Lydfil

Høyr teksten om:

Edith Refvik

Galleri

Siste dag på Domstein på Trollebø. Fotograf Kari Midtgård Råsberg - Fjordenes Tidende

Siste dag på Domstein på Trollebø. Fotograf Kari Midtgård Råsberg – Fjordenes Tidende

 

Edith Refvik

Edith Refvik

Edith Refvik. Foto Karoline Refvik

Edith Refvik. Foto Karoline Refvik

Vågsøy kommunestyre 1992-1995.

Edith Refvik var med i Vågsøy kommunestyre 1992-1995.

Pakking av pigghå på fiskebua til Domstein. Ein ser Edith Søvik til venstre, og Edith Myrold til høgre på biletet. 1950-60.Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Pakking av seifilet på fiskeanlegget til R. Domstein & Co ca 1950/-60.

Pakking av seifilet på fiskeanlegget til R. Domstein & Co ca 1950/-60.

Kjelder

Kjelder:

Om Edith Refvik

Edith Refvik. Foto: Karoline Refvik

Edith Refvik. Foto: Karoline Refvik

- husmor og firebarnsmor, butikkekspeditør, arbeidar, tillitsvald og kommunepolitikar.  

«Det er ikkje noko uvanleg med meg, vil eg tru. Men eg er fødd og har røtene mine i eit samfunn så mykje annleis enn det vi tek for sjølvsagt.»

Oppvekst i ei nær, men annleis tid
Edith (1945-) vaks opp i den veglause bygda Hagevik i Vågsøy. Heimen var korkje rik eller fattig, men heilt vanleg, i fylgje Edith. Far var fiskar, mor var husmor og Edith hadde to systrer. Det var ikkje skule i bygda, og skulevegen gjekk til fots, over haug og hammar, til nabobygda Saltkjelen. Etter folkeskulen, som det heitte den gong, bar det i veg frå den vesle grenda til hybelliv i Måløy og realskule. – Eg var heldig som fekk gå på realskulen i Måløy.  Det var ikkje sjølvsagt for ei jente i den tida, seier ho.

Husmor og yrkeskvinne
Edith arbeidde på butikk etter realskulen.  Ho hadde eigentleg planar om å utdanna seg som lærar eller noko innan posten, men så møtte ho Trygve og det vart giftarmål i staden. – Det kom på i ei snarheit, men det var ikkje å angre på, seier ho.  Fire born kom i rask rekkjefylgje  og, som så mange kvinner på denne tida, valde Edith å vera heimeverande den fyrste tida. Etter kvart som borna vaks til, gjekk Edith tilbake til yrkeslivet. I 1977 byrja ho på Vik Matsenter på Raudeberg. – Det var ikkje så lange beten heim. Dei eldste såg etter dei yngre, og var både litande og flinke, fortel ho.  Sju år seinare skifta ho beite og byrja i fiskeindustrien hos Domstein og Co. Der fann ho sin plass.

Politikk og fagforeining – kjekt og lærerikt
- Om ein ikkje er av dei som sete kurande stille og bere teie, så kan ein lett verte vald til eit kvart. Slik vart det med meg, seier ho, som etter kvart kom med i fagforeiningsarbeid og kommunepolitikk. Støtt var det noko nytt å lære, og det likte ho. Edith vart tillitsvald i Norsk nærings- og Nytelsesmiddelsarbeiderforbund både på avdelings- og landsstyrenivå. Løn, arbeidsmiljø, og fagopplæring var viktige kampsaker, og ho likte det godt når det storma litt.  I kommunepolitikken vart Edith med i Vågsøy kommunestyre der ho sat for Arbeidarpartiet.

- Har eg vore med og rydda nokre steinar og jamna veg for dei som kjem etter, så er eg takksam for det, seier Edith.