Martha Tynæs med Arbeidarpartiets sentralstyre 1906-1909. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Martha Tynæs med Arbeidarpartiets sentralstyre 1906-1909. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (cc-by-nc-nd)

Martha Tynæs var fødd 5. november 1870 i Florø i Flora kommune. Ho var svært aktiv i arbeidarrørsla, og blei spesielt kjent som ein god talar og agitator. Ho markerte seg ved samlingar i kampen om full røysterett for kvinner, og på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1899 hadde ho eit sterkt innlegg om kvinner og samfunnsdeltaking: «Hvorfor staar kvinderne saa sløve og likegyldig overfor arbeiderbevægelsen og samfundsspørsmaalene?». Martha engasjerte seg også sterkt når det gjaldt barns rettar.

Første kvinne i bystyret

Martha leia Arbeiderpartiets Kvindeforbund, som arbeidde med politiske saker gjennom opplysing, i 15 år, sat i 17 år som einaste kvinne i sentralstyret i partiet, og var blant dei første kvinnelege representantane i Kristiania bystyre frå 1901 til 1919. Frå 1908-1919 sat ho i formannskapet i hovudstaden.

Til val for Stortinget

Historisk er kanskje Martha Tynæs mest kjent for at ho var ein av dei aller første kvinnene i landet som stod på val til Stortinget. Det var i 1909 at ho var kandidat for Arbeidarpartiet i Hammersborg krins i Kristiania. Men Martha vart ikkje valt inn i nasjonalforsamlinga.

Arbeidde for full røysterett

Martha Tynæs. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Martha Tynæs. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Martha Tynæs vart først formann i Arbeiderparties Kvindeforbund i 1904, og frå 1906 blei ho i vervet dei neste fjorten åra. Av dei viktigaste sakene var arbeidet med å sikre kvinnene full røysterett ved stortingsval. Det lukkast, som vi veit, i 1913. I 1921 braut Martha Tynæs med Arbeidarpartiet og gjekk inn i leiinga i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Skrivande

Ho skreiv fleire artiklar i Kvinden, eit månadstidsskrift Arbeiderpartiets Kvindeforbund starta i 1909. Nye barnelover, foreiningar for kvinner i arbeidarrørsla, rekrutteringsarbeid og kommunal stønad til trengande var tema Martha skreiv om i artiklar i dette tidsskriftet.

Arbeidde for barns rettar

Martha Tynæs arbeidde ved byfutkontoret i Kristiania der ho etter kvart fekk stilling som fullmektig. Ho var svært oppteken av sosiale spørsmål, og var sakkunnig for Sosialdepartementet under arbeidet med lover og rettar for barn fødde utanfor ekteskap («Dei Castbergske barnelovene»).

Martha var gift med målaren Lars Tynæs frå Ørskog på Sunnmøre. Dei hadde tre born. Ho døydde i Oslo 8. januar 1930.

Bibliografi

Utval artiklar i tidsskriftet Kvinden (utgitt av Arbeiderpartiets kvinneforbund):

  • Tynæs, Martha. (1910). Bør kvinderne ha eget kvindeforbund.
  • Tynæs, Martha. (1911). Kvindeorganisationer.
  • Tynæs, Martha. (1914). Nye forslag til barnelove.
  • Tynæs, Martha. (1914). Kvindeklinikken og ansættelsen der.
  • Tynæs, Martha. (1915). De nye barnelove.
  • Tynæs, Martha. (1915). Kommunale hjelpekasser.
  • Tynæs, Martha. (1917). Valgbetragtninger.
  • Tynæs, Martha. (1918). Kvindernes Vælgerforening.
  • Tynæs, Martha. (1918). Kvinderne og valget.
  • Tynæs, Martha. (1918). Min agitationsturne.

Kjelder:

Materiale om Martha Tynæs

Lenkjer om Martha Tynæs

Litteratur og kjelder