Heidi Grande Røys. Foto: Stig Marlon Weston / SV

Heidi Grande Røys. Foto: Stig Marlon Weston / SV

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

SV logoHeidi Grande Røys (1967-) er fødd i Bremanger, og er no busett i Florø. Ho har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Florø. Heidi var medlem av Flora formannskap frå 1991 til 2001. Heidi møtte på Stortinget i åra 2001-2005. Ho var statsråd i Moderniseringsdepartementet i ein kort periode i 2005, og sidan statsråd i Fornyings- og administrasjonsdepartementet frå 2006 til 2009. Heidi har mellom anna engasjert seg i miljøspørsmål. Ei anna sak som har vore viktig for henne er å læra folk nett-vet. Som fornyingsministar gav Heidi ut boka «Delte meninger».  Dette er ei bok som set fokus på openheit, deling og delingskultur på Internett.