Gustine Hjelmeland – ei erindring

Av Marta Aase Viken

Vi kalte henne Gustina. Ho har vore eit samlingspunkt i grendene Hjelmeland, Aase og Bringeland. Dette på grunn av Heimly bedehus som ho let byggje. Men også sidan ho var lærar i grendaskulen her.

Gustina skapte eit miljø kring bedehuset, der dei fleste deltok, i alle fall på barnefesten og ungdomsfesten med jul. Likeeins 17. mai-festen og basarane. Mange gjekk også på møta med tilreisande talarar frå Misjonssambandet, Det Norske Misjonsselskap, Israelsmisjonen og også andre misjonsgreiner. Alle dei ulike misjonane var like velkomne. Det viktigaste var den kristne bodskapen. Men ho var også oppteken av å støtte desse ulike misjonsgreinene med pengegåver.

Gustina levde og anda i den kristne trua. Med bibellesing, bøn og vitnemål. Eg kan hugse at eg høyrde Gustina bad høgt i klasserommet då vi kom på skulen, om dette var ein gong, eller fleire gonger, kan eg ikkje hugse. Ser føre meg at ho låg på kne. Hugsar også at ho kom på besøk heime for å opplyse om arrangement eller andre oppgåver.

Gustina var flink til å gje oppgåver til oss borna. Sidan eg spelte orgel, så fekk eg lære å spele akkordar til barnemusikklaget. Etter kvart fekk eg også spele til juletregangen, og til fellessongen på møte. Eit musikkstykke til å begynne med på ei tilstelling vart eg også bedt om.

Etter eg vart vaksen fekk eg oppgåve i sundagsskulen og med leiing av barnefesten. Eg ser føre meg då eg sat i stova hennar for å få detaljane i barnefesten nedskrivne. Slik at:

Velkomsttala som alltid hadde vore med, skriven av Gustina og opplesen av eit av dei eldste barna, framleis kunne vere med. Men no forfatta av underskrivne.

Barneposten til dei som ikkje var begynt på skulen kunne ha sin faste plass. Dette var kort som dei eldre borna laga.

Juletregang føre programmet…

Talekor, barnemusikklaget, opplesingar, tale.

Desse innslaga heldt også fram etter mi tid, så Gustina skapte tradisjonar. Gustina hadde ei veldig fin og særmerkt handskrift. Ho spelte orgel.

Det var viktig med denne samlingsstaden i grenda som ho skapte. Mange har gode minne å ta med seg. For min del kan det nok hende eg fekk litt for mange oppgåver. Særleg i vaksen alder. Det blei eit travelt liv, men eg burde sjølv kunne sett mi begrensning. Vi voks opp i ei heilt anna tid enn no. Mange rammer rundt livet som gjorde oss trygge, men kanskje også litt ufrie.

I alle fall var Gustina eit menneske som ville oss vel, og ho gjorde ei stor og god gjerning i det ho såg som sitt kall.