Galleri St. Sunniva

St.Sunniva frå Kulturhistorisk Museum i Bergen. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen

St.Sunniva frå Kulturhistorisk Museum i Bergen. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen

 

St.Sunniva på eit alterskap frå Austevoll.
St.Sunniva på eit alterskap frå Austevoll. Foto: Svein Skare – Universitetsmuseet i Bergen ©
Selje kloster. Foto: Kremle (CC-BY-SA Wikimedia Commons)

Selje kloster. Foto: Kremle (CC-BY-SA Wikimedia Commons)

Kinnaklova. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnaklova. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnakyrkja. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnakyrkja. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Klosterruinar på Selja. Foto Per Olav Bøyum (CC-BY, Wikimedia Commons)

Klosterruinar på Selja. Foto Per Olav Bøyum (CC-BY, Wikimedia Commons)

Selje kloster og Sunnivakyrkja. Foto: Kremle (CC-BY-SA, Wikimedia Commons)

Selje kloster og Sunnivakyrkja. Foto: Kremle (CC-BY-SA, Wikimedia Commons)

Frimerke med St. Sunniva frå 1965.

Frimerke med St. Sunniva frå 1965.

Sunnivahola. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivahola. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivakjelda. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivakjelda. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

 

Kjelder

Kjelder:

  • Gundersen, O.S. 2003. Sunnivalegenden. I: Årbok for Nordfjord 2003 (s. 10-38)
  • Hommedal, A.T. 1995. Dei heilage på Selja og etableringa av Kyrkja i noreg i tidleg mellomalder. I: Kristendommen slår rot. Onsdagskvelder på Bryggens Museum. Band X. (s. 76-100)
  • Soga om Olav Trygvason
  • Stårheimsdronninga. Dronning Ingrid av Noreg. Utdrag  av soga ved Lars Myrold.
  • http://www.bt.no/meninger/Sex_-vald-og-maktkamp-1822490.html
  • Hervik, F., Y. Nedrebø og B. Gjerland. 2006. Dronning Ingerid og bisp Nikolas

Jostedalsrypa – lita jente med stor styrke

Illustrasjonsfoto: Sara Berntsen

Illustrasjonsfoto: Sara Berntsen

Segna om Jostedalsrypa fortel om ei lita jente som var einaste overlevande etter at Svartedauden herja i Jostedalen. Svartedauden var ein lunge- og byllepest som kom til Bergen med eit skip i 1349.

Jostedalsrypa var frå ein storgard i Sogn. Då Svartedauden kom til distriktet, flykta heile familien til Jostedalen for å sleppa unna pesten. Dei avtala med folk i bygda at dei ikkje skulle koma fram til Jostedalen før pesten var over. Brev og beskjedar vart lagde under ein stein, kalla brevsteinen.

Sjølv om bygda var i isolasjon, kom pesten til bygda likevel. Då pesten var over, ville folk fram i Jostedalen for å sjå om det var overlevande der. Dei såg snart at det ikkje rauk frå nokon hus, og alle var døde. Då dei kom til den garden som låg lengst avsides, såg dei spor i snøen. Dei fann ei lita jente, som vart teken med til sivilisasjonen. Segna fortel at ho gifta seg, og det skal vera mektige slekter som ættar etter henne.

Segna om Jostedalsrypa er både rørande og mystisk, og det har fengsla både store og små i fleire mannsaldrar.  Det er ei historie om ei vill og sky jente med stort mot. Segna er blitt filmatisert to gonger.

Dronning Ingerid, Stårheimsdronninga

Dronning Ingerid. Illustrasjon: Bernt Kristiansen/Selja Forlag

Dronning Ingerid. Illustrasjon: Bernt Kristiansen/Selja Forlag

Ingerid var fødd som svensk prinsesse rundt 1110. Ho levde eit turbulent liv. Frå ho var 11 år til vel 30 vart ho enkje tre gonger. Ho fekk ti born. Saman med kong Harald Gille fekk ho sonen Inge Krokrygg. Då Harald Gille vart drepen, vart Inge utnemnt til konge. Då var han ikkje fylt eitt år. Mange meinte på denne tida at dei hadde retten til å bli konge, og Inge levde i stor fare. Han vart til slutt drepen i eit slag.

Alle prøvelsar som Ingerid hadde vore gjennom, gjorde at ho no var herda og sterk nok til å gje uttrykk for eigne meiningar. Ho var svært respektert.  Som del av eit politisk spel gifte ho seg med Arne på Stårheim. Arne var næraste rådgjevar for Erling Skakke, og ein av dei fremste mennene i landet. Arne fylgde kongen over alt, og det var Ingrid som hadde ansvaret og måtte ta avgjersle i saker som galdt dei mange eigedomane deira. Saman fekk Ingerid og Arne fire born, mellom anna sonen Nikolas, som vart bisp i Oslo bispedøme.

Dronning Ingerid var del av det politiske spelet om makt i både Sverige, Danmark og Noreg i ein lang periode. Dette gjer ho til ein av dei mest fascinerande kvinnene vi kjenner frå eldre skandinavisk historie.

Sankta Sunniva

Profil - St. Sunniva

Sta. Sunniva i alterskapet i Austevoll kyrkje. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen/Kulturhistorisk Museum i Bergen

Legenda fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som midt på 900-talet arva riket etter faren sin. Ho var gudfryktig, og då ein heiden vikinghovding ville gifta seg med henne, flykta ho saman med folket sitt i tre båtar utar årar, ror og segl. Båtane dreiv nordover. Ein av båtane stranda på Kinn og to på Selja. På Selja levde dei til dei urettvist vart skulda for å stela sauer. Håkon Ladejarl sende folk for å drepa dei. Sunniva og fylgjet hennar gjekk inn i ein heller på øya, og bad Gud verna dei ved å la fjellet rasa ned over dei. Dette skjedde, og heidningane måtte reisa att med uforretta sak.

Myta vil ha det til at Olav Tryggvason fann leivningane etter Sunniva i 996. Det såg ut som ho sov, og det lukta søtt av beina. Knoklane vart samla saman, lagde i eit skrin og gøymde på øya. Dei vert tolka som heilage. Det vart reist ei kyrkje på Selja etter bøn frå bispen og råd frå kongen. Sunniva vart vernehelgen for Vestlandet, og Selja vart seinare bispesete for Gulatingsområdet.

Sta. Sunniva er den einaste kvinnelege helgenen, og ein av dei tre viktigaste. Ho var from og vigde livet sitt til Gud, og var såleis Kristi brud. Sta. Sunniva har blitt dyrka over heile landet.