Malla Moe. Foto: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Malla Moe. Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

– frå Hafslo til Afrika med misjonskall og kjærleiksbodskap

Petra Malene Moe (1863-1953) vart fødd i Hafslo. Foreldra var haugianarar, og Malla vart omvend då faren døydde i 1880. Då også mora døydde, reiste 19 år gamle Malla og veslesystera Dorte til halvsystera i Chicago. Der kom Malla i kontakt med Skandinavisk Alliansemisjon og vart med i den fyrste misjonærgruppa dei sende til Afrika i 1892.

Misjonær i Swaziland
Malla hadde verken utdanning eller praksis då ho kom til Swaziland. Men ho hadde misjonskall, 14 dagars opplæring og ein sterk vilje. Ho flytte ut til dei innfødde, budde og åt med dei og lærte språket deira. Ho var uvanleg lett på foten og gjekk omkring på vegane og evangeliserte. Ein gong ho kom til ein annan misjonsstasjon, spurde misjonæren om ho hadde gått alle 16 kilometrane.
- Nei, sa Malla, eg har sprunge mykje av vegen og har hatt gleda av å føra 16 sjeler til Kristus!

To feriar på 60 år
I løpet av sine 60 år i Swaziland og Zululand hadde Malla berre to feriar. Dei nytta ho til å reisa rundt i USA og Noreg og forkynna og samla inn pengar til kyrkjer og skular i Swaziland. I USA oppretta ho faste grupper som samla inn pengar til misjonsarbeidet.

Bedehuset på Hafslo
På Hafslo hadde dei ikkje bedehus, men Malla var van med å tigga og fekk broren i Moe til å gje tomt og broren i Tang til å gje tømmer. Med mykje dugnad starta dei bygginga i 1922 og vart ferdige same hausten.

Konge og kvarmann i Evangelievogna
På sine eldre dagar, då Malla ikkje lenger greidde å gå til fots, fekk ho laga seg ei husvogn, som ho reiste rundt i, med seks hjelparar og 16 esel. Her kunne ho bu og frakta alt ho trong, i tillegg til å ta imot gjester og arrangera møte. Sjølv kong Sobuza II av Swaziland og mor hans bøygde kne i evangelievogna!

Aktiv og elska
Malla var aktiv til det siste og fekk bygt heile fem kyrkjer og ein skule i Swaziland etter fylte 70 år. Den gamle, kvite kvinna var høgt elska og vart kalla mor. Ho døydde i 1953, etter 60 års misjonsarbeid. Ho vart gravlagd i Swaziland, og alle dei sørafrikanske stammane deltok i gravferda.

 
Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.