Fylkesvaraordførar Jenny Følling. Foto: Senterpartiet

Fylkesvaraordførar Jenny Følling. Foto: Senterpartiet. Lisens: Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens.

I jubileumsåret for 100 år med allmenn stemmerett kan Sogn og Fjordane skilta med tre kvinner på makttoppen. Den historiske trioen skreiv seg inn i den administrative og politiske historia i fylket i 2011 og viser at kvinner både kan og vil delta i samfunnsforminga. Dei gløder for fylket sitt og held samarbeidsfana høgt.

Jenny Følling (1962-) er fødd i Viksdalen, no busett på Bringeland i Gaular kommune. Ho er politikar for Sp. Jenny er utdanna agroteknikar, og har studert samfunnsplanlegging. Ho har arbeidd som næringskonsulent i Gaular og ved Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Jenny utgjer andre halvdel av den historiske politikartoppen i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som fylkesvaraordførar. Ho kom frå rett ordførarstolen i Gaular, der ho i 2003 vart den fyrste kvinnelege ordføraren.

Jenny hadde ingen draumar eller ambisjonar om å bli politikar då ho midt på 1990-talet vart verva inn i Senterpartiet. Brått var ho det likevel. I 1996 kom ho inn i kommunestyret, deretter formannskapet frå 1999 og ordførar frå 2003-2011. Same året som ho vart ordførar, vart ho valt inn på fylkestinget og har vore der sidan, no som Senterpartiets frontfigur med næringsutvikling og samferdsle som hjartesaker.

Det politiske engasjementet er stort, dei mektige leiarverva mange, og Jenny er ikkje skvetten for å ta nye oppgåver og ansvar på seg. Kven skulle tru at Jenny var skrekkslagen då ho vart vald som ordførar i Gaular? Ho tok utfordinga, fann ut at ho fekk vera seg sjølv og føler seg privilegert som får vera med å utvikla samfunnet.

– Sei ikkje nei viss du blir spurd, er hennar oppmoding til andre kvinner.