- folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne

Nikka Vonen (1836-1933) var ein markant kulturperson i Fjaler i nesten hundre år, og ho sette spor etter seg på mange felt. Ho var ivrig folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar, og ikkje minst, ho grunnla og dreiv «Pigeinstituttet», ein av dei fremste og mest kjende privatskulane i landet.

Skulestyrar
Det er fyrst og fremst som skulestyrar og pedagog Nikka Vonen vert hugsa som menneske. Ho var ein høgt akta og høgt elska lærar og oppsedar, og pensjonatskulen i Dale er sett på som banebrytande for utviklinga av pensjonatskulane i Noreg.

Nikka Vonens pensjonatskule var i drift frå 1871 til 1907 og gav undervisning på folke- og middelskulenivå. Dei fleste kom frå byar og tettstader, og dei var døtrer i familiar der foreldra hadde råd og ynskje om ei god og allsidig utdanning for dei unge jentene. Mellom anna gjekk ei av døtrene og tre sonedøtrer til Bjørnstjerne Bjørnson på skulen, og Nikka Vonen hadde omfattande brevveksling med både Bjørnson og ei rad andre kjende kulturpersonar i samtida. Jentene som kom til skulen var i alderen frå 11 og opp til 18 år gamle. Til vanleg var det rundt 24 elevar som budde på skulen, men på det meste kunne talet koma opp i 30.

Folkeminnesamlar og folkelivsskildrar
Som folkeminnesamlar er Nikka Vonen kjend i vide kretsar. Ho var særs interessert i og hadde glede av å høyre og skrive ned munnleg overlevert tradisjonsstoff.

Ho samla inn både eventyr, segner og nokre lokale folkeviser. Skildringar av folkelivet utgjer den andre gruppa av samlararbeidet hennar. Dette innsamlingsarbeidet femner om oppskrifter av dialektord, gåter, leikar og anna, og skildringar av kvardagslivet slik det tedde seg for folk i bygdene.

Lang skuletradisjon i Fjaler
Nikka Vonen var med å starta ein lang skuletradisjon i Fjaler. Denne tradisjonen vart ført vidare gjennom Wilhelmine (Willa) Falch sin skule for gutar  frå 1889 – seinare kalla Falch`s pensjonat og realskole. Denne vart teken over av dottera Ragnhild Falch i 1918, då også open for jenter. Oddleiv og Thora Fagerheim vart styrarar i 1950, og skulen flytte no inn i dei nybygde lokala Vevang ved Klokkargarden. Fagerheim dreiv skulen fram til 1968.

I nyare tid har United World College, eit verdsgymnas med 200 elevar frå 80 nasjonar, vorte etablert i kommunen, og er med å stadfesta Fjaler som ein viktig skulekommune.