Samarbeidsprosjekt

Prosjektet “Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane” har vore eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan i haust har ei arbeidsgruppe beståande av Anna Jorunn Avdem frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet og Sigrun Espe frå kulturavdelinga jobba med å velje ut og presentere 26 kvinner – ei frå kvar kommune i fylket. Gruppa har hatt god hjelp frå andre tilsette hjå Fylkesarkivet og frå Sunnfjord Museum, Nordfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet.

Økonomi

Prosjektet har fått støtte frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fritt Ord. Institusjonane har brukt eigne ressursar og fylkeskommunen har i tillegg gitt støtte til servering. Difi i Leikanger har også gitt eit bidrag.

Vandreutstilling

Utstillinga på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Utstillinga på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Foto Sigrun Espe/Kulturnett Sogn og Fjordane

Utstillinga er trykt opp i tre eksemplar som kjem til å vandre rundt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det er folkemusea i dei tre regionane som administrerer dei tre eksemplara, så om nokon er interessert i å låne utstillinga er det berre å ta kontakt med eit av musea eller med Kulturnett Sogn og Fjordane. Utstillinga er også ein del av Den kulturelle skulesekken og skular kan få dekka utgifter til transport for å sjå utstillinga ved eit av musea. Les meir på DKS si heimeside.

Jubileumsutstilling

Denne utstillinga er ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett. Men den er også ein del av fylkesjubileet – vi feirar i år at Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år, og denne utstillinga set fokus på kvinnene i fylket. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men kvinnene har utan tvil sett sine spor, og bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og  i det store samfunnsbiletet.

Digital formidling

Alle kvinnene i utstillinga er å finne på nettsida kvinnestemmer.net. Her kan ein også finne fleire bilete, fleire tekstar, kjelder og bakgrunnsstoff, samt lydfiler. Nettsida er utvikla av Mariell Øyre, som også står bak formgjevinga av plakatane. Ved å satse på digital formidling i tillegg til plakatutstillinga håper vi å nå ut til enno fleire med prosjektet. Vi håper også at nettsida kan leve vidare i fleire år og vere ein ressurs for skular og andre som jobbar med kvinnestemmeretten og kvinnehistorie i fylket.

LayarLogoDei som har ein smarttelefon kan også få tilgong til mykje av denne ekstrainformasjonen gjennom mobilapplikasjonen Layar samtidig som ein går rundt og ser på utstillinga.