Lydfil

Høyr teksten om:

Malene Sandved

Husmorskulen

Trong for husmorskule

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

«Skal ein gardsbrukar med landbruksskuleutdanning faa bruka sine kunnskapar, so treng han sanneleg ei kjæring, som forstaar å stella huset og laga mat og elles vera honom til hjelp. Greider ho ikkje det, er eg ræd mannen snart gjeng trøytt og læt det skura som best han kan.» Andreas Sande, Fjaler

«Her var strenge reglar, alle i hus kl. 10. – Det eg hugsar som ein tvang var tresko og sekkeforklede. Det var uniform i kjellar, fjøs, og i utearbeid. Inga dongeribuksa!» Gudrun F. Loftesnes i «På husmorskule i Stryn i 1932» (So han sa…2007)

Timeplan i dei teoretiske faga:

30 t. Sundhedslære med distriktslege H. Chr. Brodtkorb
40 t. Kostlære med lærarinne Serina Sandved
16 t. Husdyrlære med amtsveterinær Sorterup og amtsagronom Elias Faleide
20 t. Song med Jacob Myklebust
30 t. Norsk med lærarinne Serina Sandved
6 t. Hagebrukslære med amtsgartnar Hartvig Hidle

Den praktiske undervisninga

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Husholdning/kjøken: baking, sylting, safting, hermetisering, kjøt- og fiskemat. Den daglege matlaging og oppvask.

Systove: linsaum, rissing og tilklipping av mønster. Kvar elev sydde eit sett undertøy, ei skjorte, bluseliv og blåtøykjolar.

Vev: Elevane skulle veve ting dei fekk bruk for seinare som handkle, serviettar, kjoletøy, blusetøy, gardiner og litt smettvev.

Vask: klevask, rulling, stryking, stopping og lapping. I tillegg baka dei flatbrød og hadde litt spon- og «raffiaarbeide».

Elevane strikka kvar sitt strømpepar, og dei sauma jamvel kvar sitt skopar! Om kveldane gjorde dei finare arbeid under tilsyn av Serina Sandved.

Galleri

Kokkekurs. Foto lånt ut av Helga Skjolden

Kokkekurs. Foto lånt ut av Helga Skjolden

Kroken husmorskule i 1929. Fire jenter ved vaskehuset. Fv. Anna Ulvik, Magnhild Dale, Urnes, Emma Lovise Sætenes og Ragnhild Eikrem. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kroken husmorskule i 1929. Fire jenter ved vaskehuset. Fv. Anna Ulvik, Magnhild Dale, Urnes, Emma Lovise Sætenes og Ragnhild Eikrem. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Husstellskulen i Stryn. Fotograf: I. Dårflot

Husstellskulen i Stryn. Fotograf: I. Dårflot

Husstellskulen i Stryn. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Husstellskulen i Stryn. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Husstellskulen i Stryn. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Husstellskulen i Stryn. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

Elevar på «husholdningspartiet» lærte alt frå den daglege matlaginga til baking, sylting, safting, hermetisering og opplaging av fisk og kjøtmat. Undervisninga i matstell var konsentrert om alminneleg bondekost, og det vart brukt mest mogleg heimeavla produkt. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Elevar og tilsette ved husmorskulen i Stryn, med Malene Sandved. Biletet er teke mellom 1913 og 1919. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og tilsette ved husmorskulen i Stryn, med Malene Sandved. Biletet er teke mellom 1913 og 1919. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved husmorskulen i Stryn skuleåret 1916-1917. Malene Sandved sit i midten. I bakgrunnen Hotel Central, der skulen heldt hus. Fotograf Jens Knutsen Maurseth. Foto Fylkesarkivet

Elevar ved husmorskulen i Stryn skuleåret 1916-1917. Malene Sandved sit i midten. I bakgrunnen Hotel Central, der skulen heldt hus. Fotograf Jens Knutsen Maurseth. Foto Fylkesarkivet

Elevane på «vaskepartiet» lærte også å bake flatbrød, i tillegg til klevask, rulling, stopping og lapping. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Elevane på «vaskepartiet» lærte også å bake flatbrød, i tillegg til klevask, rulling, stopping og lapping. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

«Sypartiet» i sving ved symaskinene. Kvar elev skulle sy eit sett undertøy, blusetøy, ei skjorte, bluseliv og blåtøykjolar. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

«Sypartiet» i sving ved symaskinene. Kvar elev skulle sy eit sett undertøy, blusetøy, ei skjorte, bluseliv og blåtøykjolar. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sokneprest Samuel Sandved. Fotograf: H. Wiig

Sokneprest Samuel Sandved. Fotograf: H. Wiig

"Nogen opskrifter" av Malene Sandved

Kjelder

Kjelder:

  • Bøe Kleppe, Torhild (2002) Utviklinga av Husmorskulen i Stryn i 90 år.
  • Engesæter, Aage og Thue, Johs. B. (1988) Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. (s. 128 -133 og s. 86-89) Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Faleide, Edvard (2005) Historia om ei hotellverksemd V. Stryn historielag sitt årsskrift for 2005 s. 16-33
  • Kongsvik, Åse og Støfringsdal (2002), Kari; Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar. Selja Forlag
  • Loftesnes, Gudrun F. (1983) På husmorskulen i Stryn i 1932. So han sa…2007 s. 80-81
  • Lunde, Jens (1957) Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år. (s. 190-193)
  • Sæbø, A. I. (1998) Husstellfagskulen i Kroken 1897 – 1957. Pridlao nr. 2 / 1998 s. 64-65
  • Vanberg, Rune (?) II Husmorskulen i Stryn gjennom 75 år 1913 – 1988.

Om Malene Sandved

Malene Sandved med sine born. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

– den fyrste styraren ved husmorskulen i Stryn

Malene Sandved var ei føregangskvinne for eit godt og sunt kosthald. Ho heldt mange frukt- og grønsakskurs omkring i «amtet» og skreiv ei kokebok som har vore viktig for mange husmødrer i fylket vårt.

Prestefrue og mor til 10
Malene (1867-1948) var fødd på Jæren. Ho gifte seg med sokneprest Samuel Pedersen Sandved og saman flytta dei til Årdal. I 1908 døydde presten brått, og fru Sandved sat åleine att med ein stor barneflokk. I fleire år hadde ho allereie halde kurs i «frugt og grønsakers anvendelse» i regi av Landbrukslaget. Dette la grunnlaget for yrkeskarrieren hennar som styrar ved husmorskulen i Stryn.

Utdanning for kvinner
Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus Amt som det heitte den gong) var svært tidleg ute med utdanning for kvinner. Alt i 1877 var det ein «amtskole for jenter» i Holmedal. Etter kvart kom det krav om å utvide dette utdanningstilbodet for jenter. På den tida då jordbruk var hovudnæringa var husmora sine arbeidsoppgåver på ein gard svært omfattande og krevjande. Alt stell av mat, hus, fjøs og klede, samt av born og gamle, var hennar ansvar. For å bli ei dugande husmor måtte det utdanning til. På årsmøtet til Nordre Bergenhus Landbrukslag i 1911 heldt Malene Sandved eit foredrag om «Hvad der kan gjøres for unge kvinders utdannelse til dyktige husmødrer».

Ei «velskikka styrarinde»
Husmorskulen i Stryn kom i gang i 1913 med Malene Sandved som fyrste styrar. Ho var allereie «kjendt som en særdeles dygtig husmor med betydelig anseelse inden amtet», og vart vurdert som ei «velskikka styrarinde». Den eldste dottera hennar, Serina Sandved, vart tilsett som lærarinne. Undervisninga gjekk over 5 månader og skulle gjere dei unge jentene til dyktige husmødrer. Av elevane var fru Sandved omtykt og respektert, og dei vart glad i henne. På si side tykte styrarinna også om elevane. I årsmeldinga skreiv ho: «Elevenes opførsel og forhold var under hele kurset det allerbedste.»

Frukt og grønsakskurs
Malene Sandved var styrarinne i fleire år, og kvar haust hadde ho kurs i frukt og grønsaker rundt omkring i amtet. Etter kvart gjekk ho over i fast stilling som vandrelærarinne for Landbrukslaget. Dette gjorde ho heilt til ho fylte 60, og fylkestinget strauk løyvinga for desse kursa. Då hadde ho etterlete seg mange gode minne frå sitt arbeid i fylket.

Creative Commons-lisens Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.