Om Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland

Gustine Hjelmeland, pÜ ulÜ copy

Gustine Hjelmeland. Foto: Privat, ukjend fotograf

- Med misjon og læraryrket som kall

Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland (1895-1984) var yngst i ein syskenflokk på seks, som vaks opp på Indre Hjelmeland i Gaular, nær det som no er Førde lufthamn.  Mora Nille døydde då Gustine var ung. Ikkje alle jenter fekk utdanning i denne tida, men Gustine fekk reise til lærarskulen i Volda. Gjennom eit langt liv som grendaskulelærar var det tydeleg for alle at Gustine såg på lærargjerninga som eit kall.

Lærar og omsorgsperson
Gustine vart lærar for elevane frå Bringeland, Hjelmeland og Åse og gjorde eit sterkt inntrykk som lærar og omsorgsperson.  Barna som kom ekstra tidleg på skulen kunne merke at Gustine låg på kne og bad høgt for elevane.

Gustine var ei staseleg kvinne, kledde seg anstendig og enkelt og hadde langt kastanjebrunt hår som ho fletta i ein ring rundt på hovudet. Ho var interessert i litteratur, abonnerte på tidsskrift og aviser og var samfunnsengasjert. Som lærar i ei årrekkje på same skulen, tok ho del i familiane sine gleder og sorger. Ho kunne ta med elevar og vitje dei som var einsame i bygda.

Då Bygstad sentralskule vart bygd, vart grendaskulane nedlagde og Gustina arbeidde dei siste yrkesaktive åra sine på nyeskulen. Fleire hugsar henne med sykkelen opp bakkane frå Eide til heimen på Hjelmeland der ho budde med systera Anna, som var ti år eldre.

Misjonskvinne og leiar
Brørne til Gustine flytta ut og garden vart skøytt over på systera Anna i 1922. Etter at faren døydde i 1937, vart garden seld og Heimly bygd – eit staseleg hus som gav plass både til bustad for systrene, hybel på loftet og eige bedehus med møtesal og småsal. At to einslege kvinner bygde eit så stort hus, var imponerande. Då Heimly vart innvigd som bedehus i september 1940, var det allereie ein viktig samlingsstad for musikklaget. Bedehuset hadde ein stor aktivitet der omreisande forkynnarar frå ulike misjonsgreiner alltid var velkomne.
Gustine starta Hjelmeland indremisjonslag, Heimly, 9.mars 1940. Ho var leiar for styret i ei årrekkje, dreiv sundagsskulen og kvinneforeininga og starta opp med tradisjonsrike samlingar som barnefest og ungdomsfest ved juletider, 17.mai fest og basarar. I tillegg gledde Gustina mange brudepar med prologane sine og markerte seg som ein leiar det vart lytta til.

Lenge før Gustine døydde i 1984 testamenterte ho Heimly til indremisjonen. Bygningen vart brukt som bedehus heilt fram til 2010 då det vart selt og aktiviteten flytta til Bygstad bedehus.

 

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Marte Moviken

Portrett Marte Movik copy

Marte Movik. Foto Brødr. Larm/Sunnfjord Museum. Creative Commons-lisens.

– husmannskone, byamme og innovatør

Marte (1814-1905) gifta seg i 1844 med husmannssonen Nils i Movika – no Sunnfjord Museum. Same året fekk dei to feste på plassen etter foreldra hans, men armoda var stor og dei trong midlar til å betale leige og anna som ikkje kunne godtgjerast med bytearbeid og naturalia. Det den arbeidssame Nils kunne tena på vintersildfiske og leigearbeid var ikkje nok.

Til Bergen som våtamme  og tørramme
På Marte si tid var det ikkje uvanleg at unge, fattige sunnfjordkoner drog til Bergen og livnærte seg som ammer for rikmannsborn, i heimar der mora sjølv ikkje ville eller kunne amma borna sine. Dette blei også inntektskjelda for Marte. Då sonen Kristian vart fødd, tok ho han med seg og vart amme hjå ein borgarfamile, først som våtamme, seinare som tørramme, det vil seie barnejente for ungane som ikkje lenger trong morsmjølk. Marte var i Bergen i 11 år.

Usynlege og synlege
Sosiologen Eilert Sundt var mykje i Sunnfjord på denne tida.  Om ammene i Bergen skriv han: Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen. Dette er nok ei presis skildring av sunnfjordkonene; dei kledde seg som dei ville gjort ein søndag heime og stakk seg ikkje fram, men av same grunn vart dei synlege som eit gammaldags innslag i bybiletet.

Heimatt med nye skikkar
Marte og dei andre byammene kom attende til ein heim og eit samfunn som var annleis enn det dei forlet i byen. Det kunne bli folkesnakk om ein ny måte å gjera ting på, eit nytt bomullsforkle eller ein gulldekorert kaffikopp, og om Marte er det fortalt at ho var den fyrste her i bygda som hadde potteplantar i glaskarmen.

Overkvalifisert til husmannsplassen, kvalifisert til futegarden
I Marte sitt nærmiljø låg futegarden Bruland der det var tett mellom fine selskap og store festar. Då var det behov for tenestefolk. Kompetansen Marte hadde med seg frå byen var heller unyttig i husmannstova i Movika men desto meir nyttig på futegarden. Truleg var Marte ein trufast hjelpar der, for husmannskona frå Movika var godt kjend med futen si kone, stemmerettsforkjemparen Randi Blehr og niesa hennar, pianisten og forfattarinna Dagny Juel. Vi må rekne med at ho også høyrde noko om kvinnesak!

Om Laura Sundal Skorpen

laurasundalskorpen copy

Laura Sundal Skorpen. Foto: Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane

– jordmor og sanitetskvinne

Laura er kjend for mange som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen hadde ho ein finger med i mange velferdstiltak i kystbyen Florø. Godar ein i dag tek for gitt, var ho og andre sanitetskvinner med på å skapa.

Jordmor
Det låg ikkje i dagen at Laura skulle verta jordmor då ho vart fødd i Norddalsfjorden i 1898. Jenter skulle stella seg slik at dei vart godt gifte, og elles ikkje stikka seg fram i dei dagar. Men med god hjelp frå distriktslegen, fekk ho plass på Jordmorskulen i Bergen. I 1919 kom ho til øya Skorpa som nyutdanna distriktsjordmor. Ho tok imot om lag 2000 barn i si karriere. Som jordmor kom ho tett på familielivet, og ho såg korleis barn som var «annleis skapt» vart gøymde vekk. Det var ei skam å få eit slikt barn, og det vart ofte ei tung bør for familien.

Krigstid
Laura jobba som jordmor på øyene då krigen kom til landet. Ho fortsette i jobben sjølv om dette innebar at ho måtte reisa i båt medan minene låg og flaut mellom holmar og skjær.  Laura deltok i motstandsrørsla under krigen og fekk Heimevernet si fortenestemedalje for dette.

Sanitetskvinne
Laura vart tidleg med i Kinn Sanitetsforeining. Det var naturleg for ei jordmor å vera engasjert i folkehelsa, og gjennom foreininga spreidde ho også kunnskap om «abnorme børn» eller «åndssvake» som dei vart kalla. Ho ville løfta dei fram i lyset og gi både dei og familiane deira eit betre liv.  I 1949 vart Sogn og Fjordane Sanitetsforeining skipa, og Laura fekk formannsvervet. Laget fekk mange viktige saker å arbeida med. Ideen om å bygga ein «åndssvakeheim» var ein av dei, og Laura fekk fylkeslege Blew med seg i planarbeidet. På Solbakken fekk 32 born ein ny kvardag i 1960.

Livsmotto
Laura sa sjølv ho gjerne ville trøysta, oppmuntra og hjelpa menneske som hadde det vondt. Gjennom alt arbeidet ho la ned som jordmor, sanitetskvinne og venstrepolitikar lukkast ho godt med det. Det ho gjorde som medmenneske står ikkje oppført i nokon protokoll, men mange hugsar henne som ei hjartevarm og imøtekommande, men også myndig dame.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Nikka Vonen

- folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne

Nikka Vonen (1836-1933) var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og ho sette spor etter seg på mange felt. Ho var ivrig folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar, og ikkje minst, ho grunnla og dreiv «Pigeinstituttet», ein av dei fremste og mest kjende privatskulane i landet.

Skulestyrar
Det er fyrst og fremst som skulestyrar og pedagog Nikka Vonen vert hugsa som menneske. Ho var ein høgt akta og høgt elska lærar og oppsedar, og pensjonatskulen i Dale er sett på som banebrytande for utviklinga av pensjonatskulane i Noreg.

Nikka Vonens pensjonatskule var i drift frå 1871 til 1907 og gav undervisning på folke- og middelskulenivå. Dei fleste kom frå byar og tettstader, og dei var døtrer i familiar der foreldra hadde råd og ynskje om ei god og allsidig utdanning for dei unge jentene. Mellom anna gjekk ei av døtrene og tre sonedøtrer til Bjørnstjerne Bjørnson på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida. Jentene som kom til skulen var i alderen frå 11 og opp til 18 år gamle. Til vanleg var det rundt 24 elevar som budde på skulen, men på det meste kunne talet koma opp i 30.

Folkeminnesamlar og folkelivsskildrar
Som folkeminnesamlar er Nikka Vonen kjend i vide kretsar. Ho var særs interessert i og hadde glede av å høyre og skrive ned munnleg overlevert tradisjonsstoff.

Ho samla inn både eventyr, segner og nokre lokale folkeviser. Skildringar av folkelivet utgjer den andre gruppa av samlararbeidet hennar. Dette innsamlingsarbeidet femner om oppskrifter av dialektord, gåter, leikar og anna, og skildringar av kvardagslivet slik det tedde seg for folk i bygdene.

Lang skuletradisjon i Fjaler
Nikka Vonen var med å starta ein lang skuletradisjon i Fjaler. Denne tradisjonen vart ført vidare gjennom Wilhelmine (Willa) Falch sin skule for gutar  frå 1889 – seinare kalla Falch`s pensjonat og realskole. Denne vart teken over av dottera Ragnhild Falch i 1918, då også open for jenter. Oddleiv og Thora Fagerheim vart styrarar i 1950, og skulen flytte no inn i dei nybygde lokala Vevang ved Klokkargarden. Fagerheim dreiv skulen fram til 1968.

I nyare tid har United World College, eit verdsgymnas med 200 elevar frå 80 nasjonar, vorte etablert i kommunen, og er med å stadfesta Fjaler som ein viktig skulekommune.

Om Amanda Igland

Profilbilete Amanda Igland copy

Amanda Igland. Foto: privat

- Fiskarkone, organisasjonskvinne og pensjonatvertinne

Den blide Amanda (1917-2002) var frå Bremanger. Ho vaks opp i eit fiskerisamfunn ved havet, og kjende både fiskaren og fiskarkona sine kår. Ho vart sjølv fiskarkone og pensjonatvertinne. I heile sitt vaksne liv engasjerte ho seg sterkt for fiskerisamfunna og kystkulturen både i politikken og i frivillige organisasjonar.

Ei stemme for kysten
For Amanda byrja organisasjonsarbeidet for alvor etter 2. verdskrigen. Ho var med å skipa Noregs Fiskarkvinnelag i 1953 og var leiar der i 11 år. Fire år seinare fekk ho også i gong Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag. Ho såg til at kvinnene fekk styreplass i Noregs Fiskarlag, for like viktig som fiskaren var kvinna som sytte for alt heime medan han var på sjøen. Amanda var flink til å fremje saker som var viktige for kystfolk, og argumentasjonen hennar vart omtala som «kvinnekamp med meining». Blant kampsakene var rett til ferie for fiskarar som resulterte i «Lov om ferie for fiskere» i 1972.

Kulturarven på kysten
I nasjonsbygginga etter 1814 og 1905 stod bondekulturen fram som det typisk norske. Ein tok i mindre grad vare på kulturminner frå kysten, og ein snakka ikkje om ein norsk kystkultur. Amanda gjorde mykje for å løfte kystsamfunna fram i lyset og informera om levekåra til fiskarfamilien både i samtida og fortida. Mellom anna reiste ho rundt med utstillinga «Ut mot havet» og deltok i arbeidet med Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. I fleire år sat ho i styret for Kystmuseet.

Innsatsen var gull verd
I 1987 fekk Amanda Kongens Fortenestmedalje i gull. Fylkesmannen skreiv i si tilråding:
Fru Igland har gjennom eit langt liv vore ein aktiv deltakar i samfunnslivet, men det er særleg grunn til å nemne hennar arbeid for fiskarkvinnene si sak… Fylkesmannen kjenner Fru Igland som ei sterk og vidsynt kvinne. Med pågangsmot og stor arbeidskraft har ho gjort ein innsats til samfunnet sitt beste langt utover det vanlege. Utanfor kyrkja i Bremanger står eit minnesmerke over fiskarar som omkom på havet. Det var Amanda som kasta fram tanken om å reisa eit slikt minnesmerke, og to år seinare, i 1964 kunne Fiskarkvinnelaget avduka monumentet. Det står på mange måtar også som ein bauta for det store arbeidet Amanda la ned.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Margaret Sophia Green Kvikne

Margaret Sophia Green Kvikne Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Margaret Sophia Green Kvikne Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

Margaret Sophia Green Kvikne vart fødd i 1850, i York i England, og var dotter av ein prest. Med ein slik bakgrunn var det vel få som såg for seg at ho skulle få eit liv som kvinneleg pioner innan fjellklatring, hotellvertinne og kyrkjebyggar i Noreg.

Frå Europa til Noreg
Margaret vaks opp i eit område med eit større tindesportmiljø, og hadde brei klatreerfaring då ho første gong kom til Noreg i 1886. Då hadde ho allereie klatra i Alpane både i Tyrol og ved Innsbruck. I Noreg vart ho den andre kvinna til å stå på toppen av Romsdalshorn. I 1888 kom ho tilbake til Noreg, denne gongen til Balestrand. Her trefte ho hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne, og dei vart raskt eit par. Ho kom tilbake til Balestrand sommaren etter, og i 1890 gifta dei seg på Kviknes Hotel.

Uredd klatrar
Då ho var på sitt andre noregsbesøk i 1888 planla ho å klatre til topps på Store Skagastølstind. Planane vart øydelagde av dårleg vêr, men Margaret gav seg ikkje likevel. I staden for klatra ho opp på Store Styggedalstind frå Vormelid i Utladalen ved Vetti, og vidare ned til Gjertvassbreen. Ingen hadde gått den løypa tidlegare, og Margaret vart den første kvinna på toppen av Styggedalstind. Veka etterpå var målet Riingstind. Planen var å krysse Riingsbreen i måneskin saman med Torgeir Sulheim og Christopher Juraas for å sjå soloppgangen frå toppen. Nok ein gong vart ho stoppa av dårleg vêr, og ruta vart lagt om til den enklare toppen Store Soleibotntind. Dette må likevel reknast som litt av ei bragd, då toppen ligg på over to tusen meters høgde og klatrekleda for kvinner på denne tida besto av skjørt. Same året vart ho første kvinne til å skrive i Den Norske Turistforenings årbok.

Frå fjellklatring til kyrkjebygging
Margaret fekk ikkje mange åra saman med Knut. Kort tid etter bryllaupet fekk ho tuberkulose, og i 1894 døydde ho etter eit lengre sjukeleie. Margaret hadde alltid hatt ei interesse for kyrkjer, og før ho døydde oppmoda ho Knut til å byggje ei ny kyrkje i Balestrand. Ho var veldig fasinert av dei gamle, norske stavkyrkjene, og ville gjerne at han skulle byggje ei engelsk kyrkje i same stilen. Knut sette straks i gong prosessen med å få kyrkja reist, og berre tre år etter Margarets død vart kyrkja vigsla. Kyrkja vert i dag kalla Engelskkyrkja, og står som eit flott minne om ei uvanleg kvinne.

Om Pascale Baudonnel

Pascale Baudonnel copy

Pascale Baudonnel. Foto Eva Brænd

– fransk ystemisjonær i Sogn

Pascale Baudonnel er fødd i 1960 i eit fjelldistrikt i Sør-Frankrike. Ho voks opp i eit jordbrukskollektiv som var basert på Gandhis ikkje-valdslære, og lærte mellom anna at ein ikkje skal godta urettferd, men i staden gjera noko med det ein meiner er gale. Hennar kall i livet vart å ta vare på den gamle budeiekulturen i Noreg.

Undredal og den gamle budeiekulturen
Pascale er utdanna ysteteknolog frå Frankrike. Ho kom til Noreg som 17-åring og gjekk på Fosen Folkehøgskule. I 1983 søkte ho sommarjobb i Undredal i lag med to venninner, og dert slo dei rot, alle tre. Pascale vart geitebonde i Undredal, vov og sydde sin eigen sognebunad og lærte dei gamle, norske ystetradisjonane å kjenna. – Dette er ein fantastisk kultur som var i ferd med å gå til grunne, fortel Pascale.  – Eg berre måtte engasjera meg i å ta vare på han.  Men representantar for styresmaktene motarbeidde ysting av upasteurisert mjølk, på tradisjonell vis. Hovudsaka for meg har vore å prøva å byggja bru mellom dei to kulturane, slik at kunnskapen til dei gamle budeiene kunne førast vidare.

Heilskapstanken
Heilskapstanken, ein økologisk produksjonsmåte der menneska ser sin plass og spelar på lag med naturen, er sjølve ”evangeliet” til Pascale. Samanhengen mellom naturen, dyra og budeiene er ein leietråd i det meste av arbeidet hennar. – Dette grunnsynet er nærmast eit religiøst engasjement for meg, seier ho. – Det handlar også om gleda over å gjera eit godt arbeid, at du ser det gro der du har sådd, at du steller godt med din vesle plass på jorda.

Stølsysteri og kurs  
Undredal Stølsysteri, som ho og grannane eig og driv i samarbeid, ystar kvit og brun geitost som har vorte landskjend og mellom anna har vunne prisen ”Smaken av Norge”. Pascale har i ei årrekkje halde ystekurs for andre småskalaprodusentar i Aurland og andre stader, og ho var initiativtakar til organisasjonen Norsk Gardsost.

”Trollet i Undredal” til dronningas bord
Då kampen mot Mattilsynet rasa som verst, vart Pascale ein gong kalla ”Trollet i Undredal”. Men ho stod fast på sitt og har i seinare år fått anerkjenning og vunne prisar for arbeidet sitt i både inn- og utland. Ho har vorte heidra av Ingrid Espelid Hovig, landbruksministeren, dronning Sonja og mange andre. Hennar innsats gjer at mange fleire no ser at dei gamle budeietradisjonane er berekraftige og har framtida for seg.

 
 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.