Sara Cold Frimann (1714 – 1800)

Sara kom til Selje som prestekone, inngifta i den kjende Harboe Frimann-slekta. Ho vart lagt merke til i samtida og hugsa i ettertida fordi ho var raus og hjelpte sine medmenneske, men også fordi ho hadde sans for forretningar. Korleis vart Sara det driftige mennesket ho var?

Kven var Sara Cold?

Sara vart fødd i Romedal, ei bygd sør i Hedmark. Ho var dotter av presten Isaac Cold og hans andre kone Mette Larsdatter Sleichar. Faren var sjølv son av presten i Øyer og av god familie. Han var først gift med Mette Nielsdatter Hover. Hun døde i 1701, og i skiftet etter henne står det oppført elleve barn. Hun hadde en son og tre døtrer frå tidlegere ekteskap, og med Isaac hadde hun fire søner og tre døtrer. Arven etter henne var stor, og Isaac var ein halden mann.

Mor til Sara er det ikkje lett å finne ut mykje om, men ho var stedotter til broren til Isaac. Dei gifta seg i 1702 og fekk tre barn saman. Sara hadde i alt ni søsken. Brørne fekk alle god utdanning, og den eldste, Jakob Cold, vart ein namngjeten prest i Kristiania. Jentene skulle ikkje utdannast på den tid, men Sara hadde god tilgang på bøker i oppveksten og kan ha lese mykje. Ho fekk også lære å veve og gjere handarbeid.

Far til Sara vart prost for Øvre Romerike i 1724, og familien flytta til Nannestad. Det var her Sara møtte Peder Harboe Frimann og gifta seg med han i 1745. Det skal ha vore sagt om Sara at ho ikkje var særleg pen, og folk i Selje undra seg over at ein så staut kar som Peder ville ha henne. Anna Harboe, mor til Peder, skal ha svara at «er ho pen nok for han, er ho pen nok for oss andre».

Pietistar

Kan hende hadde Sara andre kvalitetar som Peder sette høgare enn utsjånad. Både Peder og Isaac Cold var pietistiske prestar, opptekne av personleg tru og moral. Pietistane meinte det ikkje var nok at folk gjekk til kyrkje kvar søndag og utførte dei pliktene kyrkja påla dei. Kvar einskild måtte ha eit forhold til Gud. Skulle folk få det, måtte dei kunne lese bibelen. Pietistane ville at alle skulle lære å lese, og dei noterte ofte med stor flid opplysningar om korleis soknebarna levde.

Sara hadde same forståing av kristentrua som Peder. Ho var godt kjend med bibelen og viste flid i alt sitt arbeid. Då dei kom til Selje som nygifte, sette dei i gong med både fattigstell og skule. Sara held kurs i handarbeid for unge kvinner.

Prestefrue i Selje

Det er ikkje fortalt mykje om den første tida Sara budde i Selje. Då var det helst mannen Peder som vart omtala. Han var godt likt i bygda, og ikkje redd for å ta i eit tak. Biskop Erik Pontoppidan roste han for «berømmelig Flid i sin Gjerning» etter sitt besøk i 1750, men la til at han «prædikede ..lidt fryktsomt».

Sara og Peder fekk sju søner, men berre fire vaks opp. Spedbarnsdød var svært vanleg på 1700-talet. I kyrkjeboka frå Selje 1745 – 1750 er meir enn halvparten av dei døde spedbarn. Peder har ringa inn både dåpsdagane og gravferdsnotisane for barna sine, og han skreiv ned nøyaktig kor gamle dei vart. Det må ha vore tungt for både mor og far.

Eineforsørgjar

Peder døydde i 1759, og Sara sat att med fire søner. På den tida var det vanleg at enkjene gifte seg opp att etter kort tid. Sara valde å vere eineforsørgjar. Ho fekk ein stor arv etter Peder, og ho var ikkje nøydd å gifte seg opp att av økonomiske årsaker slik mange enkjer var. Ho hadde eit hus i lag med svigermora på prestegarden, eigde part i fleire andre gardar og hadde eigen fiskebåt og notbruk. Som presteenkje fekk ho 30 riksdaler i året, og Peder hadde også sett av pengar i ei enkje-pensjonskasse som årleg ga ho 30 riksdaler til.

Om arven var god, kravde det mykje arbeid å følgje den opp. Den eldste sonen Claus var 13 år då faren gjekk bort, og han vart til god støtte for mora. Han fekk lære å føre rekneskap, og han deltok i det praktiske arbeidet. Sara var dyktig og nøysam i hushaldet, og ho fann også tid til å veve og farge tøy for sal.

Svigermora Anna hadde ord på seg for å vere gniten, men ho skal ha støtta opp om svigerdottera og barnebarna. Dei fekk også sin del av arven etter henne i 1769. Svoger til Sara, Wilhelm Frimann, fekk ingen eigne barn. Han hadde brorsønene hos seg i periodar og hjelpte til med utdanninga deira.

Sønene

I «Galleri af berømte Fruentimmer» frå 1793 skriv Birch at det var små kår hos Sara. Det stemte nok ikkje heilt, men ho arbeidde hardt og flittig sjølv om ho ikkje var nøydd til det. Etter kvart som sønene vaks til, selde ho unna litt jordegods og kosta utdanning på dei.

Dei to eldste sønene vart prestar som faren. Claus Frimann var prest på Davik og kjend for sine jordnære og folkelege dikt og songar. Isaach Severin Frimann var prest i Namdal. Den tredje i rekka, Johan Cold Frimann, vart lege og busette seg i Trondheim. Den yngste, Peder Harboe Frimann, gjorde karriere innan utanrikstenesta og diplomatiet, og budde i København. Han skreiv også nokre dikt.

Alle sønene held kontakt med mora i vaksen alder. Då Sara gjekk bort i 1800, sette Claus inn annonse i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger. Der gir han mora tittelen dikterinde, men det er berre eit dikt ein veit ho har skrive.

Kvifor vart Sara eit berømt fruentimmer?

Korleis Birch fann fram til Sara i Selje då han sette opp sitt galleri av fruentimmer, er det ikkje godt å finne svar på. Truleg høyrde han om Sara frå nokon som kjende ho. Det kan godt ha vore ein av sønene eller eit anna familiemedlem.

Sara delte lagnad med fleire andre enkjer i distriktet. Å sitje med jordegods, fiskebåt og notbruk for ei einsleg kvinne var ikkje unikt. Både svigermora og svigerinna gjorde det same. Men livet til Sara var innhaldsrikt og spesielt, og ho var ei driftig dame. Det var lett for Birch å skrive godt og oppdragande lesestoff om henne.