Brev frå Dagny Juel

Brev frå Dagny Juel til Randi Blehr hausten 1889

Kjære tante, det er noget som hviler tungt på min samvittighed! Tænk jig glemte Marte Movikens kopper. Jig skulle ha sendt hende 4 par kopper fra Bergen. Søte dig kunde ikke du kjøbe nogen hos Sivertsen og sende hende, så skal jeg sende dig pengerne i frimærker? Du gjør mig en skrækkelig stor tjeneste i såfald.

Lydfil

Høyr teksten om:

Marte Moviken

Galleri

Nils og Marte Movik. Fotograf: Brødrene Larm. Foto: Sunnfjord Museum

Nils og Marte Movik. Fotograf: Brødrene Larm. Foto: Sunnfjord Museum

Sunnfjordske ammer på Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra. Illustrasjon: Johan F. L. Dreier/Universitetsbiblioteket i Bergen

Sunnfjordske ammer på Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra. Illustrasjon: Johan F. L. Dreier/Universitetsbiblioteket i Bergen

Sunnfjordske ammer - Prospekt av Nygård, Dreier 1830

Husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Interiør #2 frå husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Interiør frå husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Interiør frå husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Interiør frå husmannsstova til Marte Movik på Sunnfjord Museum. Foto: Sunnfjord Museum

Kjelder

Kjelder

  • Martinius K. Kusslid: Fattigannssoga. Nils og Marte Movik. Jul i Sunnfjord 1934.
  • Asbjørn Tyssen: Sunnfjord Museum. Husmannsplassen. Jul i Sunnfjord 1994.
  • Riksarkivet. Privatarkiv 233 Blehr.
  • Eilert Sundt: Om sædelighedstilstanden i Norge II. Utgåve Oslo 1968

Om Marte Moviken

Portrett Marte Movik copy

Marte Movik. Foto Brødr. Larm/Sunnfjord Museum. Creative Commons-lisens.

– husmannskone, byamme og innovatør

Marte (1814-1905) gifta seg i 1844 med husmannssonen Nils i Movika – no Sunnfjord Museum. Same året fekk dei to feste på plassen etter foreldra hans, men armoda var stor og dei trong midlar til å betale leige og anna som ikkje kunne godtgjerast med bytearbeid og naturalia. Det den arbeidssame Nils kunne tena på vintersildfiske og leigearbeid var ikkje nok.

Til Bergen som våtamme  og tørramme
På Marte si tid var det ikkje uvanleg at unge, fattige sunnfjordkoner drog til Bergen og livnærte seg som ammer for rikmannsborn, i heimar der mora sjølv ikkje ville eller kunne amma borna sine. Dette blei også inntektskjelda for Marte. Då sonen Kristian vart fødd, tok ho han med seg og vart amme hjå ein borgarfamile, først som våtamme, seinare som tørramme, det vil seie barnejente for ungane som ikkje lenger trong morsmjølk. Marte var i Bergen i 11 år.

Usynlege og synlege
Sosiologen Eilert Sundt var mykje i Sunnfjord på denne tida.  Om ammene i Bergen skriv han: Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen. Dette er nok ei presis skildring av sunnfjordkonene; dei kledde seg som dei ville gjort ein søndag heime og stakk seg ikkje fram, men av same grunn vart dei synlege som eit gammaldags innslag i bybiletet.

Heimatt med nye skikkar
Marte og dei andre byammene kom attende til ein heim og eit samfunn som var annleis enn det dei forlet i byen. Det kunne bli folkesnakk om ein ny måte å gjera ting på, eit nytt bomullsforkle eller ein gulldekorert kaffikopp, og om Marte er det fortalt at ho var den fyrste her i bygda som hadde potteplantar i glaskarmen.

Overkvalifisert til husmannsplassen, kvalifisert til futegarden
I Marte sitt nærmiljø låg futegarden Bruland der det var tett mellom fine selskap og store festar. Då var det behov for tenestefolk. Kompetansen Marte hadde med seg frå byen var heller unyttig i husmannstova i Movika men desto meir nyttig på futegarden. Truleg var Marte ein trufast hjelpar der, for husmannskona frå Movika var godt kjend med futen si kone, stemmerettsforkjemparen Randi Blehr og niesa hennar, pianisten og forfattarinna Dagny Juel. Vi må rekne med at ho også høyrde noko om kvinnesak!