Nikka (Nicoline Marie) Vonen

Født 14.november 1836 i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Konfirmasjonen fann stad i Davik i Nordfjord i 1851. Ho er mest kjent som skulestyrar og pedagog, men har også samla, skrive ned og gitt ut folkeminne og folkeskildringar frå Sunnfjord. Tekstane vart gitt ut på riksmål med dialogar på dialekt. Etter kvart vart dei omsett til landsmål. Nikka Vonen var involvert i målstriden i pionértida til nynorsken i 1860-70-åra. Ho var ugift. Nikka Vonen døydde 97 år gamal i november 1933.

Skulegong og arbeid

Først to år ved Lindemanns Pensionat og Skole for Pigebørn av den betre Classe i Davik i Nordfjord dit ho kom i 11-12-årsalderen, så i teneste som guvernante på Kinn utanfor Florø, i Lyngdal, i Kristiania og i Drøbak. 26 år gamal tok Nikka Vonen til ved Nissens Pigeskole for Voksne i Kristiania, og mykje tyder på at ho ei tid var elev ved Eugenias Stiftelse i hovudstaden. I Kristiania fekk nok Nikka Vonen stimulert interessa si for kultur, utdanning og kunnskap og kjent på straumdraga i tida når det gjaldt samfunnsspørsmål. Ho var særs interessert i tekstane til Snorre, og han vart lesen av Nikka Vonen allereie då ho var barn.

Skule for piker

Nikka Vonen starta pensjonatskule for jenter på Steia i Dale i 1871. Den vart driven av Nikka Vonen til 1907. Om lag 800 elevar frå 11 til 20 år gjekk ved skulen som ga undervising på folke-og middelskulenivå. Den første, faste kvinnelege stortingsrepresentanten, Karen Platou (1879-1950), født i Mandal og representerte Høgre frå 1922, gjekk på skulen til Nikka Vonen. Han er karakterisert som særs viktig for utviklinga av pensjonatskulane, og hadde elevar frå utlandet i klasserommet.

Formidlar av folkeminne

Nikka Vonen samla, skreiv ned og ga ut munnleg, overleverte folkeminne i form av segner og forteljingar, tradisjonar og tru, dialektord, gåter, leikar, lækjarråd, viser og skildringar. Mesteparten av det innsamla materialet hennar er frå Sunnfjord, men noko er truleg også frå Sunnmøre og frå Gudbrandsdalen. Dette tok ho kanskje til med etter oppmoding og oppmuntring av Eilert Sundt, den første sosiologen i Noreg. Nikka Vonen møtte etter alt å døme Sundt for første gong i Dale i 1862.

Utgjevingar

Første stykket på prent frå Nikka Vonen var «En Husmandsfamilie» på riksmål i tidsskriftet Folkevennen i 1865. Husmannsfamilien var frå Dale. Om lag 20 segner vart i 1868-1869 trykt i Dølen, bladet åt Aasmund Olavson Vinje. Her kom dei første landsmåltekstane frå Vonen til lesarane. Dei var rett nok omsett til landsmål av språkforskar Hans Ross. Dialogane var på dialekt frå handa åt Nikka Vonen. Nokre år etter kom forteljingar av ho på trykk i tidsskriftet Svein Urædd og i Lauvduskar på 1870-talet – på landsmål. Soleis var Nikka Vonen ansvarleg for dei første stykka på nynorsk på trykk i det nye skriftmålet si aller første tid.

Landsmålet

Nikka Vonen meldte seg i 1872 som første kvinne inn i nynorskorganisasjonen Vestmannalaget i Bergen (skipa 1868), og var i medlemslistene åt Det Norske Samlaget til og med 1875. Nikka Vonen brevveksla med framståande personar i kultur-og samfunnsliv i landet på den tida: m.a. Bjørnstjerne Bjørnson, prest og skulemann Christopher Bruun, historikar Ernst Johan Sars.

I fjellheimen

Nikka Vonen var blant dei første kvinnene i Jotunheimen og på Galdhøpiggen, og blei medlem av Den Norske Turistforening truleg frå starten i 1868. I august 1874 vart ho kjent med den britiske fjellklatraren William C. Slingsby.

Belønning

I 1894 fekk ho Kong Oscar IIs medalje til belønning for fortjenstlig virksomhet i gull for arbeidet med pensjonatskulen. Nikka Vonen var æresmedlem i Bergen Museum.