Dronning Ingerid. Illustrasjon: Bernt Kristiansen/Selja Forlag

Dronning Ingerid. Illustrasjon: Bernt Kristiansen/Selja Forlag

Ingerid var fødd som svensk prinsesse rundt 1110. Ho levde eit turbulent liv. Frå ho var 11 år til vel 30 vart ho enkje tre gonger. Ho fekk ti born. Saman med kong Harald Gille fekk ho sonen Inge Krokrygg. Då Harald Gille vart drepen, vart Inge utnemnt til konge. Då var han ikkje fylt eitt år. Mange meinte på denne tida at dei hadde retten til å bli konge, og Inge levde i stor fare. Han vart til slutt drepen i eit slag.

Alle prøvelsar som Ingerid hadde vore gjennom, gjorde at ho no var herda og sterk nok til å gje uttrykk for eigne meiningar. Ho var svært respektert.  Som del av eit politisk spel gifte ho seg med Arne på Stårheim. Arne var næraste rådgjevar for Erling Skakke, og ein av dei fremste mennene i landet. Arne fylgde kongen over alt, og det var Ingrid som hadde ansvaret og måtte ta avgjersle i saker som galdt dei mange eigedomane deira. Saman fekk Ingerid og Arne fire born, mellom anna sonen Nikolas, som vart bisp i Oslo bispedøme.

Dronning Ingerid var del av det politiske spelet om makt i både Sverige, Danmark og Noreg i ein lang periode. Dette gjer ho til ein av dei mest fascinerande kvinnene vi kjenner frå eldre skandinavisk historie.