Bygdefeminisme for stemmerett

Tekst av Eli Bjørhusdal og Oddmund L. Hoel

Camilla Collett (Fotograf Robert Collett), Aasta Hansteen (Fotograf fru Brun), Gina Krog (Fotograf Hansen & Weller), Cecilie Thoresen (Fotograf Gihbsson) og Randi Blehr (Fotograf Selma Jacobsson). Alle foto er frå Nasjonalbiblioteket si samling "Kvinnesak, portretter" på Flickr.

Camilla Collett (Fotograf Robert Collett), Aasta Hansteen (Fotograf fru Brun), Gina Krog (Fotograf Hansen & Weller), Cecilie Thoresen (Fotograf Gihbsson) og Randi Blehr (Fotograf Selma Jacobsson). Alle foto er frå Nasjonalbiblioteket si samlingKvinnesak, portretter på Flickr.

Camilla Collett. Aasta Hansteen. Gina Krog. Cecilie Thoresen. Randi Blehr. Kristine Bonnevie. Dette er kvinner som vert framstilte som pionerar i kampen for den norske kvinnerøysteretten. I 1913 var Noreg det fjerde landet i verda som innførte røysterett for kvinner. Me skal her gje eit lite bilete av dei historiske føresetnadene for det som hende i 1913, med særleg blikk på bygde-Noreg generelt og Sogn og Fjordane spesielt.

Så, smak på namna: Collett, Hansteen, Krog, Blehr. Dette er ikkje akkurat norske småbrukarar og arbeidarar. Det er namna til den øvre middelklassen og til borgarskapets døtrer. Historiebøkene fortel oss då òg at det var dei ugifte borgarskaps- og middelklassekvinnene i dei største byane som dreiv kvinnerøysterettskampen dei tre-fire tiåra før 1913. Ugifte kvinner måtte ha inntekt, og dermed òg utdanning og jobb. Dei arbeidde gjerne som lærarar og guvernanter og betalte såleis skatt som menn. Likevel hadde dei ikkje røysterett ved politiske val, fordi dei var kvinner.

Den norske kvinnekampen byrja for alvor i 1870-åra. Det skuldast sjølvsagt storpolitiske hendingar, men det skuldast òg ei bok – nemleg Om kvinnenes undertrykkelse av den britiske filosofen John Stuart Mill. Boka kom ut i 1869 og blei ein viktig vegvisar for kvinnestemmerettsaktivistar i heile Europa. 1869 var òg det året Nikka Vonen starta jenteskulen sin ute i Dale, i Fjaler. Som mange av dykk veit, og som denne utstillinga fortel om, var det ein skule for borgarskapsjenter frå heile landet, jenter frå den norske eliten. Fleire av elevane herfrå blei seinare kjende skulefolk, lærarinner og skribentar, og vart såleis med i den urbane kvinnerørsla som aktivistar for kvinnerøysterett rundt hundreårsskiftet.

Nikka Vonens Pigeinstitutt i Dale i Sunnfjord. Foto Arild Nybø

Nikka Vonens Pigeinstitutt i Dale i Sunnfjord. Foto Arild Nybø

Men kva med alle andre norske kvinner? Dei som ikkje heitte Collett og Bonnevie, men Kvåle og Brendehaug? Dei som ikkje budde på Frogner i Kristiania, men i småbygder i Sogn og Fjordane? Var ikkje våre formødrer med i kampen for røysterett?

Nei, dei var ikkje det, om ein skal ein tru norske historiebøker. Men det skal ein kanskje ikkje alltid. Lat oss no sjå på Nikka Vonen i Dale. Ho starta ein jenteskule som var oppsiktsvekkjande i si tid. Skulen var sterkt inspirert av grundtvigianske opplæringsprinsipp, altså den same ideologien som den norske folkehøgskulerørsla var forma etter.  Folkehøgskulane var òg ei rørsle som verkeleg kom i siget på Nikka Vonen si tid. 30-40 slike skular vart skipa frå midt på 1860-talet til midt på 1870-talet.

Som skuleideologi er grundtvigianismen kanskje mest kjend for ‘det levande ordet’, og som kritikk av pugg og autoritetstru. Mindre kjent er det at dei grundtvigianske skulane gav jenter tilgjenge og dreiv fellesundervisning med gutar og jenter mykje tidlegare enn alle andre vidaregåande skuleslag i Noreg. Og like viktig var det at desse skulane underviste jentene i meir enn dei typiske jentefaga; dei fekk lære rekning, lesing, skriving, historie og geografi.

Folkehøgskulane låg på dei norske bygdene. Norske bygdejenter fekk altså alt frå 1860-talet sjansen til å gå på skular som gav dei allmenndanning og kunnskap. Nikka Vonen hadde sjølv gått på skule i Davik. Det var ikkje ein folkehøgskule, men han skal ha vore svært påverka av grundtvigianismen. Kanskje tok Nikka Vonen med seg eit kvinnepolitisk medvit herfrå. Ho gjorde iallfall mykje som var utypisk for kvinner i samtida: Ho var fjellklatrar, ho var mellom dei fyrste i landet som publiserte tekstar på nynorsk og ho hadde eit stort nettverk av norske intellektuelle – både menn og kvinner.

Den grundtvigianske skuletradisjonen som Nikka Vonen var ein del av, ser ut til å ha vore kjernen i ein bygdefeministisk tradisjon i norsk historie. Det er ein tradisjon som diverre er underkommunisert og underforska, men som likevel var sentral for innføringa av kvinnestemmeretten i 1913. Før og rundt 1900 vart det etablert sterke miljø og organisasjonar av bygdekvinner som kjempa for kvinnerøysterett. Det ser me ei rekkje stader i Noreg, særleg rundt folkehøgskulane, men òg i andre bygder. Me kan finne slike miljø i mellom anna Nord-Østerdalen, Namdalen, Vest-Telemark, på Søre Sunnmøre, Voss og Ryfylke. Og me skal altså straks til Sogn og Fjordane! Men fyrst skal me til det tydelegaste og djupaste avtrykket som denne bygdefeministiske tradisjonen har sett i norsk soge.

Desse miljøa hadde nemleg svært mykje å seie for opprettinga av Landskvinnestemmerettsforeningen i 1898, som var ein utbrytarorganisasjon frå Kvinnestemmerettsforeningen. Dette var tida for lange namn! Sistnemnde, kvinnestemmerettsforeningen, hadde lenge vore kritisert for å berre vere oppteken av urbane middelklassekvinner sin situasjon. Til slutt sprakk han, nettopp på det grunnlaget – det vart kravt ein ny organisasjon som òg femnde kvinner på bygda. Fredrikke Marie Qvam, nynorskkvinne frå Nord-Trøndelag, tok leiinga i den nye organisasjonen.    

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp.

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp. “Foreningen arbeidet for stemmerett for kvinner i Norge fra 1898 til 1913, da kvinner fikk full stemmerett på lik linje med menn. Etter dette fortsatte foreningen sin aktivitet som velgerforening for kvinner fram til 1938.” Nasjonalbiblioteket.

Denne nye foreininga bygde seg raskt opp til ei stor samanslutning av kvinner frå heile landet. Den største bragda til Landskvinnestemmerettsforeningen var i 1905, rett før den nasjonale folkerøystinga om oppløysing av unionen med Sverige. Unionsoppløysing var det brennande spørsmålet mellom alle på den tida, men kvinner fekk ikkje vere med på å røyste over saka. Dermed sette Landskvinnestemmerettsforeningen i gang ei storstila innsamling av kvinneunderskrifter mot union. På berre tre veker vart det samla inn nærare 300 000 kvinneunderskrifter frå heile landet – og det om sommaren, i slåtten, i eit tid med sein postgang og dårleg infrastruktur.

Så, norske kvinner over heile landet fekk vist dei unionskritiske venstrepolitikarane at dei tok politisk ansvar. «Kvinnenes folkeavstemming», som ho vart kalla, vart dermed det sterkaste argumentet for allmenn kvinnerøysterett etter 1905. Det som hende i 1913 kan ikkje tenkjast utan kvinnerøystinga i 1905, det er historikarane samde om. Og kvinnenes folkeavstemming kom i stand fordi kvinnesak var vorte til bygdekvinnesak, og årets hundreårsjubileum kjem såleis som resultat av ei bygdefeministisk rørsle som hadde vakse seg sterk kring 1905.

Så kva då med kvinner og kvinnemiljø i Sogn og Fjordane rundt røystinga i 1905? Talet på kvinneunderskrifter frå Sogn og Fjordane som har vorte ståande, er 2451, og det var lite samanlikna med andre fylke. Så kan ein spekulere i om det hadde å gjere med at det var eit meir tradisjonelt samfunn her, også når det gjeld kjønnsroller og kor viktig ein såg på kvinnerøysterettskampen.

No er alle underskriftslistene lagde ut på nettet, så det er mogleg å telje. Då viser det seg at talet 2451 stammar frå den fyrste overleveringa til Stortinget frå LKSF då det totalt var drygt 244 000 underskrifter på landsplan. Men i løpet av hausten kom talet opp i kring 300 000, og ei ny teljing viser at det kom inn i alt 3542 underskrifter frå Sogn og Fjordane.

Det er likevel lite. Om ein held talet på kvinneunderskrifter saman med talet på menn som deltok i folkerøystinga, tilsvarar kvinneunderskriftene på landsplan 79 prosent av mannsrøystene. I Sogn og Fjordane er talet berre 21 prosent, og det er lågast av alle fylke. Ser ein på geografien, er mønsteret likevel tydeleg: Det var (nedanfrå) Sogn og Fjordane, Finnmark (26 %), Nordland (35 %), Hordaland med Bergen (37 %), Møre og Romsdal (49 %), Troms (56 %) og Rogaland (66 %) som hadde lågast oppslutnad. Det var altså i dei mest grisgrendte landsdelane med dei vanskelegaste kommunikasjonstilhøva at det vart samla inn færrast underskrifter både om ein jamfører med mannsrøystene og med folketalet. Det bør ikkje undre nokon.

Samstundes var det trass alt slik at vestlandsfylka var mellom fylka i landet med høgast valdeltaking i folkerøystinga, så mennene kom seg til røysteurnene i hopetal trass i vanskelege kommunikasjonar. Så det med tradisjonelle kjønnsroller har kanskje noko føre seg likevel?

To kvinner på kjøkkenet. Foto Perspektivet Museum.

To kvinner på kjøkkenet. Foto Perspektivet Museum.

Underskriftslistene på nettet gjer det mogleg å lage seg ein statistikk på kommunenivå (eller meir presist: valsokn sidan somme valsokn hadde fleire kommunar).

Valsokn

Kvinne-underskrifter 1905

Kvinne-underskrifter i prosent av mannsrøyster aug 1905

Sogn

1936

28 %

Gulen

140

24 %

Lavik

69

9 %

Balestrand

72

16 %

Leikanger

222

46 %

Sogndal

388

57 %

Aurland

322

61 %

Lærdal

165

31 %

Hafslo

34

7 %

Luster

524

89 %

Sunnfjord

622

13 %

Kinn med Florø

581

55 %

Bremanger

41

9 %

Nordfjord

984

19 %

Eid

257

43 %

Hornindal

216

69 %

Gloppen

237

22 %

Stryn

274

57 %

Heile fylket

3542

21 %

Heile landet

300 000

79 %

Det finst altså kvinneunderskrifter frå 15 valsokn medan 13 manglar. I Sogn gjeld det Solund, Hyllestad, Vik, Årdal og Jostedal, i Sunnfjord manglar Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Førde (med Naustdal og Vevring), og i Nordfjord manglar Selje, Davik og Innvik. At det manglar underskriftslister frå så mange kommunar, dreg sjølvsagt fylkessnittet kraftig ned. Det var òg få underskrifter frå somme av kommunane som var med på aksjonen. Går ein inn i listene, ser ein at forklaringa gjerne er at det berre vart samla underskrifter i éi eller nokre få bygder i kommunen.

Dette materialet skrik etter grundigare analysar enn dei me kan by på her. Men me kan ta ein kikk på nokre av dei som truleg stod bak dei lokale aksjonane:

  • Dokterfrua Dina Krog (Paasche) i Luster (89 %, over landssnittet!), som òg var tremenning til kvinnesaksdronninga Gina Krog i Kristiania
  • fru sokneprest Hesselberg i Hornindal (69 %) i lag med fleire kvinner frå politikarslekta Kirkhorn,
  • Magda Knagenhielm på Kaupanger (Sogndal 57 %),
  • Metta Dahl i Sogndal (57 %) som dreiv folkehøgskulen på Helgheim i lag med bror sin,
  • bergenskvinna og bokhandlarekspeditøren Marianne Brøgger på Eid (43 %) som året etter starta det som i dag er Skjeldestad bokhandel i Sogndal,
  • den aktive venstrekvinna Gina Michelsen i Lærdal (31 %),
  • Lina Midtun i Gulen (24 %), kona til lokalpolitikaren Otto Midttun.

Dette er berre nokre døme, men det viser at mange av kvinnene som stod i spissen for underskriftsaksjonen i Sogn og Fjordane, var frå same type bygdeelite som Nikka Vonen: Det var anten kvinner frå mellom- eller overklassen som hadde ressursar, tid og nettverk til å organisere slike aksjonar (som Dina Krog), eller det var kvinner frå den nye bygdeeliten som hadde arbeidd seg opp i bondesamfunnet gjennom organisasjonsarbeid og lokalpolitikk (som Lina Midttun). Bak desse leiarane flokka bygdekvinnene seg nedover på underskriftslistene, kvinner som hadde fått det politiske engasjementet sitt forma av Venstre-mobiliseringa på slutten av 1800-talet. Mange av dei hadde fått høve til å gå folkehøgskule og amtsskulekurs for jenter, og mange hadde fått høve til å engasjere seg i det aukande talet friviljuge organisasjonar på same tida. Og når Dina Krog greidde å få så mange lustrakvinner til å skrive under, hadde det neppe å gjere med at dei var meir radikale enn andre kvinner i fylket. Det hadde nok aller mest å gjere med at Krog må ha vore ein uvanleg dyktig og energisk organisator. Ho hadde i 1901 òg vorte den fyrste og einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane.

Dina Krog Paasche med mannen Einar Paasche og borna. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dina Krog Paasche med mannen Einar Paasche og borna. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bak slike personlege og til ein viss grad tilfeldige faktorar, øygnar me likevel eit mønster: Oppslutnaden var minst i områda på kysten og i Sunnfjord der høgrepartia stod sterk ved vala, og størst i Indre Nordfjord og Sogn, særleg Indre Sogn, der venstrepartia stod sterkast. Så det kan tenkjast at somme lokalmiljø gav betre arbeidsvilkår og støtte til kvinnenettverka enn andre.

Me sa tidlegare at ein kan spekulere i tradisjonelle kjønnsroller som forklaring fordi ingen har granska bygdekvinnemobiliseringa og bygdefeminismen skikkeleg. Det har heller ikkje me gjort, men denne vesle granskinga i veka etter føredraget har iallfall stadfesta at der det var lokale initiativtakarar og organisatorar med ressursar, der skreiv kvinnene under så det heldt. Ein skal ikkje sjå lenge etter før ein får auga på bygdefeminisme og bygdefeministar i Sogn og Fjordane òg. Men her er det mykje meir å finne ut, og me får vone at dette jubileumsåret får lokalhistorikarar til å saumfare underskriftslistene for å kartleggje organisatorar, nettverk og vilkåra for å gjennomføre aksjonane. Dessutan er det grunn til å spørje seg: Kom verkeleg alle underskriftslistene fram til Stortinget i 1905? Det er mystisk at så godt som heile Sunnfjord manglar, mellom anna Nikka Vonens kommune Ytre Holmedal (Fjaler). Dersom det var aksjonar også i kommunane det ikkje finst lister frå, burde det kome fram gjennom avisene frå august–september 1905.

Her er altså mykje å henge fingrane i for sogegranskarar. Likevel kan me unne oss ei stor feiring i år, ikkje berre for røysterettskampen til kvinnene i det urbane borgarskapet, men òg kampen til våre tidlegare sambygdingar i Fjordane og i Sogn.