Profilbilete Amanda Igland copy

Amanda Igland. Foto: privat

- Fiskarkone, organisasjonskvinne og pensjonatvertinne

Den blide Amanda (1917-2002) var frå Bremanger. Ho vaks opp i eit fiskerisamfunn ved havet, og kjende både fiskaren og fiskarkona sine kår. Ho vart sjølv fiskarkone og pensjonatvertinne. I heile sitt vaksne liv engasjerte ho seg sterkt for fiskerisamfunna og kystkulturen både i politikken og i frivillige organisasjonar.

Ei stemme for kysten
For Amanda byrja organisasjonsarbeidet for alvor etter 2. verdskrigen. Ho var med å skipa Noregs Fiskarkvinnelag i 1953 og var leiar der i 11 år. Fire år seinare fekk ho også i gong Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag. Ho såg til at kvinnene fekk styreplass i Noregs Fiskarlag, for like viktig som fiskaren var kvinna som sytte for alt heime medan han var på sjøen. Amanda var flink til å fremje saker som var viktige for kystfolk, og argumentasjonen hennar vart omtala som «kvinnekamp med meining». Blant kampsakene var rett til ferie for fiskarar som resulterte i «Lov om ferie for fiskere» i 1972.

Kulturarven på kysten
I nasjonsbygginga etter 1814 og 1905 stod bondekulturen fram som det typisk norske. Ein tok i mindre grad vare på kulturminner frå kysten, og ein snakka ikkje om ein norsk kystkultur. Amanda gjorde mykje for å løfte kystsamfunna fram i lyset og informera om levekåra til fiskarfamilien både i samtida og fortida. Mellom anna reiste ho rundt med utstillinga «Ut mot havet» og deltok i arbeidet med Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. I fleire år sat ho i styret for Kystmuseet.

Innsatsen var gull verd
I 1987 fekk Amanda Kongens Fortenestmedalje i gull. Fylkesmannen skreiv i si tilråding:
Fru Igland har gjennom eit langt liv vore ein aktiv deltakar i samfunnslivet, men det er særleg grunn til å nemne hennar arbeid for fiskarkvinnene si sak… Fylkesmannen kjenner Fru Igland som ei sterk og vidsynt kvinne. Med pågangsmot og stor arbeidskraft har ho gjort ein innsats til samfunnet sitt beste langt utover det vanlege. Utanfor kyrkja i Bremanger står eit minnesmerke over fiskarar som omkom på havet. Det var Amanda som kasta fram tanken om å reisa eit slikt minnesmerke, og to år seinare, i 1964 kunne Fiskarkvinnelaget avduka monumentet. Det står på mange måtar også som ein bauta for det store arbeidet Amanda la ned.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.