Les meir om Amanda

Amanda Grotle Igland (1917 – 2002)

Amanda var ei rakrygga stridskvinne, men også godlynt og omgjengeleg, fortel dei som kjende henne. Smilet og latteren satt laust i ho. Få kvinner har fått utretta så mykje som Amanda. Ho spreidde kunnskap om kystkulturen og kystfolket, og fekk gjennomslag for viktige velferdsløft for fiskarfamiliane.

«Røtene mine er i fiskar- og småbrukarmiljøet..»

Amanda vaks opp i Bremanger i mellomkrigstida, i eit miljø der ein henta utkomme frå to næringar; fiskeri og jordbruk. Det var ingen overflod, men med nøysemd fekk dei endane til og møtast. Ho fortalde om trygge barneår der alle i familien var viktige i det daglege arbeidet. Om vinteren var alle samla i kjøkenet for der var det fyr i omnen. Mora og bestemora spann og vov, og karane sat der og stelte med garna sine. Så snart leksa var lært, kara ho krullar til rokken.

I kontrast til dei gode minna, sto opplevinga av uro når karane var ute på sjøen i styggevêr. Somme tider var dei borte i lang tid, og damene måtte ordne alt på land. Det vart mange tunge tak, men verst var likevel uvissa for han i båten, meinte Amanda. Ho vart sjølv fiskarkone før ho fylte tjue år, og fekk føle den uvissa.

Utkomme av fiskeria varierte frå år til år, og den økonomiske stoda i ein fiskarheim like så. Stundom gjekk det også gale på sjøen. Far, ektemann eller bror kom heim med store skadar, eller dei kom ikkje heim i det heile. I den tid fanst det ikkje forsikringar eller pensjonsordningar som sikra fiskarfamiliane økonomisk, og det var mange som fekk det svært vanskeleg. Det opprørte Amanda at kystfolket var så lite påakta.

Fiskarkvinne og politikar

Etter 2. verdskrig vart det skipa fiskarkvinnelag mange stader langs kysten, og i Bremanger vart Amanda formann i til saman 23 år. Norges fiskarkvinnelag vart skipa i 1953, og Amanda var leiar også der i 11 år. Ho var drivkrafta bak å få kvinnene representerte i Norges fiskarlag, og

I lokallaga var oppgåva frå starten av å fylle hjelpekassene og skaffe pengar til mange gode velferdstiltak. Amanda hadde stor respekt for det arbeidet, men ho meinte fiskarkvinnelaga skulle arbeide med politiske saker også. Det var tema i fleire av landsmøte-talene hennar, her sitert frå Bodø i 1977:

«Vi er ei gruppe kvinner, tilhøyrande den eldste modernæring i landet vårt, som har gjort oss svært lite gjeldande i det sokalla offentlege liv fram til vår tid. At det har vore slik, har vel i grunnen ei naturleg årsak. Bondekvinna er ein del av jordbruksnæringa, småbrukarkvinna like så, men fiskarkvinna er ikkje knytt til fiskerinæringa på same måten… Fiskarkvinna kan ikkje, som bonde- og småbrukarkvinna kan det, vere med på mannen sin arbeidsplass som for fiskarens del er båten og det store hav. Ho er husmor og mor og heimeverande for å ta seg av dei mange tusen fiskarheimane langs vår langstrakte kyst. I mange av desse heimane lyt fiskarkvinna vere åleine om ansvaret i månadsvis om gangen. … At desse fiskarane.. er glad for at dei har ei kone som ordnar opp med renter, avdrag og barneoppdragelse, nei det tviler eg ikkje på. Det hadde ikkje gått utan, heller. ..

Norges fiskarlag tek hand om.. prisforhandlingar, fiskerigrensespørsmål, fiskerisoner og langtidsplan for fiskeriene. Alt dette gjer at .. heim og miljø og våre sosiale og kulturelle interesser i den samanheng har kome i bakgrunnen. Her er det etter mitt syn kvinnelaga har si store utfordring.»

Amanda kunne ordlegge seg og argumentere slik at andre såg saka frå hennar vinkel. Ho var drivkrafta bak at kvinnene fekk innpass i Norges Fiskarlag, og ho sat i fleire politiske utval og nemnder både i fylket og på nasjonalt plan. Ho var medlem av partiet Venstre og vart vald inn i kommunestyret i Bremanger.

Både menn og kvinner langs kysten la merke til kor flink ho var med orda, og ho fekk svært mange verv. Ho engasjerte seg mest i sosiale og kulturelle saker slik ho nemner i talen i 1977, altså for familie, skule, helse, miljø og kulturvern, men også fiskerinæringa, distriktspolitikk og samferdsle på kysten fekk merksemd.

«Amanda er ein samfunnsbyggjar i ordets rette forstand», sa fylkesmann Ulveseth då ho fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1987. Lista over alt ho hadde vore med på, var lang. I alle høve evna ho å tenkje på heilskapen og til felles beste. Men då Amanda fekk høyre ho skulle få medalje i gull, hadde ho svaret klart: «Gull! Hadde det endå vore koppar!»

Pensjonatvertinne

Omkring 1970 starta Amanda og ektemannen pensjonatet Havly i Bremanger. I dei tider kom det ofte tilreisande arbeidarar frå til dømes hamnevesenet og kystverket, og det var trong for eit pensjonat. Mange hugsar Amanda først og fremst som pensjonatvertinne. Ho vart kjend for smilet og det vi i dag vil kalla sørvisinnstillinga si. Uansett kor seint ein arbeidar kom inn dørene på Havly, fekk han middag. Var det ikkje anna råd med det, gjorde ho ein «patent», det vil seie karbonade med speilegg.

Arbeidsfolket vart glade i Amanda. Ho tok det meste med godt humør, minnast ein representant frå televerket. Han skulle strekke telefonkabel frå kontoret hennar og inn i stova, og han bora seg gjennom veggen. Den var svært tjukk den veggen, men endeleg vart det då hol. Då han skulle sjå nærare på verket, hadde han bora gjennom både vegg og sofabein. Han vart både flau og lei seg, men Amanda berre lo og sa tvitydig: «Det der kunne kven so helst ha gjort!»

Ordkunstnar

Det var ikkje berre gjennom taler og gode replikkar Amanda fekk fram meininga si. Ho skreiv både artiklar og lesarbrev i avisene. Bergens Tidende hadde ei spalte dei kalla Synspunkt, og til den leverte ho mange innlegg. Ho hadde synspunkt på mangt og mykje, og dei skreiv ho ned ved kjøkenbordet tidlig om morgonen. Det var penn og papir ho brukte, og handskrifta var jamn og tydeleg.

Innimellom refleksjonar over samfunnsspørsmål og saker ho hadde lese om i avisa, kom ho med skildringar av vêret, naturen eller eit minne frå barndommen. På forunderleg vis skapte ho samanheng mellom det daglegdagse livet og dei større hendingane ho ville gi synspunkt på. Lesaren kunne lett halde tråden, og det vart slett ikkje keisamt. Fleire av synspunkta er god lesnad også i dag.

Pensjonist

For ei dame med så mange jarn i elden og så mange hjartesaker, var det kan hende ikkje lett å verte pensjonist. Ho snakka om det sjølv i ei tale til Bremanger Fiskarkvinnelag:

«Alt har si tid her i livet. ..I menneskelivet har vi barndomstid, ungdomstid manndomstid og til slutt alderdomstid og dei gråe hår. Den evige livssyklusen er uforanderlig og ubønhørlig. Du er komen til ein stille veg i livet. Har nådd dei 67 og er ikkje valbar lenger. Heretter tilhøyrer du pensjonistanes rekker for resten av di levetid. Alt har si tid.»

Dei første åra som pensjonist var ho framleis i aktivitet støtt. Men etter kvart svikta helsa, og Amanda gjekk bort i 2002 berre 83 år gamal. Arven etter ho er meir enn det jordegods barna hennar fekk. Både heimbygda Bremanger og heile kyst-Noreg har framleis nytte av det arbeidet ho la ned.

Galleri

Amanda ved vevstolen

Amanda ved vevstolen

"Silderisp" Fotograf Kinnfoto/Einar Seim ca 1920

“Silderisp” Fotograf Kinnfoto/Einar Seim ca 1920

Konstruksjon av fiskarmonumentet.

Konstruksjon av fiskarmonumentet.

Amanda med kongens fortenestemendalje

Amanda med kongens fortenestemendalje

Amanda med kongens fortenestemendalje

Amanda med kongens fortenestemendalje

Amanda med tre born

Amanda med tre born

Amanda Igland

Amanda Igland

Interiør

Interiør

 

Amanda med sin mann

Amanda med ektemann

Alle bileta har vorte gitt til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane av familien til Amanda Igland.

Lydspor: Amanda Igland

Høyr teksten om:

Amanda Igland

Tekstar av Amanda Igland

Last ned pdf-dokument for å lese Amanda sine handskrivne tekstar:

Synspunkt valg mm:

synspunkt #1

Synspunkt kvinnerolla
synspunkt #2

Fabuleringar til kringkastinga

fabuleringar

Åpent brev til Aslaug Fredriksen:brev

Kjelder

Kjelder

  • Personlege notat utlånt av familien
  • Utskrift av brev frå Fylkesmann
  • Firda Folkeblad
  • Firdaposten

 

Om Amanda Igland

Profilbilete Amanda Igland copy

Amanda Igland. Foto: privat

- Fiskarkone, organisasjonskvinne og pensjonatvertinne

Den blide Amanda (1917-2002) var frå Bremanger. Ho vaks opp i eit fiskerisamfunn ved havet, og kjende både fiskaren og fiskarkona sine kår. Ho vart sjølv fiskarkone og pensjonatvertinne. I heile sitt vaksne liv engasjerte ho seg sterkt for fiskerisamfunna og kystkulturen både i politikken og i frivillige organisasjonar.

Ei stemme for kysten
For Amanda byrja organisasjonsarbeidet for alvor etter 2. verdskrigen. Ho var med å skipa Noregs Fiskarkvinnelag i 1953 og var leiar der i 11 år. Fire år seinare fekk ho også i gong Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag. Ho såg til at kvinnene fekk styreplass i Noregs Fiskarlag, for like viktig som fiskaren var kvinna som sytte for alt heime medan han var på sjøen. Amanda var flink til å fremje saker som var viktige for kystfolk, og argumentasjonen hennar vart omtala som «kvinnekamp med meining». Blant kampsakene var rett til ferie for fiskarar som resulterte i «Lov om ferie for fiskere» i 1972.

Kulturarven på kysten
I nasjonsbygginga etter 1814 og 1905 stod bondekulturen fram som det typisk norske. Ein tok i mindre grad vare på kulturminner frå kysten, og ein snakka ikkje om ein norsk kystkultur. Amanda gjorde mykje for å løfte kystsamfunna fram i lyset og informera om levekåra til fiskarfamilien både i samtida og fortida. Mellom anna reiste ho rundt med utstillinga «Ut mot havet» og deltok i arbeidet med Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. I fleire år sat ho i styret for Kystmuseet.

Innsatsen var gull verd
I 1987 fekk Amanda Kongens Fortenestmedalje i gull. Fylkesmannen skreiv i si tilråding:
Fru Igland har gjennom eit langt liv vore ein aktiv deltakar i samfunnslivet, men det er særleg grunn til å nemne hennar arbeid for fiskarkvinnene si sak… Fylkesmannen kjenner Fru Igland som ei sterk og vidsynt kvinne. Med pågangsmot og stor arbeidskraft har ho gjort ein innsats til samfunnet sitt beste langt utover det vanlege. Utanfor kyrkja i Bremanger står eit minnesmerke over fiskarar som omkom på havet. Det var Amanda som kasta fram tanken om å reisa eit slikt minnesmerke, og to år seinare, i 1964 kunne Fiskarkvinnelaget avduka monumentet. Det står på mange måtar også som ein bauta for det store arbeidet Amanda la ned.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.