Margaret Sophia Green Kvikne Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Margaret Sophia Green Kvikne Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

Margaret Sophia Green Kvikne vart fødd i 1850, i York i England, og var dotter av ein prest. Med ein slik bakgrunn var det vel få som såg for seg at ho skulle få eit liv som kvinneleg pioner innan fjellklatring, hotellvertinne og kyrkjebyggar i Noreg.

Frå Europa til Noreg
Margaret vaks opp i eit område med eit større tindesportmiljø, og hadde brei klatreerfaring då ho første gong kom til Noreg i 1886. Då hadde ho allereie klatra i Alpane både i Tyrol og ved Innsbruck. I Noreg vart ho den andre kvinna til å stå på toppen av Romsdalshorn. I 1888 kom ho tilbake til Noreg, denne gongen til Balestrand. Her trefte ho hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne, og dei vart raskt eit par. Ho kom tilbake til Balestrand sommaren etter, og i 1890 gifta dei seg på Kviknes Hotel.

Uredd klatrar
Då ho var på sitt andre noregsbesøk i 1888 planla ho å klatre til topps på Store Skagastølstind. Planane vart øydelagde av dårleg vêr, men Margaret gav seg ikkje likevel. I staden for klatra ho opp på Store Styggedalstind frå Vormelid i Utladalen ved Vetti, og vidare ned til Gjertvassbreen. Ingen hadde gått den løypa tidlegare, og Margaret vart den første kvinna på toppen av Styggedalstind. Veka etterpå var målet Riingstind. Planen var å krysse Riingsbreen i måneskin saman med Torgeir Sulheim og Christopher Juraas for å sjå soloppgangen frå toppen. Nok ein gong vart ho stoppa av dårleg vêr, og ruta vart lagt om til den enklare toppen Store Soleibotntind. Dette må likevel reknast som litt av ei bragd, då toppen ligg på over to tusen meters høgde og klatrekleda for kvinner på denne tida besto av skjørt. Same året vart ho første kvinne til å skrive i Den Norske Turistforenings årbok.

Frå fjellklatring til kyrkjebygging
Margaret fekk ikkje mange åra saman med Knut. Kort tid etter bryllaupet fekk ho tuberkulose, og i 1894 døydde ho etter eit lengre sjukeleie. Margaret hadde alltid hatt ei interesse for kyrkjer, og før ho døydde oppmoda ho Knut til å byggje ei ny kyrkje i Balestrand. Ho var veldig fasinert av dei gamle, norske stavkyrkjene, og ville gjerne at han skulle byggje ei engelsk kyrkje i same stilen. Knut sette straks i gong prosessen med å få kyrkja reist, og berre tre år etter Margarets død vart kyrkja vigsla. Kyrkja vert i dag kalla Engelskkyrkja, og står som eit flott minne om ei uvanleg kvinne.