Liv Signe Navarsete. Foto: Senterpartiet

Liv Signe Navarsete. Foto: Senterpartiet. Lisens: Creative Commons Namngjeving-IngenOmarbeiding Creative Commons-lisens

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget. Til samanlikning har meir enn 100 menn frå fylket vore stortingsrepresentantar. Det tok 155 år før ei kvinne frå fylket møtte på Stortinget.

Sp logo
Liv Signe Navarsete (1958-) er fødd i Sogndal.  Ho har budd i Lærdal sidan år 2000. Liv Signe har vore sjølvstendig næringsdrivande på gard, jobba på Nidar Bergene og Sogn og Fjordane Meieri. Liv Signe har vore kommunepolitikar i Sogndal og Lærdal, og også møtt på Fylkestinget. Ho var politisk rådgjevar i Helse- og sosialdepartementet frå 1999 til 2000. Liv Signe har møtt på Stortinget sidan 2001, dei fire fyrste åra som vara. Frå 2005 til 2009 var ho samferdsleminister. Ho har sidan 2009 vore kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg. Liv Signe har vore partileiar for Senterpartiet sidan 2008. Landbruket og matprodusentane er viktige saker for Liv Signe. Ho jobbar for å styrka tollvernet.