Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket

Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket. Lisens: Creative Commons NamngjevingCreative Commons-lisens.

– kvinnesakskvinne, husflidsforkjempar og statsministerfrue

Randi Marie Blehr f. Nilsen (1851-1928) er mellom dei store kvinnesakspionerane i Noreg. Ho arbeidde også for målsaka, husfliden, unionsoppløysinga og fredssaka. Randi Blehr knyter tydelege band mellom fylket vårt og den nasjonale kvinnerørsla i tiåra rundt 1900.

Eit radikalt og aktivt ektepar
Randi var fødd i Bergen. Ho hadde ikkje utdanning, men sysla med teikning, teater og song og vart tidleg med i Vestmannalaget. Ho gifta seg med Otto Blehr (1847-1927) og flytta fyrst til Nordfjordeid og i 1877 til Lærdal, der mannen vart overrettssakførar. Otto Blehr starta og redigerte venstreavisa Sogns Tidende i Lærdal. Han var ordførar i åra 1882-88, stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt 1883-88 og vart seinare statsråd og statsminister både i Stockholm og i Oslo.

Noregs fyrste vevskule – i Lærdal
Randi Blehr var ivrig kvinnesakskvinne. Kvinnene, ikkje minst dei ugifte, måtte bli økonomisk sjølvstendige, meinte ho. Med dei nasjonale strøymingane sist på 1800-talet voks interessa for norsk husflid, og her såg Randi Blehr ein sjanse: – Hvad kan der ikke gjøres av ulden? Aaklederne kan blive en gangbar vare, skreiv ho i Sogns Tidende. I 1889 arrangerte ho ein tremånaders vevskule i Lærdal med heile 47 elevar, flest frå Indre Sogn, men også byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, frå Fresvik underviste. Ho hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut. Kurset vart ikkje berre viktig for å gjenreisa den gamle ruteveven og gje inspirasjon til ein ny næringsveg for mange kvinner i Sogn, men også biletvevkunsten allment.

Kvinnesak, unionsoppløysing og fredsarbeid.
I Kristiania vart Randi Blehr ei aktiv organisasjonskvinne. Ho deltok i stiftinga av Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og var formann 1895-99 og 1903-1922. Ho var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok ho initiativ til ein landsomfattande aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering og kravde unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett. Ho var også aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.

Kvinnene, kulturen og nasjonsbygginga
Randi Blehr høyrde til i krinsen rundt Hulda Garborg og la vekt på kvinnene si rolle i nasjonsbygginga og i kampen for norsk kultur. Ho heldt føredrag om norsk vevnad, og i lag med Hulda song ho folkeviser, dansa og kjempa for eit nynorsk teater. Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.

Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.