Gustine Hjelmeland, pÜ ulÜ copy

Gustine Hjelmeland. Foto: Privat, ukjend fotograf

- Med misjon og læraryrket som kall

Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland (1895-1984) var yngst i ein syskenflokk på seks, som vaks opp på Indre Hjelmeland i Gaular, nær det som no er Førde lufthamn.  Mora Nille døydde då Gustine var ung. Ikkje alle jenter fekk utdanning i denne tida, men Gustine fekk reise til lærarskulen i Volda. Gjennom eit langt liv som grendaskulelærar var det tydeleg for alle at Gustine såg på lærargjerninga som eit kall.

Lærar og omsorgsperson
Gustine vart lærar for elevane frå Bringeland, Hjelmeland og Åse og gjorde eit sterkt inntrykk som lærar og omsorgsperson.  Barna som kom ekstra tidleg på skulen kunne merke at Gustine låg på kne og bad høgt for elevane.

Gustine var ei staseleg kvinne, kledde seg anstendig og enkelt og hadde langt kastanjebrunt hår som ho fletta i ein ring rundt på hovudet. Ho var interessert i litteratur, abonnerte på tidsskrift og aviser og var samfunnsengasjert. Som lærar i ei årrekkje på same skulen, tok ho del i familiane sine gleder og sorger. Ho kunne ta med elevar og vitje dei som var einsame i bygda.

Då Bygstad sentralskule vart bygd, vart grendaskulane nedlagde og Gustina arbeidde dei siste yrkesaktive åra sine på nyeskulen. Fleire hugsar henne med sykkelen opp bakkane frå Eide til heimen på Hjelmeland der ho budde med systera Anna, som var ti år eldre.

Misjonskvinne og leiar
Brørne til Gustine flytta ut og garden vart skøytt over på systera Anna i 1922. Etter at faren døydde i 1937, vart garden seld og Heimly bygd – eit staseleg hus som gav plass både til bustad for systrene, hybel på loftet og eige bedehus med møtesal og småsal. At to einslege kvinner bygde eit så stort hus, var imponerande. Då Heimly vart innvigd som bedehus i september 1940, var det allereie ein viktig samlingsstad for musikklaget. Bedehuset hadde ein stor aktivitet der omreisande forkynnarar frå ulike misjonsgreiner alltid var velkomne.
Gustine starta Hjelmeland indremisjonslag, Heimly, 9.mars 1940. Ho var leiar for styret i ei årrekkje, dreiv sundagsskulen og kvinneforeininga og starta opp med tradisjonsrike samlingar som barnefest og ungdomsfest ved juletider, 17.mai fest og basarar. I tillegg gledde Gustina mange brudepar med prologane sine og markerte seg som ein leiar det vart lytta til.

Lenge før Gustine døydde i 1984 testamenterte ho Heimly til indremisjonen. Bygningen vart brukt som bedehus heilt fram til 2010 då det vart selt og aktiviteten flytta til Bygstad bedehus.

 

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.