Lydfil

Høyr teksten om:

Anna Herland

Galleri

Bilete frå 'Jul i Sogn 1962' frå avdukinga av 'The Norwegian Lady' i Virginia Beach, USA. Anna Herland og Erik Bye framfor støtta.

Frå avdukinga av ‘The Norwegian Lady’ i Virginia Beach, USA 1962. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anna Herland i båt. Fotograf: R. Kvaale / B. Fjørtoft 1955

Anna Herland i båt. Fotograf: R. Kvaale / B. Fjørtoft 1955

Kjelder

Kjelder:

  • Hans H. Steinsund: Anna Herland – første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane. Artikkel nr. SFFkl-1000585
  • http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=16
  • Anna Sofie Herland – Fylkesleksikon NRK
  • Engesæter og Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1988.
  • Fylkestidende for Sogn og Fjordane, laurdag 21. januar 1956

 

Om Anna Herland

Anna Herland. Foto: NÅ, Billedbladet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anna Herland. Foto: NÅ, Billedbladet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

- vår fyrste kvinnelege ordførar

Anna Herland (1913-1990) vart landskjend då ho i 1955 vart vald til ordførar i Solund. Midt i husmortiåret var det ein sensasjon. Berre Utsira (1936) og Lillehammer (1940) hadde hatt kvinneleg ordførar før. I Sogn og Fjordane var ho den aller fyrste.

Livets skule i havgapet
Anna Sofie Strømmen voks opp som den eldste av 10 sysken på Geitarøy ved Kolgrov i Ytre Solund. Utdanninga hennar var sju års folkeskule, men livet gav henne ein allsidig praksis. Under krigen var ho mellom anna med og løynde flyktningar. Ho gifta seg med Oskar Herland og flytte til vêrharde Indrevær, heilt ute mot storhavet. Som islands- og grønlandsfiskar var Oskar borte store delar av året, så Anna var langt ifrå arbeidslaus med tre born og ansvaret for alt heime. I Indrevær var det ikkje telefon, og Solund hadde verken elektrisitet eller veg.

Ubetalt ordførar og sekretær på si
Anna Herland stod på Venstrelista og vart som einaste kvinne innvald i Solund kommunestyre i 1955. Mange undrast og var skeptiske då ho vart vald som ordførar. Ho var ei kvinne frå «grasrota», utan politisk røynsle. Men Anna hadde gode evner, talegåver, humoristisk sans og ikkje minst god arbeidslyst. Ordførarvervet var ubetalt, men Anna tok også på seg sekretærjobben i kommunen og tente såleis 5000 kroner i året. Som fyrste og einaste kvinne var ho også medlem av fylkestinget 1956-59. Der vart ho motteken som ei dronning, seier soga, og hausta både velvilje og ekstra kroner til Solund. Ho var vararepresentant på Stortinget i 1958-65.

Viktige saker og vanskeleg veg
Som ordførar hadde Anna Herland store saker å ta fatt på. Til Fylkestidende for Sogn og Fjordane sa ho i januar 1956 at «Den elektriske kraftutbyggingen i Solund har første prioritet (…) Deretter kan vi ta fatt på veibyggingen.» Betre kaiar og hamner til fiskebåtane, ny aldersheim og ny legeskyssbåt var også viktige saker for henne. Reisa frå Indrevær til kommunesenteret på Hardbakke var lang og strabasiøs, så ho gav seg i politikken etter ein periode.

 «The Norwegian Lady»
Ei stor ære var det då Anna Herland fekk delta i Erik Bye sitt populære radioshow Vi går om bord. Men si aller mest eventyrlege oppleving fekk ho likevel i 1962, då ho vart vald til å representera alle norske kvinner og avduka statuen «The Norwegian Lady» i Virginia Beach, USA.

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.