Bolette C Pavels Larsen

Foto: Mundal Hotel/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Trykk frå songhefte 1907.

– forfattar, kritikar og målkvinne

Bolette Christine Pavels Larsen var fødd inn i ein embetsmannsfamilie 18. oktober 1847 i Sogndal. I dei fleste åra av sitt liv var ho busett i Bergen. Bolette var forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende, og ho var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Ho var den første forfattaren med utgjevingar på sognedialekt og soleis på landsmål i fylket. Ho gav også ut bøker på riksmål.

Utgjevingar
Bolette omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av Bolette gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet» (Vestlandets historie, 2006, bd 3, s. 214).

Målkvinne
I Bergens Tidende fungerte ho som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden – med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Bolette var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjente forfattarar. Ho var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde.  Bolette var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.

Kontakt med kjende forfattarar
Bolette hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Werner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883. Universitetsbiblioteket i Bergen oppbevarer manuskript (oversikt) av Bolette.

Første husmorskulen
I 1874 vart Bolette gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) i Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira.

Kunstnarleg slekt
Gjennom mora var Bolette i slekt med målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931).

Bolette døydde 8. desember 1904 i Bergen.

Bibliografi

Omsetjingar av Bolette C. Pavels Larsen

  • Aho, J. (1889). Skildringer fra Finland. Bergen:Mons Litlerés forlag.
  • Heidenstam, von W. (1890a). Fra Col di Tenda til Bloksbjerg : Reiseskitser. Bergen:Beyer.
  • Heidenstam, von W., Levertin, O. (1890b). Pepitas bryllup : en litteraturanmeldelse. Bergen:Beyer.
  •  Wernér, H. (1888).  Staaveprat : ette´ Henrik Wraner ; fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen. Bergen:Mons Litlerés forlag.
  • Mörner, B. (1893). Salig Baronessen.

Brev

Søk

Materiale om Bolette Christine Pavels Larsen

 

 

 Lydopptak

Lenkjer om Bolette Christine Pavels Larsen

Litteratur og kjelder

  • Aftenposten. (1892). Hvad skal man unde sig selv og sine venner til jul? (14.12)
  • Bolette Christine Pavels Larsen. (2009). Allkunne.
  • Bolette C. Pavels Larsen. Store norske leksikon.
  • Bjørkum, A., Bondevik, J. (1978). TIDSSKRIFT. nummer 26 : dikting og diktarar frå Sogn. Førde : Historielaget i Sogn.
  • Bolette C. Pavels Larsen. Aasentunet.no.
  • Grønstøl, S. (2006). Vestlandslitteraturen. I Helle, K., Grepstad, O., Lillehammer, A. & Tryti, A.E. (Red.), Vestlandets historie. Vigmostad & Bjørke : Bergen.
  • Stegane, I. (1983). Mons Litlerés forlag : eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift. Oslo : Samlaget.
  • Gjersdal, A. (2013). Velkommen, Deres Majestet, til mitt rike!. Bibliotekforum, 37 (1), s.34-[36]. Henta frå http://bibliotekforum.no/