Galleri

Gamlehuset i Varlia 1935.

Gamlehuset i Varlia 1935. Biletet er teke ovanfor huset med havet og øyane i bakgrunnen. Huset vart fråflytta i 1978 og det vart bygd nytt hus i 1989. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Murane frå det gamle kvernhuset i Varlia. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Murane frå det gamle kvernhuset i Varlia. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kyrkjebok som dokumenterer Rangele sin død i 1707.

Kyrkjebok som dokumenterer Rangele sin død i 1707.

Kvinners rettslege stilling på 1600-talet

Kvinners rettslege stilling på 1600-talet

I det mannsdominerte samfunnet på 1600-talet var ikkje kvinner heilt avskorne frå å ha rettsleg mynde. Som hushaldsoverhovud hadde enkjer høve til å møte på tinget, og dei hadde elles plikt til å yte skatt og andre tenester til staten på lik line med menn.  Gifte kvinner var meir underordna mannen, og vart formelt sett ikkje myndige før i 1888. Men lov og praksis skilte ofte lag. Undersøkingar har vist at gifte kvinner ofte inngjekk avtalar, stifta gjeld og slutta rettslege avtalar.

Lydfil

Høyr teksten om:

Rangele Varlid

Kjelder

Kjelder:

  • Kellmer, Inger (1990) Hyllestad bygdebok : soga om folket. Bd. 1. Hyllestad: Hyllestadkommune
  • Kellmer, Inger (1993) Hyllestad bygdebok : soga om folket. Bd. 2. Hyllestad: Hyllestadkommune
  • Tranberg, Anna og Vinge, Harald (red.) (1995) Kvinnekår i det gamle samfunnet
  • Blom, Ida og Sogner, Søvi (red.) (2005) Med kjønnsperspektiv på norsk historie : fra vikingtid til 2000-årsskiftet
  • Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 1 (1706-1711), Kronologisk liste 1707, side 25

Om Rangele Lassesdotter Varlid

Illustrasjon av kvinne: Olav Rusti Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Illustrasjon av kvinne: Olav Rusti Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

 -  tre ektemenn og brur i høg alder

Rangele Lassedotter ( 1620-1707) frå Hyllestad må ha vore kring 80 år då ho i 1700 gjekk opp kyrkjegolvet i Hyllestad for å bli vigd for tredje gong. Brudgommen var om lag 25 år yngre enn den vordande kona si. Dette giftarmålet handlar neppe om kjærleik, men det fortel om kvinneliv og ålmenne trekk ved det gamle bondesamfunnet.

Omriss av eit liv
Rangele kjem inn i historia i ei tid då kjeldene byrjar å namngje folk. Frå 1600-talet får fleire og fleire dei viktigaste hendingane i liva sine, som dåp og gravferd, innførte i ei kyrkjebok. Likevel er det svært lite vi veit om Rangele. Då ho døydde i 1707, vert det opplyst i kyrkjeboka at ho hadde nådd den høge alderen av 87 år, og at foreldra heitte Lasse Olson Nes og Siri Olsdotter. Rangele må såleis ha blitt fødd rundt 1620, truleg på garden Nes i Hyllestad.

Ho kom til Varlia då ho gifta seg med ein Nils Knutson. I 1686 blei Rangele gift for andre gong. Denne ektemaken, Ole Knutson, tok nokre år etter livet av seg. I 1700 vart ho ektevia for tredje gong, med Lars Arneson, opphavleg frå garden Smilla. Rangele fekk, etter det kjeldene fortel  oss, ingen born.

Giftarmål og levebrød
Sjølv om det ikkje var vanleg med brurer på 80 år, så var skikken med oppattgifte utbreidd. Det galdt rett nok i større grad for menn enn for kvinner. Men òg mange enkjer valde å gifta seg på nytt, særleg dersom dei var unge då ektefellen fall i frå. I folketeljinga 1801 skal kring 15 % av alle ekteskap ha vore mellom enkjer og tidlegare ugifte menn.

Å gifta seg var nærast synonymt med å ha tilgang til eit levebrød. For mange menn var ekteskap med enkjer ein måte å sikra ei utkome på, sjølv aldersskilnaden mellom dei var stor. For enkjene på si side, var det ofte naudsynt å få inn mannleg arbeidskraft, anten dette skjedde ved hjelp av tenarar eller gjennom eit nytt ekteskap.

Likevel sit vi att med spørsmålet om kvifor Rangele valde å gifta seg på nytt i så høg alder. Truleg kunne ho ha overlate garden til yngre krefter, og sjølv ha sikra seg eit kår – eller tykte ho at dette var ei usikker form for «pensjon»? Var det kanskje ein sterk personlegdom som gjorde at ho ville ha styringa med garden, eller skuldast det ei særleg otte for alderdomen, ettersom ho ikkje hadde born som kunne ta seg av henne?