Jorunn Ringstad. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Jorunn Ringstad. Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

Sp logo

Jorunn Ringstad (1943-) er fødd og busett i Askvoll.  Ho har lærar og ingeniørutdanning. Fram til 1986 jobba ho for det meste som lærar, avbrote av eit år som laborant ved Haukeland sykehus. Ringstad var ordførar i Askvoll frå 1987 til 1993. Ho var medlem av sentralstyret i SP frå 1997 til 2000. Jorunn møtte på Stortinget i åra 1989-2005, dei fyrste fire åra som vararepresentant. Ho var visepresident i Odelstinget frå 1997 til 2001. Samferdselspolitikk har vore viktig for Jorunn. Ho har også engasjert seg i saker som gjeld konsesjonslovgiving og helsepolitikk. Jorunn har vore styreleiar i Helse Førde frå 2012.