Kvinneunderskriftaksjonen i 1905

- ei formidabel mobilsering for nasjon og stemmerett

Underskriftsliste frå Leikanger, publisert av Stortingsarkivet.

Underskriftsliste frå Leikanger 1905, publisert av Stortingsarkivet.

Av Kjerstin Risnes 2005*

“…Presten lyste frå kordøri, at alle kvinner yver 25 aar vilde faa høve til aa skriva sitt namn på listor, som var utlagde i sakrestiet, fy aa stydja mænnernes ja i urni. So snart preiki var ende, for kvinnorne i flokk i sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor – sume med stav- staa aa ropa til dei yngre; ” Skriv meg! Skriv meg og !”

Det er etter gudstenesta i samband med folkerøystinga 13.august 1905 at kvinnene i Leikanger nærmast stormar sakristiet. Avisa Sogningen 18.08.1905 gjev denne levande skildringa av stemninga som rådde i Leikanger denne dagen. Kvinnene hadde ikkje fått røysterett og kunne difor ikkje delta i folkerøystinga, men gjennom underskriftslister for unionsoppløysing fekk dei likevel gitt uttrykk for sitt syn.

“Mandfolkavstemningen” som samla kvinnene til felles front

Kampen for allmenn stemmerett for kvinner sto høgt på den kvinnepolitiske dagsorden på slutten av 1800-talet. Det var difor eit slag for den norske kvinnerørsla med at dei ikkje fekk statsborgarleg røysterett til liks med mennene i 1898. Eitt av argumenta for å ikkje gje kvinnene denne retten, var at kravet om røysterett ikkje kom frå kvinner frå det ”ganske” land, berre frå ein snever krins i byane.

7.juni 1905 erklærte Stortinget unionen med Sverige for oppløyst. Den 29. juli vart det vedteke at det skulle haldast folkerøysting 13. august om oppløysing av unionen. Då dette vart kjent, sende Frederikke Marie Qvam, leiar og stiftar av Landskvinnestemmerettsforeningen, (LKSF),  den 28. juli eit telegram til Stortinget der ho oppmoda om at kvinnene måtte få delta. ”Skal en folkeavstemming, som ligger udenfor vor forfatning, besluttes, maa kvinderne tages med.” Men dette blei avslått med ulike grunngjevingar. Eitt argument var at det ikkje eksisterte kvinnemanntal og tida var for kort til at styresmaktene kunne få dette til. Ressursane måtte brukast for å få mennene til å røyste for oppløysing av unionen. Kvinnene vart difor oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla.

Dei leiande kvinnesakskvinnene med Marie Qvam og Gina Krogh i tet vart rimeleg provoserte over argumenta og haldningane som kom fram, og dei fyrste dagane i august gjekk startskotet for ein landsomfattande kvinneunderskriftskampanje for unionsoppløysing. Heilt ulike kvinneorganisasjonar samla seg og gjekk til felles front. No ville dei ikkje lenger stå på sidelina, men vise at dei var fullt og heilt i stand til å ta ansvar for nasjonale spørsmål på lik line med menn, og konkretiserte dette ved å slå ring om 7.juni vedtaket. Målet var tosidig;  å delta i kampen for eit heilt fritt og sjølvstendig Noreg, men også bruke denne underskriftsaksjonen i det strategiske arbeidet for ålmenn røysterett for kvinner.

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp.

Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer. Fotograf Alvilde Torp. “Foreningen arbeidet for stemmerett for kvinner i Norge fra 1898 til 1913, da kvinner fikk full stemmerett på lik linje med menn. Etter dette fortsatte foreningen sin aktivitet som velgerforening for kvinner fram til 1938.” Nasjonalbiblioteket.

Ein imponerande innsats på rekordtid

“Lad ikke den 13.august finde os ”furtende” hjemme. Selv om våre stemmer ikke tælles, saa kan de ”veies”, var oppmodinga frå styret i Landskvinnestemmerettsforeningen med Marie Qvam i spissen. Og det skal vitast at kvinnene ikkje sat heime og furta! Alt 2.august kom dei fyrste underskriftslistene i sirkulasjon med fylgjande overskrift: ”Norske kvinder ønsker hermed å føie sitt Ja til de mænds, der, har ret til at deltage i folkeafstemningen 13de august, idet de med dyb overbevisning er med på at slaa ring om 7de-juni-beslutningen.”

Innleveringsfristen var 19. august, og 22.august skulle listene overrekkjast Stortinget. Vel 20 dagar hadde dei på seg. Det vart mobilserte frå alle kantar av landet, og eit formidabelt arbeid vart sett i gang.  Det fanst ikkje noko manntal å gå ut frå, og det var ikkje tid til å byggje opp eit eige aksjonsapparat. Etter nederlaget om stemmerett i 1898 hadde røysterettsorganisasjonane agitert over heile landet, og saka hadde spreidd seg til mange ulike kvinneforeiningar. Til dømes hadde Landskvinnestemmerettsforeningen 50 lokale avdelingar spreidd over heile landet, og Norske Kvinners Sanitetsforening, også stifta av Marie Qvam, hadde 4000 medlemmer. Sistnemnde organisasjon var ein støtteforeining til Hærens Sanitet, ei manifestering av at kvinnesakskvinnene ville stå saman med den norske hæren i kampen for norsk sjølvstende.

Aksjonistane hadde såleis eit visst nettverk, men tida var kort og måtte brukast effektivt og kreativt. Det kom framlegg om ”dør til døraksjonar”, det vart lagt ut lister i avisredaksjonane, på butikkar, hotell og stader der det var lett å nå dei. Og som vi ser av referatet i Sogningen, det vart enda til lagt ut lister i kyrkjene på sjølve valdagen. Der aksjonistane ikkje hadde medlemmer eller mangla kvinnekontaktar, vart listene sende til prestar, lensmenn og ordførarar, ifylgje Marie Qvam. Personar i målrørsla, ungdomslagsrørsla og partiet Venstre var naturlege samarbeidspartnarar.

Eit overveldande resultat

Resultatet var over all forventning. Heile 279 878 kvinneunderskrifter vart samla inn og Marie Qvam kunne stolt oppsummere slik: ” Efter 3 ugers Arbeide Nat og Dag kunde jeg sammen med mine medarbeidere overrekke Stortingets Præsident de norske Kvinders Ja til 7de junibeslutningen, med cirka 300 000 Underskrifter!”. Dette er eit imponerande tal, og stortingsmennene reiste seg og klappa då underskriftene vart leverte. Heile 53 prosent av landets kvinner hadde skrive under på denne spontanaksjonen. Talet på underskrifter vert ikkje mindre imponerande når vi veit at sjølve folkerøystinga hadde eit røystetal på 368 392 og at styresmaktene mobiliserte kraftig for at mennene skulle kome seg til røystelokalet.

Kvinneaksjonen hadde ikkje noko offisielt apparat i ryggen, og aksjonen skulle i stor grad marknadsførast gjennom ”jungeltelegrafen”. Sjølvsagt fekk dei svært god drahjelp av den stemningsbølja som var, men dette var både opprør- og støtteaksjon. Det var slett ikkje gitt at det skulle bli så vellukka, og i starten vart det frå ymse hald åtvara mot å setje i gong ein slik aksjonen. Mange kvinner var redde for at underskriftskampanjen kunne skade kampen for røysterett viss det kom inn få stemmer.

Breitt samansett aksjon

Aksjonen var breitt samansett av ulike kvinneorganisasjonar som  Norske Kvinders Sanitetsforening, Norsk kvinnesaksforening, Landskvinnestemmerettsforeningen, Kvinnestemmeforeningen, organisasjonen ”Hjemmenes Vel” og ulike kvinnegrupper/ kvinnelege medlemmer i ungdomslag, fråhaldslag, ”sedlighetslag” osv. Når vi ser på talet underskrifter, må aksjonen ha hatt brei støtte uavhengig av tradisjonelle skiljeliner.  Det er all grunn til å tru at målet om størst mogeleg oppslutnad om 7.juni vedtaket var viktigare enn at det var ein del kvasse og sikkert ikkje like populære røysterettaktivistar som fronta aksjonen.

Få kvinneunderskrifter frå Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var det svært stor stemning for oppløysing av unionen. Fylket hadde prosentvis landets nest høgste valdeltaking. Mest 17 000 menn røysta, det vil seie 92,5 prosent av dei røysteføre, og berre tre røysta nei. Slik sett skulle ein tru at underskriftsaksjonen skulle få stor oppslutnad i Sogn og Fjordane. Men den største innsamlaren, Landskvinnestemmerettsforeningen, kunne berre overlevere 2451 underskrifter frå Sogn og Fjordane. Kva kan dette skuldast og er talet på underskrifter rett?

Var folket i Sogn og Fjordane for tradisjonelle ?

Sogn og Fjordane var i 1905 eit bondesamfunn med eit svært tradisjonelt kjønnsrollemønster. Dei nye tonane om røysterett og jamstelling kom tradisjonelt frå dei meir kondisjonerte og velståande kvinnene, samt den veksande arbeidarørsla i byane. Vi hadde korkje byar, industri eller kondisjonerte miljø i særleg grad. Dei nye tankane hadde ikkje så lett for å finne fotfeste i eit tradisjonelt miljø, kanskje dette kunne vere eit hinder ? Likevel, elles i bygde-Noreg vaks det gjerne fram radikale kvinnemiljø gjennom norskdomsrørsla knytte til ungdomslaga, folkehøgskulane og mållaga, og dette vert halde fram som eitt av svara på kvifor  LKSF kunne mobilisere så raskt og breitt.  Også i Sogn og Fjordane stod norskdomsrørsla sterkt, men dette ser likevel ikkje ut til å ha gitt dei store utslaga i denne samanhengen.

Avisene, som elles var elles proppfulle av unionsstoff,  er også forbausande tause om Kvinnunderskriftaksjonen. Vi hadde seks aviser i fylket, og førebels har vi berre funne to støtteopprop til kvinneaksjonen. I Fjordenes Blad 12.08 gjev redaktøren si fulle støtte til aksjonen :

“Vi giver dette oppråb til landets kvinder vor varme tilslutning. Det vil utvilsomt styrke Noregs stilling i disse alvorlige tider, at ogsaa vaare kvinder er med at slaa ring om landets selvstendighed. Lad os nu be at alle Noregs kvinder bli med!.. “

Det er lite rimeleg å tru at sjølve oppropet vart opplevd som provoserande. Hovudbodskapen var å støtte opp under stortingsvedtaket. Den kvinnepolitiske undertonen var tydeleg, men ikkje så sterk at han skulle overskugge hovudbodskapen og gje negativt utslag. Forklaringa på det dårlege resultatet må liggje ein annan stad.

Geografisk utfordrande fylke for ein lynaksjon

Aksjonen skulle gjennomførast på rekordtid. Dette måtte vere ei stor utfordring i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dagens fylke er grisgrendt, i 1905 budde det folk mest på kvart nes. Sjølve geografien og busetnadsmønsteret må ha vore til hinder for ein effektiv aksjon. I byane låg det t.d. lister i avisredaksjonane der kvinnene kunne gå og skrive namnet sitt. Vi hadde  to aviser i kvart av futedøma. Bymodellen dugde ikkje i vårt fylke. Her måtte aksjonen organiserast noko annleis. Avisa Sogns Tidende 09.08. fortel at dei har fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men at kvinner i Sogndal ” ..alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt.” Fjordenes Blad på Nordfjordeid, som vi tidlegare har referert til, fortel at det var utlagt lister ” i Sprangbergs boghandel og i Brødrene Totlands boghandel”.  Avisa oppmoda vidare ”… kvinder i de øvrige av vore bygder til at ta sig av sagen og sørge for at faa lister udlagt paa bekvemme steder..”.  Men for mange var det lang veg til butikken, og det var ikkje enkelt å få lagt ut lister på ”bekvemme steder” i eit fylke som vårt. I Fjordenes Blad 30.08 kom det fram at det vart samla inn 257 underskrifter på dei to listene på Eid. Men dei nemner ikkje lister frå andre bygdelag.

Kvinnene i Sogn og Fjordane var nær knytte til primærnæringane, og aksjonen gjekk føre seg på eit lite høveleg tidspunkt. Heime på garden var det håslått med lange arbeidsdagar, og elles midt i stølssesongen. Dette tydde at mange kvinner hadde arbeidsplassen sin høgt til fjells, langt unna underskriftlistene.

Kvinnenettverk – ei mangelvare

Det største problemet for ein effektiv aksjon i Sogn og Fjordane var kanskje mangelen på  nettverk og alliansepartnarar. I innsamlingsarbeidet brukte dei lokallagsmedlemmer til å samle inn underskrifter og spreie lister. Her i fylket var det få reine kvinneorganisasjonar, med unntak av misjonskvinneforeiningane, som hadde fått fotfeste i 1905. Aksjonistane måtte difor finne fram til enkeltpersonar som dei kunne alliere seg med, og som kunne setje aksjonen i gang i si bygd eller ein kommune. Dette måtte ta meir tid og vere mindre effektivt enn der dei kunne nytte seg av organisasjonsapparata. I Stortingsarkivet har vi funne lister frå Kaupanger, Solvorn og Lærdal, og vi veit det vart samla inn underskrifter i Leikanger, Sogndal, på Eid og i Lavik. Ut av listene kan vi lese at den fyrste underskrivaren var ei kvinne med sosial posisjon, som t.d. kondisjonerte Magda Knagenhjelm i Kaupanger og fru Postmeister Mikkelsen, aktiv venstredame, i Lærdal. Truleg var desse kontaktpersonar og igangsetjar av dei lokale aksjonane. Systemet med slike kontaktpersonar kunne fungere i einskilde kommunar og bygder, men det var nok ikkje alle bygder som hadde  kvinnelege frontpersonar som kunne stå i spissen for aksjonen.

Menn som viktige alliansepartnarar

I kor stor grad det vart brukt mannlege kontaktpersonar i dette arbeidet, veit vi ikkje, men dei var klart viktige medspelarar og meiningsberarar.  Avisredaktørane er godt eit døme på dette. Det er vel elles grunn for å tru at Marie Qvam, leiar i Landskvindestemmerettsforeningen og nær knytt til partiet Venstre, nytta sitt politiske kontaktnett gjennom dei ti venstrelaga i fylket.

I Lavik i Sogn anar vi venstremannen og kommunestyrerepresentanten Lasse Trædal sin medverknad når vi kan lese fylgjande i valstyreprotokollen frå folkerøystinga 13.august. “En henvendelse fra 59 voxne kvinder i Lavik besluttedes medsendt udskriften. Da intet videre forebragtes, hævedes stemmemødet og protokollen underskrives: Lasse Trædal, L. Aven, Bjørnethun, Johannes B. Mølmesdal, Ramsli, Berge Instefjord, Gunnar Mjelsvik, Johs. Vergeland, Johan Kirkebø, I. S. Haugland, Ivar O. Asheim, Ole Fasund, Sjur Dale, J. Breivik.”

At underskriftene hamna i valstyret sine hender og vart protokollført i ein offentleg valprotokoll, er oppsiktsvekkjande.  Protokollane til valstyra inneheldt normalt referat om korleis valet hadde blitt gjennomført og resultatet av røystinga. Underskriftene frå kvinnene i Lavik hadde eigentleg ingenting å gjere i referatet, og at valstyret tok på seg å sende dei vidare er også helt spesielt. Dette kan indikere at aksjonen var lokal, at dei ikkje hadde nokon ”moderorganisasjon” å sende underskriftene til.

Dømet frå Leikanger, der kvinnene kunne gå i sakristiet og skrive under etter gudstenesta, viser at presten Fredrik Vilhelm Bull-Hansen også var sentral. Kona Caroline var truleg aktiv i aksjonen, men det var presten som hadde det siste ordet om bruken av kyrkja. Det kan også nemnast at biskopen var i Leikanger 13.august og deltok under gudstenesta. Vi kan vel trygt seie at i Leikanger var underskriftsaksjonen både velsigna og godt ”tima”.

Leikanger kyrkje ca 1930. Fotograf Harstad's Kunstforlag

Leikanger kyrkje. Fotograf Harstad’s Kunstforlag.
Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kor vidt det var vanleg å leggje ut lister i kyrkjene veit vi lite om, og vi har heller ikkje materiale som viser at det var vanleg å parallellkøyre ”Mandfolkavstemningen” og kvinneunderskriftsaksjonen. Kanskje Leikanger var heilt spesiell i så måte ? I Leikanger budde også amtmann Utheim, venstremann, ihuga ungdomslagsmann og ivrig talsmann for oppløysing av unionen, samt læraren, venstremannen og kulturarbeidaren Olav Sande. Med slike sterke meiningsberarar samla i ei bygd låg tilhøva godt til rette for ein godt legitimert og velorganisert underskriftsaksjon. Viss underskriftsaksjonane i fylket hadde vore organiserte på same måte som i Leikanger, er det vel grunn for å tru at talet på underskrifter hadde vore langt høgre i  Sogn og Fjordane.  Tilhøva vart lagt godt til rette for at mennene skulle komme seg til stemmelokala, og ei ”samkøyring” ville truleg ha gitt eit heilt anna resultat.

Er talet på underskrifter rett?

22.august 1905 overleverte Landskvindestemmerettsforeningen dei innkomne underskriftslistene til stortingspresidenten, der dei 2451 underskriftene frå i Sogn og Fjordane også var med. Landskvinnestemmerettsforeningen gjorde Stortinget merksam på at alle listene ikkje var komne inn. Om dette også galdt lister frå Sogn og Fjordane, er vel ikkje heilt utenkjeleg viss vi tenkjer avstand, kommunikasjonar og postgang. Vi veit heller ikkje om det var andre lister i omløp, men det kan det ha vore. Det var tre deputasjonar på Stortinget denne dagen, m.a. ” Norske Kvinders Nasjonalraad og  andre kvindeforeninger landet rundt.”  Oppropet deira var underteikna av 565 forbund og foreiningar. Kor mange underskrifter dette utgjorde, kva forbund og foreiningar det galdt og kvar dei kom frå, veit vi heller ikkje. Vi kan ikkje sjå bort frå at det var underskrifter frå Sogn og Fjordane på desse listene, sjølv om her var få kvinneorganisasjonar. Det kan og ha vore underskrifter frå kvinner i kjønnsnøytrale foreiningar.

Underskriftsliste sendt ut av Landskvindestemmerettsforeningen med underskrifter frå Kaupanger. Henta frå Stortingsarkivet.

Underskriftsliste sendt ut av Landskvindestemmerettsforeningen med underskrifter frå Kaupanger. Henta frå Stortingsarkivet.

Lite, men viktig bidrag til arbeidet for ålmenn stemmerett for kvinner

Sjølv om underskriftsaksjonen i Sogn og Fjordane ikkje gav det resultatet ein kanskje kunne forvente ut frå oppslutninga om sjølve folkerøystinga, var underskriftene likevel eit viktig bidrag til det vidare arbeidet for ålmenn stemmerett for kvinner.  ” Norske kvinners holdning i bygd og by i disse dage er et smukt blad  Noregs historie og vil bidra til å skaffe dem den rett de forlanger”, sa då også statsminister Jørgen Løvland då han fekk overlevert listene. Marie Qvam og Gina Krog hadde lukkast med sine dristige kampanjemål; full støtte om unionsoppløysinga og samstundes synleggjere kvinner landet over som vaksne, ansvarlege menneske, verdige sin ålmenne stemmerett. Og aksjonen vart sjølvsagt brukt for å legitimere kravet om ålmenn kvinneleg statsborgarleg stemmerett. Og han kom, i 1913.

Sluttord

I artikkelen om Kvinneunderskriftaksjonen har vi sett søkjelyset på ei side av folkerøystinga som det er forska lite på. Vi  har hatt svært få kjelder, og føremålet har ikkje vore å trekkje konklusjonar, men vise fram det vi har funne, stille nokre spørsmål og drøfte litt kring dei. Håpet er at dette kan kaste lys over eit heller ukjent tema og gje einkvan kveik til å halde fram  ”gravearbeidet” om kvinnestemmeaksjonen både på lands- og fylkesplan. Spanande stoff er det i alle høve.

* Denne artikkelen er tidlegare publisert i årbok for Sogn 2005 og er ei redigert utgåve av ein artikkel som stod i tidsskriftet Kjelda, nr 3 – 2004, og er ein av mange artiklar i 1905- arbeidet til Fylkesarkivet. 

Kjelder