Lydfil

Høyr teksten om:

Laura Sundal Skorpen

Meir om Laura

Laura Sundal Skorpen (1898 – 1990)

Oppvekst i ei lita bygd

Laura vaks opp i Norddalsfjorden, i eit lite bygdesamfunn der dei fleste levde av jordbruk og fiske. Ho fortalde sjølv at det ikkje kom mange tilreisande dit, og ikkje reiste dei stort sjølve heller. Ho hugsa godt første gong ho fekk vere med ut til Florø med bestefaren. I den tid var det ei lang reise.

Dei første skuleåra til Laura var det omgangsskule der i bygda. Lærar Høidal skifte på kva gard han held undervisninga, og Laura likte godt at han kom til deira hus. Han samla ungane kring seg inne i stova. Etter nokre år leigde far til Laura ut eit hus på garden til skulehus, og då fekk dei skikkelege pultar å sitje ved.

Laura likte skulen og var ein flink elev. Det var til læraren ho fortalde at ho så gjerne ville utdanne seg til jordmor. Han og distriktslegen hjelpte henne med søknadspapira. Ingen i bygda måtte få vite om det før ho hadde fått plass. Då ville dei helde henne for narr.

I jordmoryrket

Laura fekk plass på jordmorskulen i Bergen før ho var gammal nok til det. Ho skulle helst ha vore myndig, altså 21 år, men ho tok til ved skulen berre 18 år gammal. På den tida herja spanskesjuka i Bergen, og studentane måtte vere med å pleie dei sjuke og bere vekk lik. Det var tøft for ei ung jente, og Laura fekk sjuka sjølv også. Likevel greidde ho pliktane sine og fullførte utdanninga.

I 1919 kom ho som nyutdanna jordmor til Sør-Skorpa. Etter to år med praksis, vart ho distriktsjordmor. Det var mange øyar ho skulle nå over i alt slags ver, og i liten båt i dårleg vêr, kunne ho verte redd. Ikkje minst under 2. verdskrigen når dei måtte ha ein mann i baugen som held utkikk etter miner.

Motstandsarbeid

Laura fekk oppleve to verdskrigar. Frå den første hugsa ho mest at det var mangel på mat og utstyr. Ho var i Bergen på den tida, og heldigvis var det bra stell ved jordmorskulen så ho svalt ikkje.

Laura var aktiv i motstandsrørsla under 2. verdskrig. «Vermacht» var eit ord ho uttalte med så mykje forakt ho kunne få i stemmen. Det var om å gjere og motarbeide overmakta utan at dei fann ut av det. Laura hadde eit yrke som gjorde det naturleg å ferdast mellom øyane, og ho hadde med seg både mat og meldingar i det skjulte.  Etter frigjeringa fekk Laura Heimvernets fortenestmedalje for innsatsen.

Samfunnsengasjert

I heile sitt vaksne liv hadde Laura stemmerett, og ho interesserte seg for politikk. Det var i partiet Venstre ho fann seg til rette. Laura var også aktiv i Den Norske Sanitetsforeining, først i lokallaget for Kinn. Ho var med å starte opp fylkeslaget i 1949, og var fylkesleiar i 17 år.

Saka ho er mest kjend for i dag er etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. Den opna i 1961 etter eit langt stykke arbeid av sanitetskvinnene. Både planlegging og finansiering var det dei som sto for, i samråd med fylkeslege Blew. Staten skulle koste drifta av heimen.

Det var gjennom yrket sitt ho såg kor vanskeleg det var for dei som fekk såkalla abnorme barn. Frå gammalt av var slike barn ei straff og ei skam, og haldningane hang ved i samfunnet. Mange vart gøymde vekk i uthus eller på loft når det kom folk til garden. Laura ønskte å snu dette biletet, skape ei meir positiv haldning til psykisk utviklingshemma og gi dei eit betre liv. Institusjonane var første steg på vegen.

Seinare vart det sagt at også institusjonane gøymde vekk dei psykisk utviklingshemma, men bebuarane på Solbakken var synlege i bybiletet i Florø både til kvardags og fest. Tilnamnet «Solbakkens mor» var og er eit heidersteikn til Laura Sundal Skorpen.

 

Galleri

Laura i lyngheia på Skorpa ca. 1970. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura i lyngheia på Skorpa ca. 1970. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura som ferdig utdanna jordmor. Ho står til høgre på bildet. Fotograf: Harald Nilsen, Bergen. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura som ferdig utdanna jordmor. Ho står til høgre på bildet. Fotograf: Harald Nilsen, Bergen. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura og Bernt med yngste dotter Aud, utanfor heimen på Skorpa. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura og Bernt med yngste dotter Aud, utanfor heimen på Skorpa. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura held tale 17. mai i Florø. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura held tale 17. mai i Florø. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura i Molde i 1930. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Laura i Molde i 1930. Foto er lånt ut av Anne-Lene Norman.

Kjelder

Kjelder

  • Intervju med Laura S Skorpen gjort av Floraskulen
  • Hamre, Britt (2007) Jordmorutdanning i Bergen : et historisk tilbakeblikk på jordmoryrket. Høgskolen i Bergen.

Om Laura Sundal Skorpen

laurasundalskorpen copy

Laura Sundal Skorpen. Foto: Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane

– jordmor og sanitetskvinne

Laura er kjend for mange som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen hadde ho ein finger med i mange velferdstiltak i kystbyen Florø. Godar ein i dag tek for gitt, var ho og andre sanitetskvinner med på å skapa.

Jordmor
Det låg ikkje i dagen at Laura skulle verta jordmor då ho vart fødd i Norddalsfjorden i 1898. Jenter skulle stella seg slik at dei vart godt gifte, og elles ikkje stikka seg fram i dei dagar. Men med god hjelp frå distriktslegen, fekk ho plass på Jordmorskulen i Bergen. I 1919 kom ho til øya Skorpa som nyutdanna distriktsjordmor. Ho tok imot om lag 2000 barn i si karriere. Som jordmor kom ho tett på familielivet, og ho såg korleis barn som var «annleis skapt» vart gøymde vekk. Det var ei skam å få eit slikt barn, og det vart ofte ei tung bør for familien.

Krigstid
Laura jobba som jordmor på øyene då krigen kom til landet. Ho fortsette i jobben sjølv om dette innebar at ho måtte reisa i båt medan minene låg og flaut mellom holmar og skjær.  Laura deltok i motstandsrørsla under krigen og fekk Heimevernet si fortenestemedalje for dette.

Sanitetskvinne
Laura vart tidleg med i Kinn Sanitetsforeining. Det var naturleg for ei jordmor å vera engasjert i folkehelsa, og gjennom foreininga spreidde ho også kunnskap om «abnorme børn» eller «åndssvake» som dei vart kalla. Ho ville løfta dei fram i lyset og gi både dei og familiane deira eit betre liv.  I 1949 vart Sogn og Fjordane Sanitetsforeining skipa, og Laura fekk formannsvervet. Laget fekk mange viktige saker å arbeida med. Ideen om å bygga ein «åndssvakeheim» var ein av dei, og Laura fekk fylkeslege Blew med seg i planarbeidet. På Solbakken fekk 32 born ein ny kvardag i 1960.

Livsmotto
Laura sa sjølv ho gjerne ville trøysta, oppmuntra og hjelpa menneske som hadde det vondt. Gjennom alt arbeidet ho la ned som jordmor, sanitetskvinne og venstrepolitikar lukkast ho godt med det. Det ho gjorde som medmenneske står ikkje oppført i nokon protokoll, men mange hugsar henne som ei hjartevarm og imøtekommande, men også myndig dame.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.