Lækjarkunnige

I løpet av 1600-talet vart lækjarverksemda lovregulert. Etter forordning frå Christian IV i 1619 skulle berre autoriserte medisinmenn lage og gi folk medisin, og etter kongeleg påbod i 1672 måtte ein lækjar ha eksamen frå universitetet i København. Reguleringa kom fordi det var mange kvakksalvarar som lura pengar av folk, men også frykta for hekseri og djeveldyrking var stor.

Birch skreiv at sjuke fekk råd, medisinar og pleie hos Sara. Kvar hadde ho fått kunnskap om medisin og kvar fekk ho medisin frå? I familien hennar er det ikkje oppgitt nokon lege, og legestudiar var ikkje for kvinner. Truleg hadde Sara kontakt med ein autorisert lege som sende ho medikament. Etter at sonen Johan vart ferdig utdanna lege, skreiv ho til han etter medisinar. Johan må ha stolt på diagnosane hennar for han sende medisinane ho ville ha.

Sara stelte vel i huset, og hygienen var truleg betre hos henne enn hos mange sambygdingar på den tida. God hygiene kan ha ført til at folk ho pleia vart fortare og oftare friske.