Lydfil

Høyr teksten om:

Ingeborg Brekke

Avisartikkel: “Paulus hadde no vel ikkje greie på kvinnfolk!”

"Paulus hadde vel ikkje greie på kvinnfolk" 16.07.1983

Avisa Nordhordland 16.07.1983

Kjelder

Kjelder:

Skriftlege kjelder:

  • NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Ingeborg Brekke
  • Avisa «Nordhordland» 16. juni 1983, Dag-Tore Anfinsen
  • Avisa «Gula Tidend» 14. april 1978, Oddbjørn Rosnes
  • Wikipedia: Ingeborg Brekke
  • Avisa “Nordhordland” (14.10.2010): Brekkestranda førti år.
  • Hotellet sin nettstad: Brekkestranda.no
  • Fylkeskommunalt arkiv: Likestillingsutvalet sak 11 og 13, 1990.

Munnlege kjelder:

  • Bjørn Brekke
  • Bjarne Dåe
  • Kjerstin Risnes

Om Ingeborg Brekke

Ingeborg Brekke. Foto: Hans Petter Martinussen

Ingeborg Brekke. Foto: Hans Petter Martinussen Creative Commons-lisens.

– kvinnesakskvinne, ukonvensjonell gründer og samfunnsdebattant

Som ufaglært kvinne gjekk Ingeborg Brekke (1909-1999) inn i dei tradisjonelle kvinneyrka; som kokke, telegrafstyrar og postopnar. Ho var ei kvinne med sterk utstråling som fekk bygdefolket med seg i planane om å bygga eit originalt hotell i Brekke i Gulen. Ho skreiv lokalhistorie og debatterte heftig i radio og aviser.

«Det skeive hotellet på Brekkestranda»
Ingeborg såg det var trong for ein overnattingsstad og hyrte inn arkitekten Bjørn Simonnæs. Han teikna eit svært uvanleg bygg, der nesten ingen vinklar er rette. Materialvalet speglar gleda over naturen som Ingeborg  og arkitekten delte. Bygget vekte stor interesse blant arkitektar internasjonalt og i riksdekkande massemedia.

Dugnad i bygda
Bygdefolk støtta opp om Ingeborg sitt prosjekt og støypinga blei gjort på dugnad. Men planlegginga, byggeleiinga og reinsing av bakhunen, var det 60 år gamle Ingeborg , som tok seg av. I dag byrjar mange å planleggja pensjonstilværet og eit roleg liv i denne alderen, men ikkje Ingeborg. Ho må ha vore energisk, modig og hatt stor tru på seg sjølv for å ta den risikoen det var å bygga opp si eiga verksemd i den alderen. Slik skapte ho arbeid både til seg sjølv og andre.

Ei spesiell vertinne
Brekkestranda Fjordpensjonat var det første namnet på bedrifta, som vart opna i 1970. Vertinna  var glad i folk og fekk god kontakt med gjestene. Ho fortalde historier og song for dei. I 1976 vart sonen Bjørn med i drifta. Seinare er hotellet selt og anlegget har blitt utvida i fleire omgangar. Med utsikt over Sognefjorden og med fjella i bakkant er det sjølvsagt naturen som trekkjer folk til hotellet.

Samfunnsdebattanten
Ingeborg Brekke var svært samfunnsengasjert.  Ho var oppteken av kvinner sine kår og, og kvinnene si stilling innanfor kyrkja var eit hovudtema for henne. Ho slost for likestilling i Den norske kyrkja og for at vi skulle få kvinnelege prestar. Radiodebattane ho tok del i kunne bli svært så oppheta. Ho skreiv også innlegg i avisene.

Likestillingsprisen
Ingeborg Brekke fekk Likestillingsprisen for 1989 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for sitt iherdige virke og store engasjement. Dette var ein keramikkstatuett av St. Sunniva laga av kunstnaren Turid Haye.