Illustrasjonsfoto: Sara Berntsen

Illustrasjonsfoto: Sara Berntsen

Segna om Jostedalsrypa fortel om ei lita jente som var einaste overlevande etter at Svartedauden herja i Jostedalen. Svartedauden var ein lunge- og byllepest som kom til Bergen med eit skip i 1349.

Jostedalsrypa var frå ein storgard i Sogn. Då Svartedauden kom til distriktet, flykta heile familien til Jostedalen for å sleppa unna pesten. Dei avtala med folk i bygda at dei ikkje skulle koma fram til Jostedalen før pesten var over. Brev og beskjedar vart lagde under ein stein, kalla brevsteinen.

Sjølv om bygda var i isolasjon, kom pesten til bygda likevel. Då pesten var over, ville folk fram i Jostedalen for å sjå om det var overlevande der. Dei såg snart at det ikkje rauk frå nokon hus, og alle var døde. Då dei kom til den garden som låg lengst avsides, såg dei spor i snøen. Dei fann ei lita jente, som vart teken med til sivilisasjonen. Segna fortel at ho gifta seg, og det skal vera mektige slekter som ættar etter henne.

Segna om Jostedalsrypa er både rørande og mystisk, og det har fengsla både store og små i fleire mannsaldrar.  Det er ei historie om ei vill og sky jente med stort mot. Segna er blitt filmatisert to gonger.