Profil - St. Sunniva

Sta. Sunniva i alterskapet i Austevoll kyrkje. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen/Kulturhistorisk Museum i Bergen

Legenda fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som midt på 900-talet arva riket etter faren sin. Ho var gudfryktig, og då ein heiden vikinghovding ville gifta seg med henne, flykta ho saman med folket sitt i tre båtar utar årar, ror og segl. Båtane dreiv nordover. Ein av båtane stranda på Kinn og to på Selja. På Selja levde dei til dei urettvist vart skulda for å stela sauer. Håkon Ladejarl sende folk for å drepa dei. Sunniva og fylgjet hennar gjekk inn i ein heller på øya, og bad Gud verna dei ved å la fjellet rasa ned over dei. Dette skjedde, og heidningane måtte reisa att med uforretta sak.

Myta vil ha det til at Olav Tryggvason fann leivningane etter Sunniva i 996. Det såg ut som ho sov, og det lukta søtt av beina. Knoklane vart samla saman, lagde i eit skrin og gøymde på øya. Dei vert tolka som heilage. Det vart reist ei kyrkje på Selja etter bøn frå bispen og råd frå kongen. Sunniva vart vernehelgen for Vestlandet, og Selja vart seinare bispesete for Gulatingsområdet.

Sta. Sunniva er den einaste kvinnelege helgenen, og ein av dei tre viktigaste. Ho var from og vigde livet sitt til Gud, og var såleis Kristi brud. Sta. Sunniva har blitt dyrka over heile landet.