Ingrid Heggø. Foto: Stortingsarkivet

Ingrid Heggø. Foto: Stortingsarkivet

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

Ap Ingrid Heggø (1961-) er fødd i Balestrand og bur no på Kyrkjebø. Ho er utdanna ved BI. Ho har hatt ulike stillingar i Vestlandsbanken og Fokus Bank. Ho var medlem av Høyanger kommunestyre frå 1991 til 1995, og varaordfører frå 1995 til 2003. Ingrid har vore medlem av sentralstyret i AP frå 2007. Ingrid har møtt på Stortinget frå 2005, og var vararepresentant i perioden 1997-2001. Frå 2009 har ho også vore leiar av Stortingets delegasjon til Den Interparlamentariske Union. Ingrid er  toppkandidaten for Arbeiderpartiet føre stortingsvalet hausten 2013. Ingrid er særleg engasjert i næringspolitikk og arbeidet for å halde arbeidsløysa nede.