Les meir om Nikka Vonen

Nikka (Nicoline Marie) Vonen

Født 14.november 1836 i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Konfirmasjonen fann stad i Davik i Nordfjord i 1851. Ho er mest kjent som skulestyrar og pedagog, men har også samla, skrive ned og gitt ut folkeminne og folkeskildringar frå Sunnfjord. Tekstane vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Etter kvart vart dei omsett til landsmål. Nikka Vonen var involvert i målstriden i pionértida til nynorsken i 1860-70-åra. Ho var ugift. Nikka Vonen døydde 97 år gamal i november 1933.

Skulegong og arbeid

Først to år ved Lindemanns Pensionat og Skole for Pigebørn av den betre Classe i Davik i Nordfjord dit ho kom i 11-12-årsalderen, så i teneste som guvernante på Kinn utanfor Florø, i Lyngdal, i Kristiania og i Drøbak. 26 år gamal tok Nikka Vonen til ved Nissens Pigeskole for Voksne i Kristiania, og mykje tyder på at ho ei tid var elev ved Eugenias Stiftelse i hovudstaden. I Kristiania fekk nok Nikka Vonen stimulert interessa si for kultur, utdanning og kunnskap og kjent på straumdraga i tida når det gjaldt samfunnsspørsmål. Ho var særs interessert i tekstane til Snorre, og han vart lesen av Nikka Vonen allereie då ho var barn.

Skule for piker

Nikka Vonen starta pensjonatskule for jenter på Steia i Dale i 1871. Den vart driven av Nikka Vonen til 1907. Om lag 800 elevar frå 11 til 20 år gjekk ved skulen som ga undervising på folke-og middelskulenivå. Den første, faste kvinnelege stortingsrepresentanten, Karen Platou (1879-1950), født i Mandal og representerte Høgre frå 1922, gjekk på skulen til Nikka Vonen. Han er karakterisert som særs viktig for utviklinga av pensjonatskulane, og hadde elevar frå utlandet i klasserommet.

Formidlar av folkeminne

Nikka Vonen samla, skreiv ned og ga ut munnleg, overleverte folkeminne i form av segner og forteljingar, tradisjonar og tru, dialektord, gåter, leikar, lækjarråd, viser og skildringar. Mesteparten av det innsamla materialet hennar er frå Sunnfjord, men noko er truleg også frå Sunnmøre og frå Gudbrandsdalen. Dette tok ho kanskje til med etter oppmoding og oppmuntring av Eilert Sundt, den første sosiologen i Noreg. Nikka Vonen møtte etter alt å døme Sundt for første gong i Dale i 1862.

Utgjevingar

Første stykket på prent frå Nikka Vonen var «En Husmandsfamilie» på riksmål i tidsskriftet Folkevennen i 1865. Husmannsfamilien var frå Dale. Om lag 20 segner vart i 1868-1869 trykt i Dølen, bladet åt Aasmund Olavson Vinje. Her kom dei første landsmåltekstane frå Vonen til lesarane. Dei var rett nok omsett til landsmål av språkforskar Hans Ross. Dialogane var på dialekt frå handa åt Nikka Vonen. Nokre år etter kom forteljingar av ho på trykk i tidsskriftet Svein Urædd og i Lauvduskar på 1870-talet – på landsmål. Soleis var Nikka Vonen ansvarleg for dei første stykka på nynorsk på trykk i det nye skriftmålet si aller første tid.

Landsmålet

Nikka Vonen meldte seg i 1872 som første kvinne inn i nynorskorganisasjonen Vestmannalaget i Bergen (skipa 1868), og var i medlemslistene åt Det Norske Samlaget til og med 1875. Nikka Vonen brevveksla med framståande personar i kultur-og samfunnsliv i landet på den tida: m.a. Bjørnstjerne Bjørnson, prest og skulemann Christopher Bruun, historikar Ernst Johan Sars.

I fjellheimen

Nikka Vonen var blant dei første kvinnene i Jotunheimen og på Galdhøpiggen, og blei medlem av Den Norske Turistforening truleg frå starten i 1868. I august 1874 vart ho kjent med den britiske fjellklatraren William C. Slingsby.

Belønning

I 1894 fekk ho Kong Oscar IIs medalje til belønning for fortjenstlig virksomhet i gull for arbeidet med pensjonatskulen. Nikka Vonen var æresmedlem i Bergen Museum.

Skulegang og yrkesbakgrunn i borgarlege krinsar

Skulegang og yrkesbakgrunn i borgarlege krinsar

Far til Nikka vart ein halden mann og gjennom kone nummer to kom han inn i kondisjonerte krinsar. 11 år gamal vart unge Nikka send til Fru Lindemanns privatskule, seinare kalla Meyers privatskule, i Davik i Nordfjord. Etter avslutta skulegang arbeidde ho nokre år som guvernante i Florø og Grimstad. I 1856 reiste Nikka til hovudstaden for å opphalde seg på eit “pigeinstitutt”, kanskje ved Eugenias Stiftelsen der hennar gamle lærarinne fru Lindemann var styrar.

Under opphaldet i hovudstaden gjekk ho i pianolære hos Halfdan Kjerulf og studerte språk.  I 1862 kom ho attende til Dale. Nokre få år seinare sette ho på ny kursen mot Christania for meir utdanning. No tok ho lærarinneseminaret ved Nissens Høyere Pikeskole.  Tilbake i Dale starta ho opp pensjonatskulen ho skulle bli kjend for, saman med enkefru Laura de Ferry Nitter.

Den skrivande Nikka

Den skrivande Nikka

- Jeg har kun gjenfortalt, hvad gamle Koner har fortalt mig, sa Nikka.  Ho såg ikkje på seg sjølv som forfattar og mykje skreiv ho anonymt.

Nokre av verka hennar:

  • En Husmandsfamilie, i Folkevennen 1865
  • Fra Søndfjord, ibid. 1866
  • At frie ved Omtalsmand, At Piger fri, Et lykkeligt Par, En huslig Scene og En nidkjær Kone, i E. Sundt: Om Sædeligheds-Tilstanden i Norge. 3. Beretning, 1866
  • Æventyr fraa Sunnfjord, i Dølen nr. 39/1868
  • Segner fraa Sunnfjord, fortalde av gamle Synnve, ibid. nr. 43, 45 og 49–50/1868 og nr. 1 og 4–7/1869
  • Anna, Borgny og Kari, i Svein Urædd nr. 34, 37 og 38/1870
  • “En Siptesoknat i Søndfjord”, i Norsk folkekultur 1925
  • Berthel Vonens Livserindringer, ibid., 1933
  • “Askepot” o.a., i R. Berge: Norsk Sogukunst, 1976

Bibliografi

Vonen, Nikka. (1865). En Husmandsfamilie. Folkevennen. 13, 369-389.

Vonen, Nikka. (1866). Fra Søndfjord. Folkevennen. 14. 57-63.

Vonen, N. (1866). At frie ved Omtalsmand, At Piger fri, Et lykkeligt Par, En huslig Scene, En nidkjær Kone. I Eilert Sundt (Red.), Om Sædeligheds-Tilstanden i Norge. 3. Beretning (s. 69-78). Kristiania : J. Chr. Abelsted forlag.

Vonen, Nikka. (1868). Æventyr fraa Sundfjord. Dølen. 1 (39).

Vonen, Nikka. (1868). Segner fraa Sunnfjord : fortald av gamle Synnve. Dølen. 1 (43, 45, 49-50).

Vonen, Nikka. (1869). Segner fraa Sunnfjord : fortald av gamle Synnve. Dølen. 1 (1, 4-7).

Vonen, Nikka. (1870). Anna, Borgny, Kari. Svein Urædd. 3 (34, 37 og 38).

Vonen, Nikka. (1925). En Siptesoknat i Søndfjord. Norsk folkekultur : Folkeminne-Tidsskrift. 11 (3,4). 94-97.

Vonen, Nikka. (1933). Berthel Vonens Livserindringer. Norsk folkekultur : Folkeminne-Tidsskrift. 19. 88-100.

Vonen, Nikka. (1934). Folkelege optegnelser fra Søndfjord. Norsk folkekultur : Folkeminne-Tidsskrift. 20 (1). 19-25.

Vonen, N. (1976). Anne i Viken, Høiberggubben, Askepot, Brudgommen som ledte efter Bruden sin, Gutten som gjorde Tinøine. Rikard Berge (Red.), Norsk Sogukunst (s. 29-40). – Oslo : Noregs Boklag.

Vonen, Nikka. (1977). Gåter frå Sunnfjord. Førde : Pedagogisk tenestekontor.

Vonen, Nikka. (1979). Bilete frå folkelivet i Sunnfjord. Førde.

Vonen, N. (1980). Borgny: (eit billæte fraa Sunnfjord), I Inger Lise Breivik, Kari Bråtveit, Anne-Marie Midtbø, Aslaug Nyrnes, Idar Stegane og Helga Thorsen (Red.), Kvinner i nynorsk prosa (s. 28-30). Oslo : Samlaget.

Vonen, Nikka. (1982). Barndomen og ungdomstida hans far. Førde : Pedagogisk tenestekontor.

Vonen, Nikka. (1982). Ein husmannsfamilie. Førde : Pedagogisk tenestekontor.

Vonen, Nikka. (1998). Høgberggubben. Fjaler. 1. 21-22.

Vonen, Nikka. (1999). Frå Jølster. Jølst. 16. 14.

Vonen, Nikka. (1999). Rasmus Kviteberg. Jølst. (s.15).

Vonen, Nikka. (2009). Familiefestar i begynnelsen av det 19.århundre. Fjaler. 12. 64-69.

Vonen, Nikka. (2009). Tunvoren i Flekke. Fjaler. 12. 20-22.

Universitetet i Oslo. Eventyr og sagn : digital samling av eventyr og sagn.

 

Nissens Høyere Pikeskole

Nissens Høyere Pikeskole

Skulen var grunnlagt av skulereformatoren Hartvig Nissen i 1849, som meinte at kvinner stort sett trong same utdanning som menn. Skulen var den fyrste høgare skulen for jenter i Noreg. Her kunne elevane ta middelskuleeksamen og seinare artium. Denne skulen var berre open for jenter frå overklassen. Frå 1860 tilbaud skulen lærarinneutdanning ved Nissen Lærerinneskole,  der Nikka gjekk.

Kjelder

Kjelder:

Tekstar om Nikka Vonen

  • Bjørhusdal, Eli. (2006). Nikka Vonen og målsaka. Fjaler. 9. 12-17.
  • Blehr, Randi. (1907). Nikka Vonen. Husmoderen. (s. 199-200).
  • Dalebu. (1933, 12.12). Då Dale tok avskil med Nikka Vonen : Sunnfjords fremste kvinna. Firda Folkeblad. Henta frå http://www.nb.no/nbsok/nb/fd049c5519cc390b0c93fa922972da7b?index=1#0
  • Fagerheim, Magne. (1998). Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år. [Dale i Sunnfjord] : Fjaler kommune.
  • Hekneby, Greta. (2010). Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne. Førde : Selja forlag.
  • Losnegård, Gaute, Losnegård, Rolf, Rivedal Henning. Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet. Leikanger : Skald forlag.
  • Lund-Iversen, Carl Lauritz. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi. 1990.
  • Meyer, Ulla. Norske kvinner : 150 portretter. Oslo : Jacob Dybwad, 1943.

Lenkjer om Nikka Vonen

Litteratur og kjelder

 

Om Nikka Vonen

- folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne

Nikka Vonen (1836-1933) var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og ho sette spor etter seg på mange felt. Ho var ivrig folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar, og ikkje minst, ho grunnla og dreiv «Pigeinstituttet», ein av dei fremste og mest kjende privatskulane i landet.

Skulestyrar
Det er fyrst og fremst som skulestyrar og pedagog Nikka Vonen vert hugsa som menneske. Ho var ein høgt akta og høgt elska lærar og oppsedar, og pensjonatskulen i Dale er sett på som banebrytande for utviklinga av pensjonatskulane i Noreg.

Nikka Vonens pensjonatskule var i drift frå 1871 til 1907 og gav undervisning på folke- og middelskulenivå. Dei fleste kom frå byar og tettstader, og dei var døtrer i familiar der foreldra hadde råd og ynskje om ei god og allsidig utdanning for dei unge jentene. Mellom anna gjekk ei av døtrene og tre sonedøtrer til Bjørnstjerne Bjørnson på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida. Jentene som kom til skulen var i alderen frå 11 og opp til 18 år gamle. Til vanleg var det rundt 24 elevar som budde på skulen, men på det meste kunne talet koma opp i 30.

Folkeminnesamlar og folkelivsskildrar
Som folkeminnesamlar er Nikka Vonen kjend i vide kretsar. Ho var særs interessert i og hadde glede av å høyre og skrive ned munnleg overlevert tradisjonsstoff.

Ho samla inn både eventyr, segner og nokre lokale folkeviser. Skildringar av folkelivet utgjer den andre gruppa av samlararbeidet hennar. Dette innsamlingsarbeidet femner om oppskrifter av dialektord, gåter, leikar og anna, og skildringar av kvardagslivet slik det tedde seg for folk i bygdene.

Lang skuletradisjon i Fjaler
Nikka Vonen var med å starta ein lang skuletradisjon i Fjaler. Denne tradisjonen vart ført vidare gjennom Wilhelmine (Willa) Falch sin skule for gutar  frå 1889 – seinare kalla Falch`s pensjonat og realskole. Denne vart teken over av dottera Ragnhild Falch i 1918, då også open for jenter. Oddleiv og Thora Fagerheim vart styrarar i 1950, og skulen flytte no inn i dei nybygde lokala Vevang ved Klokkargarden. Fagerheim dreiv skulen fram til 1968.

I nyare tid har United World College, eit verdsgymnas med 200 elevar frå 80 nasjonar, vorte etablert i kommunen, og er med å stadfesta Fjaler som ein viktig skulekommune.