skryppen

Heksemonumentet på Anda. Kunstnar: Stig Eikaas. Foto: Hermund Kleppa

- brend for trolldom

Kristina Skryppen ( fødd om lag i år 1600) vedgjekk i 1663 å ha vore på heksesabbat på Hornelen. Saman med fire andre, mellom anna sonen Aksel, førte dette til at ho vart brend på bålet.

Hekseprosessar
I heksetrua stod ei heks eller trollkvinne i samband med overnaturlege krefter og kunne føra vondt på folk og fe. I Europa starta hekseforfylgingane på 1200-talet. I Noreg fann desse hekseskuldingane  stad i perioden mellom 1560 og 1710. Ofte starta skuldingane med bagatellar, og hadde ingenting med trolldom eller mystiske fenomen å gjera. Det var gjerne fattige og vanskelegstilte som vart skulda for trolldom. 65 menneske vart tiltala for trolldom og brende på bålet i Sogn og Fjordane. Mange av hekseprosessane var i Nordfjord, og Gloppen åleine hadde sju.

Trolldomssak på Gimmestad
Kristina var dotter av Lars Treita, og gift med Nils Skryppen.  I tingboka for Gimmestad, Gloppen, kan vi lesa om trolldomssaka mot Kristina. Systera Kari hadde skulda Kristina og sonen til Kristina, Aksel, for trolldom. Det blir hevda at ho hadde samband med djevelen, og at ho dreiv med trolldom.

Krangel om jordleiga
Mannen til Kristina hadde bygsla jord av ein kar som heitte Peder Anderson. Dei to krangla om kor mykje Nils skulle betala i jordleiga. Då Peder vart sjuk, vart det hevda at Kristina hadde skuld i dette. Kristina nekta fyrst at ho hadde gjort Peder vondt. Ho sa at det var ikkje mange kunster ho kunne, berre «lese i salt».
Futen forhøyrde Kristina, og presten formana at ho skulle fortelja sanninga. Då fortalde Kristina at ei trollkvinne hadde kome til Skryppen og bede om hjelp og almisse. Som takk skulle trollkvinna læra Kristina trolldomskunstar. Kvinna gav Kristina ein drikk, noko som endra veremåten til Kristina. Djevelen kom til henne som ein flygande fugl.  Han lova å hjelpa henne til godt og vondt. Når ho skulle til Hornelen, fekk ho eit kje å fly på. Også Aksel hadde fått drikken av trollkvinna, samt vore med til Hornelen. Kristina og fire av hennar næraste vart dømde til å bli brende på bålet.

Heksemonument på Anda
Fleire menneske vart brende på bål på Andaneset i Gloppen i løpet av dei 150 åra det var hekseforfylgingar i Noreg. Dette var bakgrunnen for at soknepresten i Gloppen tok initiativ til å reisa eit minnesmerke om hekseprosessane her. Oppdraget gjekk til kunstnaren Stig Eikaas, og i 2002 vart Heksemonumentet avduka.

«Meget forherret och stiffsindig, och Aff Dieffulen bebunden. Udi langsomelig thider haffuer uereit  for Troldom  beryktet.»

«Effter saadan  deris  bekiendelse  och groffue bedriffter ere dee dømte til Baall och Brand, ligeuad dee forige och deris formue till hans kong Mayst At Uerre  forbrutt».