I år kan vi feira at det er 100 år sidan norske kvinner fekk sin fulle og heile stemmerett. Nye tankar om kvinna som fullverdig samfunnsborgar skulle tenkjast. Kampen var lang og seig, full av fåkunne fordommar og redsel for å misse makt.  Ære vera dei kvinner og menn som ikkje gav opp, men førte kampen.

Motstand og kamp
Frå slutten av 1800-talet skulle kvinnekjønnet bli eit gloheitt tema i den politiske debatten. Kvinner hadde byrja å tre ut av den private sfæren, dei hadde skaffa seg ei rekkje rettar, mange var yrkesaktive og utdanning var ikkje lenger eit framandord. Kvinneleg stemmerett og krav om jamstelling var ei internasjonal kvinnekampsak, og desse strøymingane nådde også Noreg. Opplyste, engasjerte kvinner byrja det langvarige arbeidet for kvinneleg stemmerett. Dei var ikkje alltid samde om strategien, men målet var det same; stemmerett på lik line med menn.

11. juni 1913 var det siste hinderet i kampen for allmenn stemmerett borte. Eit samrøystes Storting vedtok at kvinner kunne gå til stemmeurnene, slik som mennene. Frå før hadde dei fått allmenn kommunal stemmerett, no fekk dei sine statsborgarlege rettar utan vilkår. Stemmerettsforkjemparane Gina Krog, Fredrikke Marie Qvam, Randi Blehr med fleire kunne endeleg sleppe jubelen laus. Dei trudde knapt det dei høyrde. Det hadde vore ein lang veg å gå, og tilbakeslaga hadde vore mange. Med fulle politiske rettar kunne arbeidet for full jamstelling også på andre område ta til.

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane
Gjennom denne plakatutstillinga vil vi vil setje søkelyset på historia til formødrene våre, trekkje fram dagens kvinner, deira kår og samfunnsdeltaking og samstundes henta fram unge kvinner som også representerer framtida. Vi har valt ut ei kvinne frå kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Slik blir utstillinga  også ein naturleg del av 250-års feiringa til Sogn og Fjordane fylke.

Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg på nasjonalt plan. Men også vi har «pionerkvinner» som har sett sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og  i det store samfunnsbiletet.

Målet er likevel ikkje å berre trekkja fram dei «store», men også visa kvardagen og samfunnsutviklinga gjennom dei låge stemmene og deira virke; fiskarkvinna, husmannskona, jordmora, budeia, husmorvikaren og alle dei andre.  Nokre sprengde rammer, andre heldt seg innanfor dei.

Utstillinga skal visa mangfaldet i kvinners liv, både dei levde og dei levande. Prosjektet skal ikkje berre gje kunnskap og dokumentasjon om det som har vore, men også om det som er og som peikar framover.

Høyr teksten “Vegen fram mot ålmen stemmerett”