Hagehyggje på Nygard der Dina og familien budde. Einar Paasche med hatt og Dina med heklety. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hagehyggje på Nygard der Dina og familien budde. Einar Paasche med hatt og Dina med heklety. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1900-1902. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

- kvinnepolitisk pioner

Av Kjerstin Risnes, frå Kjelda Nr. 1 – Mars 2013

I år kan vi feire at kvinner i Noreg har hatt allmenn stemmerett i 100 år. Kampen var lang og seig, og ære vere dei kvinner og menn som heldt ut, fremja framlegg på framlegg i Stortinget og tolte dei dei mange nederlaga. I 1901 kom det fyrste gjennombrotet med kommunal stemmerett.

Kvindestemmeretten

Er nu endelig blevet til virkelighed. Ved fornyede behandling i lagtinget erklærede to representanter, der tidligere havde stemt for oversendelse til regjeringen, at have forandret standpunkt – og dermed var kvindestemmeretten sikret.”

Sogns Tidende 29. mai 1901

1901 vart eit merkeår i kampen for kvinneleg stemmerett. Endeleg, skreiv avisa, og det same jubla nok dei mange tusen kvinnene som i årevis hadde stått på barrikadane. Deira mannlege kampfeller, som år etter år hadde ført framlegga fram og teke debatten i Stortinget, hadde endeleg fått gjennomslag. Vedtaket opna for at kvinner fekk kommunal stemmerett, på vilkår. Kvinner som betalte over ein viss sum i skatt eller som var gifte med menn som betalte slik skatt, fekk sin stemmerett. Menn hadde fått alminneleg statsborgarleg stemmerett i 1898 og allmenn kommunal stemmerett i 1901. Stemmerettskampen for kvinner starta i 1885 då kvinnesakskvinna Gina Krog 27. november same året heldt tale i den nystarta Norsk Kvindesagsforening i Kristiania og lanserte ideen. Ho tok til orde for at kvinner burde ha stemmerett på lik line med menn, eit revolusjonerande standpunkt i dåtidas mannsdominerte samfunn. Endringa i lov om formannskap i 1901 var såleis berre ein delsiger, men ein viktig delsiger på vegen mot allmenn stemmerett. Lovendringa opna no opp for at 200 000 kvinner for fyrste gang kunne delta i det kommunalpolitiske liv.

Eitt av dei mange argumenta mot kvinneleg stemmerett var at kvinner ikkje var interesserte i å delta i politikk. Eit anna var at kvinner måtte skånast for den skarpe røyndomen. Eit gjennomgåande argument på Stortinget var at stemmerettskravet ikkje kom frå kvinner frå det ganske land, men hovudsakleg frå kvinner i byane. Denne påstanden baserte seg nok i stor grad på synsing, men at kravet var lettare å synleggjere og hadde større gjennomslagskraft i urbane enn i rurale strok, var det neppe tvil om. Det viste også dei mange tusen støtteunderskriftene som Stortinget jamleg fekk frå kvinner landet over, hovudsakleg frå byane.

Nordre Bergenhus Amt og valet i 1901

Nordre Bergenhus Amt var i 1901 eit bondesamfunn med tradisjonelt kjønnsrollemønster. Folk budde spreidd,  her var ein liten tettstad med bystatus, Florø, industrialiseringa hadde ikkje nådd fylket og tradisjonane stod sterkt. Stemmetalet viser at berre 489 kvinner stemde ved dette valet, 5,3 % av dei som hadde fått sin stemmerett.  Dei nye tonane om jamstelling og krav om stemmerett kom tradisjonelt frå kvinner frå borgarklassen og den veksande arbeidarrørsla. Hos oss var det mest bønder og småkårsfolk. Samfunnet var tradisjonelt og kjønnsrollemønsteret like så, men heilt utan grobotn for dei nye tankane var samfunnet ikkje. Kor mange kvinner frå fylket vårt som tok utfordringa og stilte til val, veit vi ikkje før kjeldene er nærmare granska. Det vi veit, er at ei tok ”hansken”, stilte til val, kom inn og braut den fyrste barrieren i demokratiseringsprosessen.

Den fyrste kvinnelege politikaren i fylket

Då Luster kommunestyre konstituerte seg 28.desember 1901, finn vi ei einsleg kvinneunderskrift blant dei 32 representantane, Dina Paasche. Geraldine Helene Fredrikke Krog Paasche, 1851 -1922, vart ikkje berre den einaste kvinna i Luster kommunestyre, men også den einaste i heile amtet. Frå Nordre Bergenhus Amt vart det valt inn 775 menn og ei kvinne dette året. Når vi finn berre ei kvinne her i fylket, så er det symptomatisk for kva samfunn vi hadde ved starten på det nye hundreåret. Viss vi hadde fått ei rekkje kvinnelege kommunestyremedlemmer her i fylket, ville det ha vore meir forunderleg. Trass alt, i hovudstaden kom det inn ”berre” fire og i Søndre Bergenhus Amt fekk seks kvinner plass. Likevel, det må vel kunne kallast ei bragd av Dina Krog Paasche å bli folkevalt dette fyrste året kvinner hadde stemmerett.

Kven var så denne einslege svala i Luster kommunestyre? Kva bakgrunn hadde ho som kunne motivere henne til å stille til val hausten 1901? Det var nok ikkje kven som helst som hadde mot og mannskap til det. Det er også grunn for å fundere på korleis ho sanka seg nok stemmer til å kome inn. Kva posisjon hadde denne dama, korleis var ho? Geraldine Paasche, eller Dina, som ho stort sett skreiv seg, var prestedotter frå Fana. Ho kom frå solid presteslekt og det kondisjonerte sjiktet. Ho var dotter til stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog,1808 – 1897, og Ingeborg Kristine Endresen, 1813-1853. Heimen hennar var prestegarden i Fana der ho vaks opp saman med seks eldre sysken. Faren var stortingsrepresentant i frå 1862 -1864 og hadde avslutta stortingskarrieren då stemmerettsspørsmålet kom på den politiske dagsordenen i 1885. Det er all grunn for å tru at Dina voks opp i ein heim der nye radikale tankar fekk feste og samfunnsdebatten var ein del av kvardagen. I den nærmaste Krogfamilien finn vi også kvinnesakspionerane Gina Krog og Ida Cecilie Thoresen Krog, som var gift med bror til Gina, Fredrik Arentz Krog. Ida Cecilie Krog var Noregs fyrste kvinnelege student, og ei av dei som saman med Gina Krog stifta den fyrste kvinnesaksforeininga i landet, Norsk Kvindesagsforening i 1884. Dette var banebrytande damer som skapte debatt og blest, og det er naturleg å tru at når Dina Krog stilte til val på upolitisk liste i Luster hausten 1901, ja så kom dei radikale ideane og inspirasjonen i stor grad frå slekta.

I 1887, 36 år gamal, gifta ho seg med enkemannen og legen Einar Paasche, 1849-1931. Kva Dina Krog gjorde på og kvar ho budde fram til ho i godt vaksen alder gifta seg med Einar Paasche er ikkje kjent. I folketeljinga av 1875 går det fram at ho og ei eldre syster då budde saman med faren i Fana. Han var prest og enkemann så det kan hende at Dina og systera tok seg av hus og heim på prestegarden i Fana fram til ho gifta seg. Det var ikkje uvanleg at dåtidas ugifte døtrer budde heime og gjekk inn i hushaldet. Distriktslege Paasche hadde året før busett seg i Dale sokn i Luster, der han budde på garden Nygård og dit flytta Dina inn. Ektemannen hadde to barn på 7 og 9 år då Dina gifta seg med han, og saman fekk dei to barn. I følgje folketeljinga av 1900 budde enkjefrua på garden, og hennar pleiedotter, samt fire tenarar og ein guvernante der. I 1906 vart Einar Paasche utnemnd til distriktslege i Sarpsborg og her budde dei så lenge dei levde.

Her på garden Nygard budde familien Paasche. Tingstova der kommunestyret vart halde, låg like ved nede ved fjorden. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1890-1905

Her på garden Nygard budde familien Paasche. Tingstova der kommunestyret vart halde, låg like ved nede ved fjorden. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1890-1905

Det er ikkje så mykje vi veit om livet til Dina Krog Paasche då ho budde på Dale. Korkje i bygdeboka for Luster eller i den lokalhistoriske litteraturen vi har granska, er det særlege mange spor etter henne. Ho var gift med distriktslegen, og det gav sjølvsagt ein solid sosial posisjon. Garden Nygård låg like ved handelsstaden Døsen, ikkje så langt frå kyrkja og prestegarden, og distriktslegen og frua pleia omgang med folk frå bygdas høgare sosiale lag. Det høgare sosiale sjiktet i nærmiljøet ser ut til å bestå av lensmannsfamilien, prestefamilien, handelsfamilien Døsen og kanskje nokre få andre. I kva grad desse støtta Dina sitt kandidatur har vi ikkje funne haldepunkt for, men kanskje? I fall kunne det gje ringverknader, for mennene hadde nettverk og posisjonar som kunne kome godt med når det skulle veljast. I Fylkesarkivet sin fotobase finn vi nokre bilete av Dina Krog Paasche, og på fleire av desse er ho avbilda samen med misjonsforeining for betrestilte kvinner. Stort sett er det samla mellom åtte til ti kvinner på desse møta så den kondisjonerte krinsen var ikkje stor.

Misjonsforeiningane var ein viktig møteplass for kvinner. Biletet er teke i hagen på Kvitevodl under ein misjonsforeining for kvinner frå høgre sosiale lag. Dina Krog Paasche står bak til venstre. Fotograf:  Johan Rumohr Døsen, ca 1892-1898. Foto: Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Misjonsforeiningane var ein viktig møteplass for kvinner. Biletet er teke i hagen på Kvitevodl under ein misjonsforeining for kvinner frå høgre sosiale lag. Dina Krog Paasche står bak til venstre. Fotograf: Johan Rumohr Døsen, ca 1892-1898. Foto: Fylkesarkviet i Sogn og Fjordane.

Misjonsforeiningane var kvinnene sin friplass, og misjonsarbeidet var ei legitim bru frå den private sfæren til aktiv deltaking i det offentlege rom for mange kvinner. Aktiviteten i desse foreiningane peika ut over det nære og gav impulsar og kunnskap både om den store verda, organisasjonsliv og økonomistyring. Dei mange kvinnelege misjonærane, også frå vårt fylke, skapte også nye og alternative rollemodellar. Misjonsforeiningane var ikkje berre handarbeid, salmesong og basarar, men kanskje også ein debatt- og diskusjonsarena om politisk aktuelle saker som stemmerett og politisk deltaking når skulerte og samfunnsorienterte kvinner som Dina og hennar likesinna møttest?  Kanskje ho skaffa seg støtte til det dristige valet her? Desse kvinnene var no i posisjon til å stemme for fyrste gong og kunne kanskje mobilisere andre til å støtte Dina. Som prestedotter er det naturleg å tru at ho også var ein del av det kristelege livet i bygda og ikkje berre i misjonsforeininga for finare fruer.

Kring hundreårsskiftet var privat velgjerd ein viktig del av betrestilte kvinners aktivitetar, spesielt i byane. Som prestedotter og truleg heimebuande til langt opp i vaksen alder, kan slikt velgjerdsarbeid ha vore ein av hennar aktivitetar. Velferdsstaten hadde enno ikkje gjort sitt inntog, og det private initiativ og den offentlege hjelpa gjekk hand i hand. Legat til trengjande var eit anna handfast bidrag frå velståande med filantropiske idear og sinnelag. Vi veit ikkje om Dina engasjerte seg i praktisk velgjerdsarbeid med fattige og sjuke i Luster, men ho og ektemannen oppretta eit fond for vanskelegstilte i Luster. Begge var også aktive i Sogn Sykepleieforening, som sytte føre sjukepleiarar til distrikta. Slikt sosialt engasjement kan ha gitt ho ein posisjon i bygda som ei kvinne å tru på, ei kvinne det var vel verdt å støtte. Og det var ikkje dei fattige kvinnene som støtta henne, for dei hadde ikkje stemmerett.

Banebrytande, men anonym

Dina Krog Paasche er ei dame som forunderleg nok har sett få spor etter seg kjeldene frå Luster. Spørsmåla om korleis ho skaffa seg posisjon til å kome inn i kommunestyret, kan vi ikkje gje klare svar på, berre lufte tankar om og drøfte. Valstyreprotokollen for Luster 1829 -1961 gjer oss heller ikkje klokare då han berre omhandlar val til Stortinget. Det er likevel klart at sjølv om Dina hadde aldri så sterk sosial posisjon, gav mykje pengar til velgjerd, deltok i både misjon og anna samfunnsnyttig arbeid, hadde politiske ambisjonar osv., så ville det ikkje ha vore nok. Vi må hugse på at vi skreiv 1901 og samfunnet var ikkje ”gryteklart” for korkje kvinneleg stemmerett eller kvinner som trakka ut av dei vande spora, slik Dina Krog Paasche gjorde. Ho har utvilsamt fått støtte, truleg både hos kvinner og menn, til det politiske prosjektet sitt. Det fortel at ho må ha hatt eit godt ord på seg, nettverk som støtta henne og ein personlegdom som ikkje har provosert, men engasjert omgivnadane. Vi finn heller ikkje særlege spor etter henne i denne eine perioden ho sat i kommunestyret. Formannskapsprotokollen her seier lite om kven som stilte framlegg og i kva grad den einskilde representant var meir aktiv enn andre.

Dina og familien flytta, som før nemnt, til Sarpsborg i 1906. I kva grad ho deltok i det politiske liv der, krev meir gransking enn vi har hatt høve til denne gongen. Vi veit forunderleg lite om henne som skulle bli ein pioner i vår politiske kvinnehistorie. Det skapar undring og er til å bli nyfiken av. Denne dama og hennar aktivitetar skulle det ha vore kjekt å få vite meir om.

Ordtaket «Ei svale gjer ingen sommar» kan vere freistande å bruke i denne samanheng. Dina Krog Paasche utløyste ikkje noko skred av kvinnelege kommunestyrerepresentantar dei komande åra, korkje i Luster eller andre kommunar i fylket. I fylgje kjeldene våre er det fyrst på 1950-talet at kvinner som gruppe så smått byrjar å vise att i kommunestyra. Då Anna Herland frå Solund i 1955 vart vald som ordførar i kommunen, skapte det store overskrifter. Ho vart då historisk som den tredje kvinnelege ordføraren i landet sidan kvinner fekk stemmerett. I dagens kommunalpolitiske landskap er ein av fem ordførarar kvinner og kvinnerepresentasjonen på om lag 38%. Korkje politiske parti eller styresmaktene er nøgde med desse tala. Dei ser på dette som manglande rettferdig fordeling av makt og dermed eit demokratisk problem.

Dina Krog Paasche var ein av dei mange kvinnepionerane som tok dei fyrste stega på den politiske vegen. Meir enn 100 år seinare er vegen enno ikkje gått til endes.   

 

Kjelder og litteratur: