Trong for husmorskule

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

Elevgruppe i arbeid i det såkalla «Storekjøkkenet». Som namnet fortel var det det største av to undervisningskjøkken. Fotograf Kåre A. Tonning, Stryn ca. 1951. Lånt ut av Stryn Vidaregåande skule.

«Skal ein gardsbrukar med landbruksskuleutdanning faa bruka sine kunnskapar, so treng han sanneleg ei kjæring, som forstaar å stella huset og laga mat og elles vera honom til hjelp. Greider ho ikkje det, er eg ræd mannen snart gjeng trøytt og læt det skura som best han kan.» Andreas Sande, Fjaler

«Her var strenge reglar, alle i hus kl. 10. – Det eg hugsar som ein tvang var tresko og sekkeforklede. Det var uniform i kjellar, fjøs, og i utearbeid. Inga dongeribuksa!» Gudrun F. Loftesnes i «På husmorskule i Stryn i 1932» (So han sa…2007)

Timeplan i dei teoretiske faga:

30 t. Sundhedslære med distriktslege H. Chr. Brodtkorb
40 t. Kostlære med lærarinne Serina Sandved
16 t. Husdyrlære med amtsveterinær Sorterup og amtsagronom Elias Faleide
20 t. Song med Jacob Myklebust
30 t. Norsk med lærarinne Serina Sandved
6 t. Hagebrukslære med amtsgartnar Hartvig Hidle

Den praktiske undervisninga

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Foto Fylkesarkivet

Husholdning/kjøken: baking, sylting, safting, hermetisering, kjøt- og fiskemat. Den daglege matlaging og oppvask.

Systove: linsaum, rissing og tilklipping av mønster. Kvar elev sydde eit sett undertøy, ei skjorte, bluseliv og blåtøykjolar.

Vev: Elevane skulle veve ting dei fekk bruk for seinare som handkle, serviettar, kjoletøy, blusetøy, gardiner og litt smettvev.

Vask: klevask, rulling, stryking, stopping og lapping. I tillegg baka dei flatbrød og hadde litt spon- og «raffiaarbeide».

Elevane strikka kvar sitt strømpepar, og dei sauma jamvel kvar sitt skopar! Om kveldane gjorde dei finare arbeid under tilsyn av Serina Sandved.