Lydfil

Høyr teksten om:

Erna Osland

Bøkene til Erna Osland

SKJØNNLITTERATUR

  • Natteramnen. Ungdomsroman. Samlaget 1987
  • Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen Barneroman. Ill.av Arne Roar Lund. Samlaget 1988
  • Noas løve Barneroman.Samlaget 1989
  • Kryssord Barneroman. Samlaget 1990
  • Reisa til Maria Ungdomsroman. Damm 1991
  • Ellinor Ungdomsroman. Samlaget 1992.
  • Søte drops og skarpe knivar Daniella D-serien. Damm 1992
  • Hauk over hauk Daniella D-serien. Damm 1993
  • Svart hane Daniella D-serien. Damm 1993
  • Ulvens skugge Ungdomsroman. Samlaget 1993
  • Ringar i blod Svart Sirius. Samlaget 1994
  • I grevens tid Daniella D-serien. Damm 1994
  • Blindt mysterium Svart Sirius. Damm 1995
  • Matti og den store stjernepassaren Barneroman. Samlaget 1995
  • Farleg mørker Svart Sirius. Samlaget 1996
  • Det sjette grepet Ill. av M.M. Malvin. Sirius Ungdom. Samlaget 1997
  • Svimmel Ungdomsroman. Samlaget 1997
  • Kattespranget Barneroman. Samlaget 1998
  • Sikkert som S Barneroman. Ill. av Rolf Jansson. Samlaget 1998
  • Salamanderryttaren Barneroman. Samlaget 1999
  • Ligge på vinden Barneroman. Samlaget 2000
  • Rid i natt Ungdomsroman. Samlaget 2001
  • Berre du som veit Noveller. Samlaget 2003
  • Nær nok Noveller. Samlaget 2004
  • Perfekte par Noveller. Samlaget 2005
  • Den farlege reisa Barneroman. Vignettar av Inger Lise Belsvik. Samlaget 2006
  • Den uendelege reisa. Barneroman. Vignettar av Mikkel Grüner Samlaget 2009

Mest for vaksne

  •  Du er vel vakker. Roman. Teikningar av Johanne Marie Hansen-Krone. ( Leser søker bok.) Samlaget 2006

FAGBØKER

  •  Tunnelkjøraren. Sirius Fakta, Samlaget 1993
  • Mysteriets rose. Damm 1996
  • Ivar Aasen – ei historie om kjærleik (Teikneserie saman med Arild Midthun.) Samlaget 1996
  • Skarpe tenner Ill. av Marvin Halleraker. Mangschou Forlag 2005
  • Fint å ha far Ill. av Marvin Halleraker. Mangschou 2006
  • Dyrebare venner Ill. av Tone K. Lileng. Mangschou 2008
  • Hår i millionar år. (Illustrert verdshistorie for unge.) Samlaget 2000

Mest for vaksne

  •  Bruke havet. (Pionertid i norsk fiskeoppdrett.) Samlaget 1990

DRAMA

  •  Rekneprisen Einaktar. Samlaget 2007
  • Perlepappaen. Hørespel. Transit 2008

 

Kjelde: Erna Osland si eiga nettside.

 

Kjelder

Kjelder:

Om Erna Osland

Erna Osland. Foto: Lene Løtvedt

Erna Osland. Foto: Lene Løtvedt

– prisløna forfattar og lærar

Erna Osland (1951-) frå Høyanger  har skrive om lag 40 bøker sidan debutboka «Natteramnen» kom i 1987. Den tidlegare læraren skriv mest bøker for born og unge, og ho er ikkje redd for å utfordra lesarane sine.

Lærar
Erna vaks opp som dotter av ein skiftarbeidar i industristaden Høyanger. Arbeidarjenta tok utdanning, vart lektor og skreiv hovudfagsoppgåve om barnelitteratur. Ho har undervist både på barne- og ungdomsskule, samt i den vidaregåande skulen. Då Erna debuterte med si fyrste bok i 1987, hadde ho jobba som lærar i ti år. Den tette kontakta med ungdom har vore med å forma Erna som forfattar. Erna skreiv fleire bøker medan ho jobba som lærar, men i 1993 la ho til side kritt og svamp for å skriva på fulltid.

Språk, fag og moro
Som nynorskforfattar har Erna engasjert seg for å skapa ei større breidde i boktilbodet for born og unge. Ho har blant anna fokusert på lettlesne bøker på nynorsk. Andre døme på hennar arbeid er skodespelet Rekneprinsen som turnerte med den Kulturelle skulesekken i 2007, og to seriar for radioteateret innspelt i Førde. I tillegg til barne- og ungdomsbøker har Erna også skrive fleire fagbøker for born. Eit døme på dette er ei bok som formidlar Ivar Aasen sitt prosjekt i teikneserieform.

Ein fornyar
Erna Osland er ein forfattar som ikkje er redd dei store tema. Hennar karakterar set ord på det farlege og vanskelege. Erna har blant anna skrive om sorg, incest, mobbing, steling, vanskeleg kjærleik og om det å sakna ein far. Det er inga lett oppgåve å leggja ord i munnen på born og unge på den måten Erna gjer i bøkene sine, men det er tydleg at ho kjenner sitt publikum godt. Ho må ha bore med seg ei barnlege undring inn i vaksenlivet. Ho formidlar godt ei uvisse som born og unge kjenner på, der sanning og moral ikkje alltid er absolutte storleikar. Som formidlar er ho ikkje påtrengjande og formanande, men inviterer lesarane med seg i undringa og utforskinga av verda.

Prisar og utmerkingar
Sidan debuten har det har hagla med prisar og utmerkingar. Erna har blant anna fått Brageprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kyrkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur. Også internasjonalt har Erna utmerka seg.

I 2004 vart Erna, som den fyrste barnebokforfattaren, festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), og etter dette har ho også vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).