Lydfil

Høyr teksten om:

Yaklin Sabeshiny Sureskumar

Kjelder

Kjelder

  • Intervju med Yaklin Sabeshiny Sureskumar

Om Yaklin Sabeshiny Sureskumar

Portrettfoto av Yaklin Sabeshiny Sureskumar. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Yaklin Sabeshiny Sureskumar. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Lisens: Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens.

– fleirkulturell og aktiv tobarnsmor

Yaklin (1976-) kom til Eid frå Jaffna i Sri Lanka i 1997. Ho seier at det er kaldt, men godt å bu i Noreg. Ho set pris på freden, alle mogelegheitene og den velfungerande velferdsstaten. Yaklin vil bu på Eid til ungane er ferdige på vidaregåande. Sidan vil ho sjå kvar dei tek vegen.

Livet i Sri Lanka
I Sri Lanka voks Yaklin opp i ein katolsk familie. Far hennar var skreddar og mor hennar var husmor. Som elev på den katolske skulen gjekk ho til messe kvar dag. På Eid kjem ein katolsk prest frå Bergen og held messe ein gong annankvar månad. Yaklin saknar å kunne gå oftare i kyrkja, og ho syns det er synd at borna hennar ikkje lærer meir om religionen.

Familiegjenforeining
I Sri Lanka er det vanleg at foreldre finn ein passande ektemann til sine born, ein frå same religion og kaste. Yaklin gifta seg i Singapore i 1997. Sureskumar budde allereie i Noreg. Dei hadde snakka med kvarandre på telefon, men møtte kvarandre for fyrste gong i bryllaupet. Sureskumar hadde budd på Nordfjordeid heilt sidan 1986. Før dei gifta seg, søkte han om familiegjenforeining. Rett etter bryllaupet kunne også Yaklin flytta til Eid.

Livet i Noreg
På Nordfjordeid tok Yaklin norskkurs. Frå 1998 til 2000 hadde ho nokre småjobbar, først i barnehage. Sidan jobba ho i Sandane Industri, på Eid og Sandane. Her sydde ho sofatrekk. Yaklin og Sureskumar har fått to ungar, ei jente og ein gut. Yaklin er no heimeverande, noko ho trivst med. Ho forsøker å lære borna om tamilske kultur, men borna er veldig norske og omtalar det tamilske gjerne som «din gamle kultur». Borna forstår tamilsk, men snakkar stort sett berre norsk. Det er ikkje tamilskundervisning i Eid, men Yaklin underviser borna sjølv.

Aktivitetar
Yaklin likar godt å bruke tid med ungane sine. Dottera spelar fiolin og driv med symjing, og sonen spelar fotball og driv med turn. Med to aktive ungar får ho god kontakt med andre foreldre på Eid. På strikkegruppe i regi av frivilligsentralen, internasjonal kafé i regi av Røde Kors og SESAM-treff møter Yaklin både norske og utanlandske kvinner. Familien trivst godt på Nordfjordeid, men mange andre tamilske familiar har flytta frå bygda dei siste åra. Det er vanskeleg å finna arbeid, og mange flyttar til byane. Det er fem eller seks tamilske familiar på Nordfjordeid no.