Magni Øvrebotn. Foto: NRK

Magni Øvrebotn. Foto: NRK

– journalist, NRK-redaktør og målkvinne

Magni Øvrebotten (1954-) er fødd i Botnane, Bremanger. Den profilerte journalisten, NRK-redaktøren og målkvinna er i dag leiar for NRK Nynorsk Mediesenter.  Saman med mannen Åsmund Berthelsen og borna Åshild og Tarjei har ho budd i Naustdal sidan 1982.

Botning og kystkvinne
Magni er eldst i ein syskenflokk på tre og voks opp på gard i den tid det var sjølvsagt at ungane skulle vera med i arbeidet. Ho måtte tidleg stå på eigne bein og ta eigne standpunkt, og alt som 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å gå på framhaldskule. Sjølv om ho seinare har budd mange stader, vil Magni alltid vera kystkvinne og botning i sjela.

Journalist for livet
Alt som 8-åring bestemte ho seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der legendariske Per Håland var redaktør. Det var ingen søndagsskule. I pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det». Magni overlevde.

Nynorsk var sjølvsagt
- I Botnane var nynorsk sjølvsagt då eg vaks opp. Men Besta fortalde at ho måtte skrive dansk på skulen. Det hadde vore forferdeleg, og ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Den uretten må ha sett seg fast i meg. For meg er det utenkjeleg å ikkje bruke nynorsk. Difor har eg teke ein del kampar for å få gjere det, både for eigen og andre sin del, seier Magni.

33 år i NRK
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser. I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Frå 1980 har ho arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør. Sidan 2004 har ho vore leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.

Privilegert
- Eg er privilegert, seier Magni Øvrebotten. – Tenk å ha ein jobb som samlar i seg mest alt det eg brenn for! Her får eg rekruttere unge folk til journalistikken, «halde dei i handa» og vere med og lære dei opp til gode nynorskføredøme i media.

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.