde ut under den religiøse oppvakninga. I den grad musikklivet levde vidare, så vart det vidareført av menn. I Sigrid Moldestad sine heimtrakter var det i gamal tid uvanleg mange omreisande kvinnelege spelemenn. Men rundt overgangen til år 1900 vart dei livfulle damene tause. Ein visste at det hadde vore eit miljø for kvinnelege spelemenn i Nordfjord og på Sunnmøre, men dette vart teia i hel i ettertida. I konsertframsyninga Taus løfter Sigrid Moldestad fram tausene, og fortell deira historie.

Dina Krog Paasche

Hagehyggje på Nygard der Dina og familien budde. Einar Paasche med hatt og Dina med heklety. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hagehyggje på Nygard der Dina og familien budde. Einar Paasche med hatt og Dina med heklety. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

- kvinnepolitisk pioner

Av Kjerstin Risnes, frå Kjelda Nr. 1 – Mars 2013

I år kan vi feire at kvinner i Noreg har hatt allmenn stemmerett i 100 år. Kampen var lang og seig, og ære vere dei kvinner og menn som heldt ut, fremja framlegg på framlegg i Stortinget og tolte dei dei mange nederlaga. I 1901 kom det fyrste gjennombrotet med kommunal stemmerett.

Kvindestemmeretten

Er nu endelig blevet til virkelighed. Ved fornyede behandling i lagtinget erklærede to representanter, der tidligere havde stemt for oversendelse til regjeringen, at have forandret standpunkt – og dermed var kvindestemmeretten sikret.”

Sogns Tidende 29. mai 1901

1901 vart eit merkeår i kampen for kvinneleg stemmerett. Endeleg, skreiv avisa, og det same jubla nok dei mange tusen kvinnene som i årevis hadde stått på barrikadane. Deira mannlege kampfeller, som år etter år hadde ført framlegga fram og teke debatten i Stortinget, hadde endeleg fått gjennomslag. Vedtaket opna for at kvinner fekk kommunal stemmerett, på vilkår. Kvinner som betalte over ein viss sum i skatt eller som var gifte med menn som betalte slik skatt, fekk sin stemmerett. Menn hadde fått alminneleg statsborgarleg stemmerett i 1898 og allmenn kommunal stemmerett i 1901. Stemmerettskampen for kvinner starta i 1885 då kvinnesakskvinna Gina Krog 27. november same året heldt tale i den nystarta Norsk Kvindesagsforening i Kristiania og lanserte ideen. Ho tok til orde for at kvinner burde ha stemmerett på lik line med menn, eit revolusjonerande standpunkt i dåtidas mannsdominerte samfunn. Endringa i lov om formannskap i 1901 var såleis berre ein delsiger, men ein viktig delsiger på vegen mot allmenn stemmerett. Lovendringa opna no opp for at 200 000 kvinner for fyrste gang kunne delta i det kommunalpolitiske liv.

Eitt av dei mange argumenta mot kvinneleg stemmerett var at kvinner ikkje var interesserte i å delta i politikk. Eit anna var at kvinner måtte skånast for den skarpe røyndomen. Eit gjennomgåande argument på Stortinget var at stemmerettskravet ikkje kom frå kvinner frå det ganske land, men hovudsakleg frå kvinner i byane. Denne påstanden baserte seg nok i stor grad på synsing, men at kravet var lettare å synleggjere og hadde større gjennomslagskraft i urbane enn i rurale strok, var det neppe tvil om. Det viste også dei mange tusen støtteunderskriftene som Stortinget jamleg fekk frå kvinner landet over, hovudsakleg frå byane.

Nordre Bergenhus Amt og valet i 1901

Nordre Bergenhus Amt var i 1901 eit bondesamfunn med tradisjonelt kjønnsrollemønster. Folk budde spreidd,  her var ein liten tettstad med bystatus, Florø, industrialiseringa hadde ikkje nådd fylket og tradisjonane stod sterkt. Stemmetalet viser at berre 489 kvinner stemde ved dette valet, 5,3 % av dei som hadde fått sin stemmerett.  Dei nye tonane om jamstelling og krav om stemmerett kom tradisjonelt frå kvinner frå borgarklassen og den veksande arbeidarrørsla. Hos oss var det mest bønder og småkårsfolk. Samfunnet var tradisjonelt og kjønnsrollemønsteret like så, men heilt utan grobotn for dei nye tankane var samfunnet ikkje. Kor mange kvinner frå fylket vårt som tok utfordringa og stilte til val, veit vi ikkje før kjeldene er nærmare granska. Det vi veit, er at ei tok ”hansken”, stilte til val, kom inn og braut den fyrste barrieren i demokratiseringsprosessen.

Den fyrste kvinnelege politikaren i fylket

Då Luster kommunestyre konstituerte seg 28.desember 1901, finn vi ei einsleg kvinneunderskrift blant dei 32 representantane, Dina Paasche. Geraldine Helene Fredrikke Krog Paasche, 1851 -1922, vart ikkje berre den einaste kvinna i Luster kommunestyre, men også den einaste i heile amtet. Frå Nordre Bergenhus Amt vart det valt inn 775 menn og ei kvinne dette året. Når vi finn berre ei kvinne her i fylket, så er det symptomatisk for kva samfunn vi hadde ved starten på det nye hundreåret. Viss vi hadde fått ei rekkje kvinnelege kommunestyremedlemmer her i fylket, ville det ha vore meir forunderleg. Trass alt, i hovudstaden kom det inn ”berre” fire og i Søndre Bergenhus Amt fekk seks kvinner plass. Likevel, det må vel kunne kallast ei bragd av Dina Krog Paasche å bli folkevalt dette fyrste året kvinner hadde stemmerett.

Kven var så denne einslege svala i Luster kommunestyre? Kva bakgrunn hadde ho som kunne motivere henne til å stille til val hausten 1901? Det var nok ikkje kven som helst som hadde mot og mannskap til det. Det er også grunn for å fundere på korleis ho sanka seg nok stemmer til å kome inn. Kva posisjon hadde denne dama, korleis var ho? Geraldine Paasche, eller Dina, som ho stort sett skreiv seg, var prestedotter frå Fana. Ho kom frå solid presteslekt og det kondisjonerte sjiktet. Ho var dotter til stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog,1808 – 1897, og Ingeborg Kristine Endresen, 1813-1853. Heimen hennar var prestegarden i Fana der ho vaks opp saman med seks eldre sysken. Faren var stortingsrepresentant i frå 1862 -1864 og hadde avslutta stortingskarrieren då stemmerettsspørsmålet kom på den politiske dagsordenen i 1885. Det er all grunn for å tru at Dina voks opp i ein heim der nye radikale tankar fekk feste og samfunnsdebatten var ein del av kvardagen. I den nærmaste Krogfamilien finn vi også kvinnesakspionerane Gina Krog og Ida Cecilie Thoresen Krog, som var gift med bror til Gina, Fredrik Arentz Krog. Ida Cecilie Krog var Noregs fyrste kvinnelege student, og ei av dei som saman med Gina Krog stifta den fyrste kvinnesaksforeininga i landet, Norsk Kvindesagsforening i 1884. Dette var banebrytande damer som skapte debatt og blest, og det er naturleg å tru at når Dina Krog stilte til val på upolitisk liste i Luster hausten 1901, ja så kom dei radikale ideane og inspirasjonen i stor grad frå slekta.

I 1887, 36 år gamal, gifta ho seg med enkemannen og legen Einar Paasche, 1849-1931. Kva Dina Krog gjorde på og kvar ho budde fram til ho i godt vaksen alder gifta seg med Einar Paasche er ikkje kjent. I folketeljinga av 1875 går det fram at ho og ei eldre syster då budde saman med faren i Fana. Han var prest og enkemann så det kan hende at Dina og systera tok seg av hus og heim på prestegarden i Fana fram til ho gifta seg. Det var ikkje uvanleg at dåtidas ugifte døtrer budde heime og gjekk inn i hushaldet. Distriktslege Paasche hadde året før busett seg i Dale sokn i Luster, der han budde på garden Nygård og dit flytta Dina inn. Ektemannen hadde to barn på 7 og 9 år då Dina gifta seg med han, og saman fekk dei to barn. I følgje folketeljinga av 1900 budde enkjefrua på garden, og hennar pleiedotter, samt fire tenarar og ein guvernante der. I 1906 vart Einar Paasche utnemnd til distriktslege i Sarpsborg og her budde dei så lenge dei levde.

Her på garden Nygard budde familien Paasche. Tingstova der kommunestyret vart halde, låg like ved nede ved fjorden. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1890-1905

Her på garden Nygard budde familien Paasche. Tingstova der kommunestyret vart halde, låg like ved nede ved fjorden. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1890-1905

Det er ikkje så mykje vi veit om livet til Dina Krog Paasche då ho budde på Dale. Korkje i bygdeboka for Luster eller i den lokalhistoriske litteraturen vi har granska, er det særlege mange spor etter henne. Ho var gift med distriktslegen, og det gav sjølvsagt ein solid sosial posisjon. Garden Nygård låg like ved handelsstaden Døsen, ikkje så langt frå kyrkja og prestegarden, og distriktslegen og frua pleia omgang med folk frå bygdas høgare sosiale lag. Det høgare sosiale sjiktet i nærmiljøet ser ut til å bestå av lensmannsfamilien, prestefamilien, handelsfamilien Døsen og kanskje nokre få andre. I kva grad desse støtta Dina sitt kandidatur har vi ikkje funne haldepunkt for, men kanskje? I fall kunne det gje ringverknader, for mennene hadde nettverk og posisjonar som kunne kome godt med når det skulle veljast. I Fylkesarkivet sin fotobase finn vi nokre bilete av Dina Krog Paasche, og på fleire av desse er ho avbilda samen med misjonsforeining for betrestilte kvinner. Stort sett er det samla mellom åtte til ti kvinner på desse møta så den kondisjonerte krinsen var ikkje stor.

Misjonsforeiningane var ein viktig møteplass for kvinner. Biletet er teke i hagen på Kvitevodl under ein misjonsforeining for kvinner frå høgre sosiale lag. Dina Krog Paasche står bak til venstre. Fotograf:  Johan Rumohr Døsen, ca 1892-1898. Foto: Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Misjonsforeiningane var ein viktig møteplass for kvinner. Biletet er teke i hagen på Kvitevodl under ein misjonsforeining for kvinner frå høgre sosiale lag. Dina Krog Paasche står bak til venstre. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1892-1898. Foto: Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Misjonsforeiningane var kvinnene sin friplass, og misjonsarbeidet var ei legitim bru frå den private sfæren til aktiv deltaking i det offentlege rom for mange kvinner. Aktiviteten i desse foreiningane peika ut over det nære og gav impulsar og kunnskap både om den store verda, organisasjonsliv og økonomistyring. Dei mange kvinnelege misjonærane, også frå vårt fylke, skapte også nye og alternative rollemodellar. Misjonsforeiningane var ikkje berre handarbeid, salmesong og basarar, men kanskje også ein debatt- og diskusjonsarena om politisk aktuelle saker som stemmerett og politisk deltaking når skulerte og samfunnsorienterte kvinner som Dina og hennar likesinna møttest?  Kanskje ho skaffa seg støtte til det dristige valet her? Desse kvinnene var no i posisjon til å stemme for fyrste gong og kunne kanskje mobilisere andre til å støtte Dina. Som prestedotter er det naturleg å tru at ho også var ein del av det kristelege livet i bygda og ikkje berre i misjonsforeininga for finare fruer.

Kring hundreårsskiftet var privat velgjerd ein viktig del av betrestilte kvinners aktivitetar, spesielt i byane. Som prestedotter og truleg heimebuande til langt opp i vaksen alder, kan slikt velgjerdsarbeid ha vore ein av hennar aktivitetar. Velferdsstaten hadde enno ikkje gjort sitt inntog, og det private initiativ og den offentlege hjelpa gjekk hand i hand. Legat til trengjande var eit anna handfast bidrag frå velståande med filantropiske idear og sinnelag. Vi veit ikkje om Dina engasjerte seg i praktisk velgjerdsarbeid med fattige og sjuke i Luster, men ho og ektemannen oppretta eit fond for vanskelegstilte i Luster. Begge var også aktive i Sogn Sykepleieforening, som sytte føre sjukepleiarar til distrikta. Slikt sosialt engasjement kan ha gitt ho ein posisjon i bygda som ei kvinne å tru på, ei kvinne det var vel verdt å støtte. Og det var ikkje dei fattige kvinnene som støtta henne, for dei hadde ikkje stemmerett.

Banebrytande, men anonym

Dina Krog Paasche er ei dame som forunderleg nok har sett få spor etter seg kjeldene frå Luster. Spørsmåla om korleis ho skaffa seg posisjon til å kome inn i kommunestyret, kan vi ikkje gje klare svar på, berre lufte tankar om og drøfte. Valstyreprotokollen for Luster 1829 -1961 gjer oss heller ikkje klokare då han berre omhandlar val til Stortinget. Det er likevel klart at sjølv om Dina hadde aldri så sterk sosial posisjon, gav mykje pengar til velgjerd, deltok i både misjon og anna samfunnsnyttig arbeid, hadde politiske ambisjonar osv., så ville det ikkje ha vore nok. Vi må hugse på at vi skreiv 1901 og samfunnet var ikkje ”gryteklart” for korkje kvinneleg stemmerett eller kvinner som trakka ut av dei vande spora, slik Dina Krog Paasche gjorde. Ho har utvilsamt fått støtte, truleg både hos kvinner og menn, til det politiske prosjektet sitt. Det fortel at ho må ha hatt eit godt ord på seg, nettverk som støtta henne og ein personlegdom som ikkje har provosert, men engasjert omgivnadane. Vi finn heller ikkje særlege spor etter henne i denne eine perioden ho sat i kommunestyret. Formannskapsprotokollen her seier lite om kven som stilte framlegg og i kva grad den einskilde representant var meir aktiv enn andre.

Dina og familien flytta, som før nemnt, til Sarpsborg i 1906. I kva grad ho deltok i det politiske liv der, krev meir gransking enn vi har hatt høve til denne gongen. Vi veit forunderleg lite om henne som skulle bli ein pioner i vår politiske kvinnehistorie. Det skapar undring og er til å bli nyfiken av. Denne dama og hennar aktivitetar skulle det ha vore kjekt å få vite meir om.

Ordtaket «Ei svale gjer ingen sommar» kan vere freistande å bruke i denne samanheng. Dina Krog Paasche utløyste ikkje noko skred av kvinnelege kommunestyrerepresentantar dei komande åra, korkje i Luster eller andre kommunar i fylket. I fylgje kjeldene våre er det fyrst på 1950-talet at kvinner som gruppe så smått byrjar å vise att i kommunestyra. Då Anna Herland frå Solund i 1955 vart vald som ordførar i kommunen, skapte det store overskrifter. Ho vart då historisk som den tredje kvinnelege ordføraren i landet sidan kvinner fekk stemmerett. I dagens kommunalpolitiske landskap er ein av fem ordførarar kvinner og kvinnerepresentasjonen på om lag 38%. Korkje politiske parti eller styresmaktene er nøgde med desse tala. Dei ser på dette som manglande rettferdig fordeling av makt og dermed eit demokratisk problem.

Dina Krog Paasche var ein av dei mange kvinnepionerane som tok dei fyrste stega på den politiske vegen. Meir enn 100 år seinare er vegen enno ikkje gått til endes.   

 

Kjelder og litteratur: