Skulegang og yrkesbakgrunn i borgarlege krinsar

Far til Nikka vart ein halden mann og gjennom kone nummer to kom han inn i kondisjonerte krinsar. 11 år gamal vart unge Nikka send til Fru Lindemanns privatskule, seinare kalla Meyers privatskule, i Davik i Nordfjord. Etter avslutta skulegang arbeidde ho nokre år som guvernante i Florø og Grimstad. I 1856 reiste Nikka til hovudstaden for å opphalde seg på eit “pigeinstitutt”, kanskje ved Eugenias Stiftelsen der hennar gamle lærarinne fru Lindemann var styrar.

Under opphaldet i hovudstaden gjekk ho i pianolære hos Halfdan Kjerulf og studerte språk.  I 1862 kom ho attende til Dale. Nokre få år seinare sette ho på ny kursen mot Christania for meir utdanning. No tok ho lærarinneseminaret ved Nissens Høyere Pikeskole.  Tilbake i Dale starta ho opp pensjonatskulen ho skulle bli kjend for, saman med enkefru Laura de Ferry Nitter.